Bonnskij Skrevet 5. september 2011 Del Skrevet 5. september 2011 Eg var usikker på om eg skulle poste den her i off topic, helse eller vitenskap men eg prøver her sidan det er relativt nytt innan helsevitenskap. Saken er at eg pådro meg ein kneskade for nokre år sidan. Min fantastiske fastlege nekta meg ein operasjon og det blei verre. Ei god stund seinare når eg endeleg fekk operasjon var menisken knust. Kirurgane prøvde å feste den igjen men eitt år seinare feila det og store deler måtte fjernast. Så her sit eg. 21 år med slitasjegikt på frammarsj... Det er begynt å bli verre, med ein brennande følelse i musklar når eg kviler, plutselege smerter i leddet og eg er rimeleg sikker på at det er ein smule misforma i forhald til ledd nummer to no. Eg er lei av å gå ut av legekontoret til almennlegar med ein klapp på skuldra og eit "du slit". Eg har fankern ikkje tenkt la det vere med det og la resten av leddet bli slitt ned til eg ikkje lenger kan leve det livet eg er glad i. Eg har allereie bestemt meg for at eit bionisk bein er betre enn eit som ikkje fungerer. Men eg vil helst prøve andre metodar først. Er det nokon som veit noko om statusen på stamcelleforskning no? Eg har lest fleire raportar om behandling av slitasjegikt som har gitt positivt resultat. Det er kanskje framleis på prøvestadiet men pokker heller. Kva er vel alternativet? Kor burde eg reise for å gjennomgå behandling og kor mykje vil det koste meg? All informasjon mottas med takk. Lenke til kommentar
Malvado Skrevet 5. september 2011 Del Skrevet 5. september 2011 (endret) Nå er jeg litt usikker på detaljene men mener at mannen til søstra mi som bor I madrid , Spania, fikk behandlet den ene skulderen med Stamceller. Han er håndverker og jobber med tunge monteringsjobber og fikk pådratt seg en skulderslitasje pga løftene han gjorde til daglig , per dags dato så skal han være helt fin igjen. Om dette var en prøvebehandling eller om dette er noe som foretas ved slike skader kan jeg ikke svare på , men kan spørre neste gang jeg prater med dem. Edit : Obs, mente selvsagt søstra min der Endret 5. september 2011 av Malvado Lenke til kommentar
Bonnskij Skrevet 5. september 2011 Forfatter Del Skrevet 5. september 2011 Høyrest interesant ut. Vil gjerne høyre meir om det Ser foreløpig på den sida her som eit alternativ. Trur det er 80% av den mediale menisken min som er fjerna. Bør vel prøve å gjere noko med det. Lurer på om eg ville vore i stand til å jobbe i Canada og fly inn og ut av USA for behandling. Som student så er jo økonomien som så. Er det mogleg å få noko som helst slags støtte frå Norge til det her? Anten gjennom forsikring eller anna? Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå