Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Lakering av bil


halohalo

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Hva vill en hellakering av en Golf koste?

Torer ikkje seia noko presist, har budd for lenge utanfor Noreg til det, men ein stad mellom 15 og 25 av dei største norske setlane, vil eg tru vert OK bod, så lenge med snakkar om lakkering i EIN farge. Legg på 20-25 % om du skal ha metallic lakk + klarlakk, likeeins eit par store setlar om du ikkje fjernar "dill" som gummilister, støytfangarar og anna som ikkje skal lakkerast sjølv før du leverer. Då har eg føresett at du skal ha gjort SKIKKELEG arbeid, og ikkje "garasjesprøyting" som varer tre månader før rusta piplar fram att..

 

Er det billigere og dra til Sverige kanskje?

Ikkje "kanskje", det ER, om du ikkje vel heilt tåpeleg verkstad (dei finn du mest av fyrste to mila frå grensa, for DEI kjenner norske prisar). Lakk og andre råvarer kostar tilnærma det same, her vert det vel kring +/- 100 kr i skilnad, om ein reknar om svenske prisar til norske. Svenske verkstader skriv imdlertid knapt høgare timepristal på si rekning enn norske på si (meir truleg noko lågare) - og det går kring 112 SEK på 100 NOK nett no, så i røynda minst 11-12 % "rabatt" (og gjerne 15-20 % om du leitar litt) på den delen av arbeidet (som utgjer minst like mykje som råvarene). Du har altså gode bensinpengar, kan ein seia, så lenge du ikkje bur ei halv dagsreise eller meir frå svenskegrensa. Og orkar du å ta turen GJENNOM Sverige (til Trelleborg, kring 650 km og dryge 7 timar å køyra frå Svinesund) og vidare til Tyskland, har du minst 25 % "rabatt" på timeprsen, kanskje både 30 % og 35 % (og noko rimelegare råvarer og), men då skal du og sjå føre deg ei ferjerekning til 225-300 EUR (1800-2400 kr) t/r i perioden september-april for ein bil som din, og du bør ha ei viss peiling på tysk. Det vert likevel i praksis "gratistur" til Tyskland, om du har dette og VIL, og ferja Trelleborg-Rostock siglar ca kl 7, kl 15 og kl 22 kvar veg kvar dag. Turen tek 6 timar på dag og 8 timar på natt, lugar kostar 90 EUR og liggjestol 40 EUR på nattseglinga og du tingar plass på 0049-1802-116-699. Du kan gjerne køyra gjennom Danmark på fram, men du får problemer med å kryssa danskegrense på retur når du har gjort arbeid på bil Tyskland (då må du ut med dansk MVA og litt tollhandsamingsgebyr på grensa, og dette får du IKKJE att!)

 

Berre hugs at reklamasjonsreglane i utlandet er noko mindre gunstige for kjøpar enn i Noreg, og at det fylgjer litt "dill" med utanlandsk arbeid: Fyrst må du ut med ei utanlandsk rekning med utanlandsk MVA (19 % i Tyskland, 25 % i Sverige, hugs å få rekning i to eksemplar!) så må du ut med 25 % norsk MVA på heile rekninga på norskegrensa og. Samstundes må du på norskegrensa få rekninga der stempla av både norske og svenske tollarar (same prodsedyren i Tyskland/Sverige og om du kjem derfrå) og returnera henne til verkstaden du nytta. Då kan verkstadn senda deg utanlandsk MVA dei kravde deg for att (-to-tre hundrelappar til banken for overføringa) til bankkontoen om du returnerer henne med det same og gjev SKIKKELEGE opplysningar om bankkonten din (IBAN-nr og fullt namn/full adresse, både til deg og banken).

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...