Gå til innhold

Hvilken nettavis er mest objektiv?


-kga-

Anbefalte innlegg

Hvilken nettaviser er mest objektive. Har positive og negative artikler om fler sider en bare en. Minst mulig missvisene skandale og frykt baserte overskrifter som ikke stemmer helt med det faktiske innholdet. osv.

 

Lei av og blant annet kun høre negative ting om den ene parten under en krig. Også lei av overskrifter alla dette, "Virus som infiserer og manipulerer rottehjerner nå også hos mennesker", når dette viruset er noe som har infisert oss i ett ukjent antall generasjoner.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Av dei tilgjengelege på større språk vanleg kjende i Noreg: Utan tvil http://www.faz.net. Ho har ein heller keisam layout, med til dømes like store (små) overskrifter over alt, og ofte med lange artiklar. Her har nemleg framleis redaktøren tillit til at lesarane er i stand til å finna ut sjølv kva som interesserer den einskilde ut frå veldig nøkerne overskrifter, og tillit til at dei framleis dug å lesa meir enn fire liner om det som interesser dei før dei vert leie...

 

FAZ hadde til dømes nokre verkeleg bra analyser i Breivik-saka, ei under overskrifta "Fanatische Fantasy" som handla om Breivik si påståtte "kristenfundamentalisme" slik ho visstnok skulle vera uttrykt i dette "manifestet" hans og ei under overskrifta "Nicht rechts, nicht links, nur böse" som handla om Breivik si påståtte "høgreekstremisme" uttrykt same stad. Glitrande artiklar (som stort sett i FAZ) som burde senda norske journalistar i samla flokk i skammekråa - lenge! Ganske interessant at journalist Bingener (og truleg eit knippe medarbeidarar, FAZ kan dette med systematisk arbeid) greidde å analysera langt djupare her UTAN å vera til stades i Oslo enn norske journalistar som hadde alle foremuner i saka...

 

Nei, FAZ er framleis kva Aftenposten og Morgenbladet enno langt på veg var kring 1970: Ei avis som ikkje undervurderer lesarane sine, og som aukar INNSYNET deira, ikkje uvitskapen deira slik så mange norske anno 2011 gjer. Men slikt krev jo journalistar som har evne til innsyn sjølv då, og ikkje slik Øystein Sunde så treffande skriv om dei norske: "Jeg jobber i avisa her som ny journalist/her kommer løssalget først, og sannheten sist/SMI - mens liket er varmt!" Difor er FAZ-journalistane høgt utdanna fagfolk som OG kan formidla viten godt i skriftleg form, ikkje egosentrerte "bladfykar" som er overtygde om at dei er umissande for verda som journalistar, men godt klar over dei er særs lite etterpurte som arbeidskraft til anna!

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...