Garegaupa Skrevet 10. september 2011 Del Skrevet 10. september 2011 Hei! Eg har leita litt rundt for å finne ein høveleg berbar PC som skal brukast både til arbeid og til dataspel. Eg har leita ein del rundt sjølv, men eg har enno til gode å finne ein bra utrusta maskin som samstundes har innebygd støtte for SIM-kort, noko eg svært gjerne kunne tenkt meg å ha. Dei maskinene eg har funne som har støtte for dette har så langt vore små ultraportable maskiner, og det vert litt for snautt for den bruken eg har sett føre meg. (For å ha sagt det så er eg fullt klår over at ein kan kjøpe datakort som ein kan bruke SIM-kort i på dei fleste berbare PC-ar, men eg ynskjer å ha noko som er innebygd så eg slepp å drasse på noko ekstra.) Er det nokon som veit om nokon maskiner av den typen eg ser føre meg? Når det gjeld prisklasse så har eg sett føre meg pluss-minus kr. 10.000,- (men eg kan gå høgare enn dette viss eg finn den ideelle maskina). Eg ser føre meg minimum 15" skjerm, elles vert det for snautt å jobbe på i lengda. Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 13. september 2011 Forfatter Del Skrevet 13. september 2011 Hei igjen! Eg prøvar meg på ein liten oppfølgjar. Er det ingen som har noko å føreslå? Eller er det kanskje ingen maskiner som kombinerer alle dei eigenskapane eg er ute etter her? Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå