Gå til innhold

Dersom vi skulle ha hatt flat skatt i Norge...


Teardrop

Anbefalte innlegg

Dersom vi hadde hatt relativ flat skatt i Norge, dvs. at alle personer betalte samme prosentsats av inntekt og formue i skatt hva hva ville denne satsen ha ligget på, når en går ut ifra at staten skulle hatt samme inntekter, moms og bedriftsbeskatning skulle ha vært det samme?

 

Dersom det skulle ha vært absolutt flat skatt, dvs. alle betaler samme beløp i skatt uavhengig av inntekt og samme forutsetninger som over, hvilket beløp hadde en måttet betale i året?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Nesten så jeg tror at dette ikke stemmer, noen får kontrollere!

Godt du ikkje stola heilt på tala dine. Tek ei eit gale utgangspunkt i eit reknestykke, vert svaret på lett noko originalt. Utgangspunktet her vert skatten vert rekna av - alminneleg inntekt, og då vert reknestykket 60200*100)/233000 = 25,84 % skatt. I tillegg til det kjem folketrygdavgifta, 7,8 % for lønstakarar og 11 % for næringsdrivande. Skulle altså vorte ein flat skatt (+trygdeavgift) på 33,64 % det for ein lønstakar, og 36,84 % for ein næringsdrivande. Heilt klårt høgare enn godt er, etter mitt syn, men høgast i Europa er det slett ikkje. Både Sverige og Danmark har ein gjennomsnittskatte% på over 35, og i Danmark kjem "arbeidsløysekasse" i tillegg (du får ikkje statleg arbeidsløysetrygd i Danmark, og du må lovsett stå i ei arbeidsløysekasse, men kan velja mellom fleire, med noko ulike vilkår og prisar).

 

Skulle skatten vore rekna av BRUTTO inntekt, derimot, ville ein koma til ein sats kring 25 % - folketrygd medrekna - for ein lønstakar, og knapt 30 % for ein næringsdrivande (om han får vanlege rekneskapsfrådrag for reelle utgifter, som no). Noko som grundig motprovar dei som hevdar at "halve løna går i skatt". Tek ein og omsyn til alle avgifter ein skal ut med når ein kjøper varer av ein løn som alt er skatta frå før, MVA til HK-avgift på ein båtmotor, kan det vera rett, ment er slett ikkje slik at kemnaren stikk av med halve løna til folk i inntektsskatt.

 

Og faktisk framstår Noreg litt som mogeleg lågskatteland for ein sjølvstendig næringsdrivande (ENK) om ein samanliknar med land i EU, serleg dei i Nord- og Mellomeuropa. Byråkratiet som fylgjer av å driva noko slikt i Noreg, samanlikna med fleirtalet av EU-landa, derimot.... Kva tid torer Noreg å gjera ei forenkling slik Polen har gjort, og seia: Så lenge brutto sal i "ENK-et" ligg under ein sum som svarar til godt over to gjennomsnittlege årsløner for personar med universitetsutdanning, har du flatt ei skatte- + MVA-plikt på mellom 28 og 38 % (etter bransje du er i) av utfakturert sal, og du får ikkje frådrag for nokon "inngåande avgift", dette er ein nettosum, lett å rekna ut for deg. Du skal dokumentera salet/faktureringa (etter strengare reglar enn i Noreg, med både dato/kl for salet, stempel og underskrift på fakturaen), men rekneskap ellers? Før om du treng og slik du vil, skattestyresmaktene er ikkje interessert i han.

 

Skilnaden ligg i ein grunnleggjande skilnad i HALDNING: I Noreg er ein person som driv eit ENK rekna som potensielt kjeltring av skattestyresmaktene til han (grundig) har prova det motsette, og difor må han haldast under nøye kontroll med DET byråkratiet, for TENK om han haldt 25 kr unna skattleggjing ved ein feil! I Polen, og dei fleste andre land i Europa, er dei rekna som verdifulle for samfunnet, sidan dei lagar sin eigen arbeidsplass, og det skal leggjast best mogeleg til rette for slike - OG om dei ikkje har eit par år utdanning i administrasjon i verktykassa si! Så får heller millimeterrettferda vikja til føremon for ENKLE reglar. Så enkle at ingen byråkrat har fantasi nok til å tenkja dei :).

Lenke til kommentar

Nå synes jeg du overdriver litt Atlanterhavet. Jeg har en kompis som drev et enkeltmannsforetak ved siden av den vanlige jobben sin, og det hørtes ut som han var godt fornøyd med ordningen.

Med skattenivået eller med byråkratiet? Skattenivået er, som eg nemnde, uproblematisk og ikkje verre enn ellers, byråkratiet veit eg derimot har teke livet av meir enn eitt norsk ENK. Men sjølvsagt vil du finna nøgde og. Nøgde, inntil dei oppdagar koss ting KAN gjerast enklare i alle høve...

Lenke til kommentar

Nå synes jeg du overdriver litt Atlanterhavet. Jeg har en kompis som drev et enkeltmannsforetak ved siden av den vanlige jobben sin, og det hørtes ut som han var godt fornøyd med ordningen.

Med skattenivået eller med byråkratiet? Skattenivået er, som eg nemnde, uproblematisk og ikkje verre enn ellers, byråkratiet veit eg derimot har teke livet av meir enn eitt norsk ENK. Men sjølvsagt vil du finna nøgde og. Nøgde, inntil dei oppdagar koss ting KAN gjerast enklare i alle høve...

Med tanke på at kompisen min sitt ENK hadde en omsetning på kanskje 60-70k i året, så kan det ikke være så mye byråkrati å snakke om - eller dyrt å få noen til å ta regnskapet for deg.

Lenke til kommentar

Med tanke på at kompisen min sitt ENK hadde en omsetning på kanskje 60-70k i året, så kan det ikke være så mye byråkrati å snakke om - eller dyrt å få noen til å ta regnskapet for deg.

Det får verta opp til han å avgjera, men mitt poeng var: Kvifor skal eit slikt selskap I DET HEILE ha rekneskapsplikt og andre offentlege plikter. utover å betala ein % av salet i skatt/avgift?

 

Då trur eg ellers eg vil setja punktum for vidare diskusjon for eigen del om dette emnet - rett og slett av di det er eitt stykke mellom TS sitt spørsmål og denne problemstillinga.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...