Gå til innhold

Billig studentmat for en uten fryser?


Anbefalte innlegg

Er nå, som sikkert mange vet student. Og det er vel også videre kjent at studenter spiser. Ergo trenger også jeg mat, i det minste en gang i blant.

 

Har dere noen billige mattips for en uten fryser? Ser at det er en stor tråd angående studentmat, men for det meste går den ut på "Kjøp 400kg kylling, frys den og spis når det passer"

 

Noe som er uaktuelt for meg...

 

Gjerne billig mat, men trenger ikke være super billig. Det viktigste er at den metter, ikke tar alt for lang tid å tilbrede.

 

Selv liker jeg det meste av mat, er ikke spesielt glad i fisk. Men som stundent må man vel sluke noen kameler, og også litt fisk.

 

Selv tenkte jeg på ris, poteter, lasagne, nudler... , og Spaggetthi.

 

Noen andre som har noen gode mattips for en uten fryser? HAr ikke så lyst å dra på butikken hver dag..

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Noen andre som har noen gode mattips for en uten fryser? HAr ikke så lyst å dra på butikken hver dag..

Det er på ingen måte noko grunn til flyga på forretningar dagleg, sjølv om ein er student utan frysar. Hjelpe meg, ein skal då ikkje lengre attende enn til mi eiga studenttid, og det var mindretalet som hadde frysar, utover kanskje noko i kjøleskapet som greidde ein literboks og haldt fire-fem kuldegrader, så ein til dømes kunne frysa isbitar eller halda ein fiskefilet i eteleg stand der ei veke, i staden for to dagar som i kjøleskapet.

 

Egg er ofte billeg mat, samanlikna med næringsverdet (og altså kva det mettar), og mat ein kan laga VELDIG mykje av. Serleg veks utvalet rettar om ein har ein liten steikeomn. Omelett er mest kjent, og kan varierast mest uendeleg kva gjeld fyll. Fyll gjerne og med ei ekstra kokt potet frå i går og restane av grønsakene frå då, og du har fullverdig middag. Eller kva med egg, spekesild og grovt brød. Dei fleste butikkar har glas med (ofte heilt OK) spekesildfilet, laka så dei held seg vekevis i kjøleskap. Fisk opp ein filet eller to frå glaset om morgonen. Legg fileten/filetane i kaldt vatn, tilsett ein skvett skumma mjølk til du kjem heim. Kok to egg, finn fram flatbrød eller rugbrud, ei kald potet (eller kok ei varm) og gjerne litt løk som du skjer i ringar. Kos deg!

 

Kald røykt makrell og eggerøre høver godt saman med flatbrød og kald potet. Røykt makrell får du i ein butikk med OK fiskedisk, og han held seg i både to og tre veker om han ligg kaldt i kjøleskapet, ikkje er pakka inn og er SKIKKELEG røykt, ikkje smurt med røyksyre og kalla "røykt". Han er etter måten dyr pr kg, men og dryg mat. Mykje eggerøre (du får uhorveleg mykje til ein person av tre store eller fire små egg), ein liten bit av røykemakrellen (han er smakssterk mat og du treng ikkje mykje, helst får du vel problem med magen om du et ei halv fiskeside (altså 300-400 g) på ein gong), flatbrød, kald potet og gjerne salat av agurk og surmjølk. Dette er og god påleggsmat og godt som fyll i omelett, saman med til dømes grøn paprika.

 

Å mosa ein boks makrell i tomat, evt blanda med eit par matskeier tomapure (kjøper du glasa, står dei seg eit par veker i kaldt kjøleskap) og slå over pastaen gjev og næringsrik og god mat. Et gjerne saman med nokre båtar hardkokt egg. Ein slik makrellboks er og god mat blanda med 3-4 samanpiska egg og stekt i steikeomn til egga er stive. Set då forma i vatn i steikeomnen (nytta ein anna og større form utanpå), så vert ting endå betre, men steiketida noko lengre. DU kan likevel lesa medan maten gjer seg klar.

 

Sardiner er og ypperleg mat: Ein boks sardiner (tilrår King Oskar, unngå Eldorado!) i olje + tre små egg + tre store matskeier kveitemjøl + litt (heil)mjølk + ein liten knivspiss salt: Pisk egga lett, tilset litt mjølk + olja frå boksen, pisk, tilsett mjølet og spe til dette vert litt tjukk røre. Tilset saltet. Har du tid til å la røra stå eit kvarter medan du gjer noko anna, så gjer det, maten vert betre då. Varm så panna høveleg, ha i ein klatt margarin, legg sardinene i stjernemønster og og tøm røra over. Snu etter nokre minutt (nytta gjerne eit pannelokk) og steik hi sida og nokre minutt. Litt sylta rødbetar til.

 

Kjøp ellers gjerne ei høne om du får tak i det. Dei er oftast LANGT billegare enn ein kylling, men dei krev ein del koketid. Altså. Del denne høna i seks eller åtte bitar, og set henne på kok om morgonen. Slå ned til ein rett før du går, ta henne gjerne og halvt av varmen. Når du kjem finn du mykje godt i gryta. To lår du kan dyppa i piska egg og så i mjøl tilsett litt salt/peppar før du gjev det ein snartur i VARM steikepanne og nyt det samam med potetsalat (gjerne heimelaga, skjer opp poteta frå i går + litt purreløk og bland med surmjølk + litt majones og litt sennep). Eit bryst som vert flottaste sundagsmiddag om du legg det i vatn blanda med ein del eddik (så held det seg betre og) og nyt saman med litt saus (som du lagar av krafta i gryta + litt av eddikvatnet + litt mjøl + litt smør + litt surmjølk eller yoghurt naturell) og eit par sjampingjongar + litt riven gulrot lagt i eddik over natta. Ein del "plukkkjøt" som du blandar saman med den posen med grønsaker som likevel var for stor til middagen dagen før, slår litt surmjølk og dill over og et som salat (både til middag og som pålegg på brød, flott lunsj!). Er det for mykje kjøt, går resten i ei omlett dagen etter.

 

Eller kva med den kjøttdeigpølsa på 400 gram butikken hadde på tilbod til 24,90 denne veka? 1/3 går rett i panna saman med litt smør og ein hakka lauk, vert smuldra med gaffel medan ting steikest, tilsett nokre matskeier tomatpure og ein porsjon nykokt makaroni. 1/3 vert etter maten blanda med litt surmjølk, litt hakka agurk og litt hakka rødbete, før det vart forma til "maxikjøttkake" og steikt på panna. Et henne i overmorgon, saman med poteta du kokte for mykje i morgon, finknust i litt fyldig kvit saus laga av ein kopp mjølk piska saman med eit par skeier mjøl rista saman med litt mjølk og kokt opp, tilset gjerne og ei skei av den halvturka osten i finriven tilstand. Siste tredelen smør du etter maten rett på eit par brødskiver, har på litt salt/peppar, steiker i panne og et som god lunsj dagen etter. Gjerne saman med eit rått egg, om du torer det :). Torer du ikkje, er eit par eggebåtar og absolutt brukbart.

 

Som du ser: Det er VELDIG MYKJE mat som både er billeg, næringsrik, snarlaga og ikkje krev frysar. Å avgrensa til spaghetti, ris, potet og nudlar er eit teikn på dårleg matfantasi :).

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...