Gå til innhold

Mobil med merkeleg feil; mine rettigheter?


Rambauti

Anbefalte innlegg

Hei!

 

Kjøpte tidlegare i sommar ein Sony Ericsson J108i utan abonnement hjå Elkjøp.

I byrjinga verka alt fint, men etter ei tid oppdaga eg at to personer i min krets ikkje kunne ringe meg, dei fekk beskjed om at "nummeret ikke var i bruk". Innimellom kunne dei ikkje sende SMS til meg heller. Motsatt var det ingen problem.

Det er vel ingen katastrofe at to personar ikkje kan få tak i meg på mobil, men for alt eg veit kan det jo vere fleire (t.d. jobb-relaterte telefonar eg kan gå glipp av) OG ein ny mobil skal fungere fullt ut.

 

Etter å ha først kontankta operatøren, oppdatert software, nullstilt mobilen og bytta til nytt SIM kort, utan resultat,leverte eg derfor inn telefonen til reparasjon, der eg prøvde å forklare problemet så godt eg kunne.

Ca 3 veker seinare fekk eg telefonen tilbake med melding om at dei ikkje hadde funnet noko feil ved den...

Men problemet var der sjølvsagt enda!

 

Kva rettighetar har eg her? Mobilen blei kjøpt i Juli, slik at ein del tid har allereie gått og det er vanskeleg å bevise feilen, utan å måtte "plage" mine bekjente enda meir.

Kan eg kreve ny telefon eller heve kjøpet under forholda? Eller har Elkjøp kanskje rett til å prøve å reparere telefonen enda ein gong?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

... etter ei tid oppdaga eg at to personer i min krets ikkje kunne ringe meg, dei fekk beskjed om at "nummeret ikke var i bruk". Innimellom kunne dei ikkje sende SMS til meg heller. Motsatt var det ingen problem.

Slik du beskriver det er dette sannsynligvis ikke feil ved din telefon. Det kan være de andres leverandør e.l.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Takk for respons :)

 

Har kontakta min eigen operatør og gjort alt det denne har foreslått utan resultat.

Når det gjeld dei to andre så har dei forskjellige operatørar og dei kunne ringe meg utan problem før eg bytta mobil (snakk om kun dagar i forvegen).

Trur derfor det er stor grunn til å mistenke at det er i mobilen feilen ligger.

Endret av Rambauti
Lenke til kommentar

Trur derfor det er stor grunn til å mistenke at det er i mobilen feilen ligger.

OM feilen skulle være forårsaket av mobiltelefonen, noe jeg ikke tror den er, så må det skyldes en softwarefeil, og skal da i utgangspunktet kunne rettes ved å nullstille telefonen.

 

Men jeg tror uansett at dette er en feil som ligger hos operatøren, som f.eks. med ruting av samtaler. Din telefon sender informasjon til operatøren, og det kan også være feil i hvordan operatøren håndterer denne informasjonen.

Lenke til kommentar

No har eg sjølv nullstilt mobilen, utan resultat og då eg fekk den igjen frå verkstaden hadde den òg blitt nullstilt. Har prøvd å oppdatere mobilens software manuelt via datakabel, men får beskjed om at den er "up to date".

 

Min operatør gav meg fleire forslag, men som sagt ingen løysning der heller.

Men har ALDRI hatt slike problem tidlegare, og når slike "blokkeringar" ikkje var til stades i den gamle mobilen, så må ein jo nesten mistenke at det er i den nye mobilen problemet ligger?

 

Men kan det vere mogleg at det er t.d. feil i oppsettet av mobilen som eg har fått tilsendt frå operatøren (MMS og internett innstillingar), og at dette har påverka andre ting?

Endret av Rambauti
Lenke til kommentar

Men kan det vere mogleg at det er t.d. feil i oppsettet av mobilen som eg har fått tilsendt frå operatøren (MMS og internett innstillingar), og at dette har påverka andre ting?

Nei, det har ingen innvirkning.

 

En ting du kan forsøke, om du har en annen mobiltelefon tilgjengelig, er å:

1. Sett ditt SIM-kort i en annen mobiltelefon, en som ikke er Sony Ericsson, og send en SMS til ditt eget nummer. Vent 10 minutter, med telefonen påslått.

3. Sett SIM-kortet tilbake i din telefon, og send en ny SMS til ditt eget nummer. Vent 10 minutter.

4. Be en av de som har hatt trøbbel med å komme gjennom til deg om å forsøke å ringe deg.

Lenke til kommentar

1-3: Joda, meldingane kom igjennom straks i begge tilfelle.

 

Takk for at du gidder å engasjere deg, men kva skal/kunne dette bevise? :)

 

4: det er litt kjedeleg å stadig måtte plage desse manneskene, som eg trass alt ikkje har mykje med å gjere. Må nok avvente her litt pga tidspunkt (folk er utanlands bla).

Lenke til kommentar

Takk for at du gidder å engasjere deg, men kva skal/kunne dette bevise? :)

Det var en long shot, men tenkte det var verd å teste siden ingenting annet hadde fungert. :-)

 

Når du bruker din telefon så sendes det informasjon om denne og SIM-kortet til operatøren din. Noen ganger kan det oppstå feil, men ved å sette SIM-kortet i en annen telefon, bruke den, og sette det tilbake igjen så tvinger man serverne til operatøren å registrere dette på nytt, slik at feil, eller heng i systemet, da skal kunne bli fjernet/nullstilt.

Lenke til kommentar

Vel, det er/var verdt forsøket :)

 

Ein ting eg har gløymt å nevne, som kanskje kan ha ein viss samanheng her, er at dei gangane mine bekjente ikkje har klart å sende meg SMS (dette har òg blitt blokkert, men ikkje alltid...) så har eg heller ikkje klart å koble mobilen til internett (for å sjekke mailen t.d.).

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...