Gå til innhold

Nostalgitråd - min første SLR


Anbefalte innlegg

Kjøpte eit brukt Pentax ME Super til 600,- på starten av nittitalet, med ein SMC A 28/2.8 frampå. Modusvelgarhjulet sto fast, så eg fekk dette fiksa for nye 600,-, så eg betalte totalt 1200,- for eit fullt fungerande kamera med ei fin linse. Denne var rett nok litt for vid etter min smak, men fattig student som eg var, så hadde eg ikkje råd (og vett) til noko betre enn ein Pentax A 28-80/3.5-5.6 - utan SMC. Dette har vist seg å vera eit fille-objektiv. Så slarkete at ein kan sjå i søkaren at bildet flyttar seg når ein ruggar på fronten av linsa. Kan vera eit tidleg forsøk på manuell SR, men eg tvilar eigentleg på det. Kjøpte også etter kvart eit Tokina 70-210, men dette har av ein eller annan grunn slutta å fungera. Ein eller annan liten dings ligg laust inni, og blendaroverføringa står bom fast, så det er umuleg å få objektivet på kameraet.

 

--------

 

Eit kamera som eg hadde lest om i eit fotoblad for tjue år sidan dukka då fram i tankane: Pentax LX.

 

Godt at ikkje alle let seg lokke over i den digitale verda!

 

SMC - Super Multi Coating - om eg ikkje huskar feil. Dette blei jo lansert på Pentax sine eigne Takumar-objektiv eingong på 70-talet vil eg tru.

 

Tokina 70-210 mm har eg sjølv, men det treng jo ikkje vere same versjonen. Mitt har fungert prikkfritt og har faktisk brukt det litt på digital-SLR også. Er i grunnen imponert over kor skarpt og godt det er!

 

Og så Pentax LX. Eit herlig kamera og gullversjonen som kom når Pentax hadde produsert 10 millionar SLR var spesiell. 300 slike vart produsert. http://www.mir.com.my/rb/photography/hardwares/classics/pentaxlx/Pentax_LX_Gold/index1.htm

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Godt at ikkje alle let seg lokke over i den digitale verda!

Ja, eg har ein jobb der eg sit mykje med datamaskin, så eg vil helst ha fritidssyslar som ikkje dreiar seg om det same. Har ein ambisjon om ein gong å framkalla sjøl, berre eg får innreia eit mørkerom. Framkalling på PC fristar ikkje.

 

Ein annan ting er at cropkamera ikkje er like gode å fokusera manuelt med som fullformat. Autofokuslinser er dyre i forhold til manuellfokus ditto, så om eg skal gå over til digitalt, så må eg velga enten å slita litt meir med fokusering enn eg allereie gjer, eller å investera store summar i "nye" linser.

Eg hadde kanskje fotografert meir med digitalkamera enn med analogt, men eg er ikkje hundre prosent sikker på det heller, så eg trur det fort hadde blitt ein høg sum å betala for noko som vert lite brukt. Alt i alt, med den tida eg brukar på foto no, så er analogt foto med manuelt kamera ei rimeleg løysing.

 

SMC, ja. Det aukar lysgjennomgangen i kvart linseelement frå 95 % til 99,8 %, så det er eit effektivt belegg. Meir effektivt enn plakk. :) Du kan lesa meir om det her: http://kmp.bdimitrov.de/technology/SMC.html.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...