Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Firmabil og skatt


Jan_Erik

Anbefalte innlegg

Jeg begynner snart på en kveldsskole som ligger rett over 2 mil fra der jeg bor, og ca 1 km fra veien jeg kjører hjem fra jobb. Sånn som skattereglerne er nå må jeg kjøre 2 - 3 mil hjem fra jobb for så å bytte bil og kjøre over 2 mil samme vei for å komme til skolen. er dt noen mulighet for å få noen slags dispensasjon for å få lov å kjøre innom skolen på vei hjem uten å risikere å bli skattet for dette?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

er det ikke mulig og få det til så kveldskolen er i forbindelse med jobb ?

 

rent praktisk vill jeg ikke tro at noen finner ut om du kjørte hjem noen timere senere enn normalt , er ikke akkurat som politiet sjekker bruk av firma biler , og skattetaten er nokk ikke så flink og sjekke km stand opp mot det som burde vært kørt , eller kjørebøker i de tilfeller bedrifter gidder fylle sånt ut .

 

jeg vill ikke hatt noen moralske vonder med og brukt bilen til skolen eller annet privat bruk så lenge jobben ikke har noe mot det .

Lenke til kommentar

Går ut frå du har varebil sidan du kan køyra firmabilen heim utan å få skatt? Svaret er då lett nok: Nei, det finst IKKJE høve til dispensasjon. Bilskattereglane er ekstremt firkanta i Noreg. Køyrer du bilen EIN kilometer EIN dag i noko som kan kallast "privat ærend", har du sjølv prova at denne bilen både er tenleg til privatbruk og står til rådvelde for det, og at du difor skal skattleggjast for å kunna nytta firmabil privat.

 

Hugs ellers: Om du ikkje har "utrykningsvakt" (som er reell!) eller køyrer DIREKTE til kunde og er pålagt det av overordna (noko DU skal prova, ikkje skatteetaten motprova!) er og køyring mellom heim og arbeidsstad skattepliktig køyring "privat ærend" (og EIN slik dag i ein månad er altså nok til å utløysa skattleggjing for månaden!), så lenge du ikkje har varebil tillaga slik at han vert definert som "uhøveleg for privat nytsle" av skatteetaten. Kor vidt arbeidsgjevar har gjeve deg feil opplysningar her har absolutt null å seia for "etterskatting" den dagen firmaet får eit bokettersyn og dette kjem fram. (Derimot kan ei opplysning du kan dokumentare (eller som arbeidsgjevar stadfester er gjeven) ha å seia kor vidt du vert ilangt straffeskatt ovanpå dette om du er ung og/eller lite skulert.) Kor vidt arbeidsgjevar har pålagt deg å ta bilen heim, av di sjefen til dømes tykkjer det er "praktisk", eller "av di me har ikkje parkeringsplass til alle" er HEILT likesælt. Har du bil til rådvelde til privat nytsle (og køyring til/frå arbeid er privat nytsle, så lenge du ikkje har varebil "uhøveleg til privat nytsle", heimevakt som kan krevja utrykning eller køyrer rett til kunde den dagen) så er skatteplikta der med EIN gong. Fullt ut.

 

Norske firmabilskattereglar er som sagt firkanta, og dei gjev absolutt null rom for vurdering. Reglane er SLIK for å unngå privat skattleggjing, og absolutt ALT som bryt med dei reglane utløyser automatisk plikt for skattekontoret å skattleggja, utan å vurdera kor vidt dette er "rimeleg" eller ikkje.

Lenke til kommentar

rent praktisk vill jeg ikke tro at noen finner ut om du kjørte hjem noen timere senere enn normalt , er ikke akkurat som politiet sjekker bruk av firma biler , og skattetaten er nokk ikke så flink og sjekke km stand opp mot det som burde vært kørt , eller kjørebøker i de tilfeller bedrifter gidder fylle sånt ut .

Dette er HØGprioritert område hjå skatteetaten, og slikt vert GRUNDIG sjekka ved bokettersyn - serleg i firma kor det er arbeidsbil(ar) som ikkje vert gjevne opp til skattleggjing (og alle firma har i dag plikt til å føra register for kva bilar dei eig, og kven som nyttar dei utanom arbeidstid, så lenge dei ikkje står på verksemnda sin parkeringsplass då). Her veit eg bilar som har fotograferte utanfor arbeidsplass parkert borte frå verksemnda, og kor bilbrukaren årevis etterpå har fått krav frå skatteetaten: "Bil med reg nr ... stod parkert på .... ....dag ...... (dato og år). Etter firmaarkivet var bilen disponert av deg då. Du har no to veker å dokumentera kva kunde du vitja der, kva jobb du gjorde og kvifor dette ikkje står i timelistene. Er ikkje den dokumentasjonen då motteken, vert du etterlikna for bilbruken i åra frå ...... til ......

 

Alle skattekontor tek stikkprøvar, men det finst skattekontor som heilt medvite samlar slike opplysningar, og kor bilete vert arkivert som "arbeidsreiskap" til det skal gjerast ettersyn ved verksemnda. Då vert og ting som køyrebok (som ein vilkårslaust har plikt til å føre så lenge ein ikkje har bil kontrolløren der og då godtek som "uhøveleg til privat nytsle, eller skattestyresmaktene har gjeve skriftleg godkjenning for nett det tidlegare) sjekka mot til dømes bokførte kostnader for bompengepasseringar. Har du då passert ein bom kl 1712 når du etter timelista slutta på arbeid kl 1630, har du eit forklaringsproblem... Manglar køyreboka, eller er ho mangelfull, har du gjeve fripass til skattestyresmaktene for ei etterlikning. Køyreboka er nemleg DI sak å føra, så lenge du KAN nytta bilen før/etter arbeidstid, og det etter styresmaktene sine krav. Anten arbeidsgjevar pålegg dette eller ikkje.

Lenke til kommentar

hum ikke akkurat det synet jeg sitter med tanke på våre firma biler , men vi har bare en bilpark som fritt disponeres etter behov og ingen som har de fast , vi og en 24T vakttjeneste på jobb hvor disse hovedsaklig bruker disse bilene så det er vell det som er forskellen her .

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...