Gå til innhold

Kjøpe logo-konvolutter


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Av og til når jeg mottar post fra bedrifter komme konvolutten med deres logo på. Det er greit nok å kunne lage selv, men det står også "Porto betalt av Posten" eller noe slik på. Altså ikke noe frimerke. Jeg går ut ifra at disse må kjøpes av posten, men finner ikke ut hvor!! Skal kjøpe i 5000+ klassen til privat foretak.

 

Noen som vet?

 

Takk!

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det merket du tenkjer på (Porto betalt/Port Payé + eit posthorn i ramme + Norge/Noreg) skal berre nyttast om ein anten skal senda "Mengdebrev" (minst 500 like brev med HEILT likt innhald, storleik og vekt levert sortert etter postnummer) eller har gjort avtale med Posten (OK, Bring, det firmaet som no tek seg av kundane med org nr). Prislista for det siste finn du på http://www.bring.no/hele-bring/produkter-og-tjenester/brev-og-utsendelser/_attachment/78144?=true&_ts=12b6714f440, og du må ved kvar levering levera for minst 110 kr + MVA av kvar brevtype (innland A/innland B/utland A/utland B) for å kunne nytta dette.

 

Har du slik avtale (noko Bring GJERNE gjev deg om dei trur du vil nytta tenesta minst tre-fire gangar pr månad og vert funnen å fortena kreditt), kan trykkjeri som har avtale med Bring (kven det er i ditt område får du oversyn over for ditt område når avtale er gjort, ofte er det meir enn eitt) levera deg slike konvoluttar. Minstetinginga er normalt 10000 stk i E 6/5 (vanlege "lange" konvoluttar) med eller utan vindauge eller C5 utan vindauge. Konvoluttane vert trykte anten med "A-merke" eller med "B-merke" + med firmalogo eller ein heilt enkelt påtrykk kor firmanamn/adresse står i "skrivemaskinskrift" (firmalogo kostar kring 1000 kr + MVA ekstra pr konvoluttstorleik, same kor mange du tingar), og du må levera ei "trykkfil" i pdf etter dei spesifikasjonane du får frå trykkeriet av logoen. Mi røynsle er at det arbeidet ikkje nett er vanskeleg om du berre kan LITT om pdf-filer. Prisane er temmeleg same som om du skal ha trykt ein konvolutt i same opplaget og med like mange trykkfargar sjølv (berre ein, svart, er sjølvsagt rimelegast) på trykkeriet, 30-40 kr pr tusen konvoluttar skil.

 

Slik post kan korkje leggjast i postkasse eller leverast på postfillial i butikk, han skal levarest på ein postterminal eller postkontor (og same kontor kvar gong, der du gjer avtale om) og eit "pakkeskjema", som du får tilgjenge til via ei nettside, skal skrivast ut, fyllast ut litt (dato, vekt, storleik på konvoluttane og tal konvoluttar er det viktigaste), stemplast og signerast av han/ho som har fullmakt til det etter Bring sitt arkiv. Sendingane skal liggja same veg og i ein "postbalje" for kvar av dei fire typane (det får du på posten mot eit depositum når avtalen er på plass, seinare berre byter du baljar, ein full inn og ein tom i retur).

 

Konvoluttane kan sjølvsagt og nyttast med frimerke, om berre det/dei er store nok til å dekkja påtrykket 100 %.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...