Stian-O Skrevet 8. september 2011 Del Skrevet 8. september 2011 Jeg har alltid trodd at Norge IKKE har noen minstelønn. Man kan fritt avtale lønnssatsen og dermed ansette Øst-Europeere til en lønn langt under vanlig norsk nivå. Selvsagt må man oppfylle arbeidsmiljøloven, men denne sier ingen ting om selve lønnen. Men nå kom jeg over denne artikkelen hos VG... Visstnok er minstetariff kr 143, men jeg trodde denne kun gjaldt kun de som tilhører fagforeninger. Lenke til kommentar
Atlanterhavet Skrevet 8. september 2011 Del Skrevet 8. september 2011 Normalt er løn i Noreg ei avtalesak mellom seljar (arbeidstakar) og kjøpar (arbeidsgjevar), og utan nokre offentlege avgrensingar, opp eller ned. Bygningsbransjen (og ein annan og meiner eg), har likevel i dag ei minstelønn når ein importerer arbeidskraft, lik det som til ei kvar tid er fastsett minstetariff for ein organisert norsk bygningsarbeidar. Regelen kom nokolunde samstundes med kravet om ID-kort for alle arbeidarar på byggjeplasser. Det er fullt mogeleg å omgå dette ved å leiga inn sjølvstendig næringsdrivande bygningsarbeidar i staden for å tilsetja dei, men då skal desse og vera REELLE sjølvstendige. I praksis syner denne realiteten seg i bygningsbransjen ved at denne næringsdrivande sjølv held verkty og utstyr (unnateke VELDIG spesielt/dyrt utstyr få næringsdrivande i bransjen vil ha sjølv) og ikkje har noko fastsett dagleg arbeidstid, men ei fastsett leveringstid for eitt stk ferdig arbeid. At denne næringsdrivande og faktisk er registrert i norske registrer som "gjestefirma frå land X som utfører arbeid Y i Noreg i tidsrommet...." har i praksis synt seg å vera godt skilje mellom REELLE næringsdrivande og "næringsdrivande" som i røynda er tilsette, men kamuflerte under anna namn for å ikkje koma under desse reglane om minsteløn. Problemet med å vera næringsdrivande i Noreg, vert nemleg, sett frå polakken si side: Som tilsett i Noreg og med arbeid utført i Noreg, har han/ho ingen plikter andsynes polske styresmakter kva gjeld skatt/trygd, derimot har han/ho plikter andsynes norske (og DEI er ikkje heilt gode å handheva meir når polakken er attende i Polen) og gode rettar hjå NAV etter nokre få veker, nett slik alle andre i Noreg har. Som næringsdrivande registrert i Polen har han/ho plikter til polsk næringsskatt (ofte 7 % eller 11 % av brutto utfakturert, men skifter litt frå stad til stad og bransje til bransje) + plikt til å teikna ymse - ikkje heilt gratis - polske trygdingar kva gjeld åbyrgd/sjukdom//ulykke/pensjon. Dessutan har han/ho då absolutt INGEN rettar hjå norske NAV, han/ho skal nytta dei polske pålagde trygdingane i slike saker. Då må det og krevjast opp polsk "MVA", som kunden må ta seg bryet med å søkja refundert seinare. Og bygningsbransjen er no ein "cowboybransje" som ikkje nett har største kjærleiken til papirer, formalitetar og anna slikt som "øyder tid utan at det vert pengar i kassa av tida"... 1 Lenke til kommentar
Spartapus Skrevet 8. september 2011 Del Skrevet 8. september 2011 Det beste er uansett å gjøre alt svart. Man sparer utrolig mye papirarbeid og kan bli enig om lønn uten innblanding fra noen andre. Du har lite igjen for å være en ærlig næringsdrivende i dette landet. Lenke til kommentar
Atlanterhavet Skrevet 8. september 2011 Del Skrevet 8. september 2011 Det beste er uansett å gjøre alt svart. Man sparer utrolig mye papirarbeid og kan bli enig om lønn uten innblanding fra noen andre. Det har du heilt rett i - om du ynskjer eit samfunn som bryt saman grunna mangel på skatteinntekter. At EIN arbeider svart utløyser ikkje slikt, men når MANGE gjer det vert det eit høgst reelt problem. Trur du meg ikkje her oppmoder eg deg til å reisa litt i Aust-europa, serleg nokre land som har særs lite effektiv handheving av plikter andsynes det offentlege, godt utanfor turistområda. Stader kor du finn beinleides naud (og i slike tilfeller er ikkje skatt det folk flest prioriterer høgast, serleg ikkje når arbeidsgjevar ikkje trekkjer han, du treng kvar "krone" for å skaffa deg mat nok i magen og tak over hovudet, og det offentlege knapt kan handheva AT du faktisk gjer opp den skatterekningen du fekk i posten). Men det var kanskje meininga å snylta på andre? Andre skal sjølvsagt arbeida kvitt og gjera opp sin skatt, slik at du sjølv slepp din, men likevel har eit samfunn som fungerer? Du har lite igjen for å være en ærlig næringsdrivende i dette landet. Her har du ganske mykje rett, diverre, så lenge du tenkjer på "lite økonomisk att". Det har aldri vore dei ærlege som sit att med mest pengar på kort sikt. Slik er det likevel i alle land, Noreg er så visst ikkje unnatak her, korkje eine eller hin vegen. Derimot er det i Noreg ein ikkje heilt liten ukultur på det området at "driv du eiga næring, er du sjølvsagt storkapitalist, og altså kjeltring til du sjølv grundig har prova det motsette". Slikt har lett for å verta sjølvoppfyllande, det vert nett som når nokre born ein gong i ikkje så veldig fjern fortid fekk seg ein god omgang med beltereima på blank bak kvar laurdagskveld, av di "anten HAR du gjort noko gale, eller så KJEM du til å gjera det". Sjølvsagt gjorde slike born noko gale, ofte mykje og. Dei vart jo straffa likevel, og då kunne dei jo sjølvsagt og utnytta gledene som det å gjera noko gale gav her og no, så langt dei berre vann. Du har land i Europa i dag kor ein sjølvstendig næringsdrivande (utan tilsette) faktisk ikkje har rekneskapsplikt i det heile. Lever kopi av alle fakturaane du skriv, og få skatten din utrekna ut frå det, eller lever rekneskap om du sjølv vil (og då etter noko strengare reglar enn i Noreg) og få skatten din utrekna på ein annan måte om du meiner det er mest lønsamt. Valet er ditt, vel sjølv kvart år i desember kva du vil for året etter, har du ikkje gjort eit val då får du val A (ikkje rekneskapsplikt) + ein tusenlapp i ekstraskatt. Du finn og stader i Europa kor ein gjer det så enkelt for sjølvstendige næringsdrivande utan tilsette som: "OK, du vil registrera næring i bransje A, og adresse i by B, seier du?, Ja, det området har X slike næringsdrivande registrete i din bransje pr no, og dei nyttar statistisk omlag Z kr kvar hjå slike sjølvstendige små som deg, så ut frå det skal du yta skatt/MVA på nokolunde Z kr. Vel, frå og med månad ..... i år og ut neste år skal du ut med Z/12 kr i skatt/MVA kvr månad, om du signerer dette papiret og registrerer denne næringsdrifta di. Fram til månad .... slepp du skatt, av di den tida treng du på å byggja deg opp som næringsdrivande og dra ting i gong, men då skal alle rekningar og stemplast med DETTE stemplet (for å hindra at større næringsdrivande kan krevja MVA-frådrag). Me sender deg ei bunke skattefakturaer, ei for kvar månad, så snart registringa di er ferdig, saman med firmaattesten du skal setja opp lett synleg, om politiet tek ein tur innom ein gong. Lukke til med næringa då, vonar det går deg godt og du trivst!" Slike stader som eg nemde ser ein nemlig mest på ein sjølvstendig næringsdrivande,som dannar sin eigen arbeidsplass og greier seg sjølv som eit verdfult tilskot i samfunnsmaskineriet. Ein ser ikke på dei mest som eit problem og mogeleg kjeltring av di han/ho KAN finna på å bryta ein regel i eit særs omfattande regelverk, som ein ofte får kjensle er skrive for at offentleg tilsette skal ha nok å få dagane til å gå med! Når desse har vakse seg store og sterke, tener pengar, dannar selskap og tek til å tilsetja folk, vert det venta at dei har ein viss administrasjon, og DÅ set ein krav omlag som i Noreg. Og norske politikarar lurer på kvifor det er så lite etableringsvilje i Noreg, samanlikna med så mange andre land! Kva med å sjå på vilkåra desse etablerarane lever under samanlikna med andre land? 1 Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå