Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Kiwi Salterød, Utestengt fra butikken


piratentim

Anbefalte innlegg

Har med interesse lese gjennom tråden, utan å studera alle innlegg nøye.

 

Etter mitt syn vert det feil å ukritisk konkludera med at "butikksjefen kan sjølvsagt utestengja, for det er jo hans butikk", og det vert og feil å samanlikna dette med at ein sjølv avgjer kven ein gjev tilgang til huset sitt. I motsetning til eit privathus er nemleg ein butikk ein stad open for ålmenta, og det å nekta nokon tilgjenge her utan ein sakleg grunn kan difor rammast av mellom anna marknadsføringslova sine fråsegner om villeiing. Det vil nok vera butikksjefen som har fyrste ordet i ei slik sak, men om han vil få siste ordet og, om kunden reiser sak, er eg slett ikkje så viss på. Men no har vel kundar ikkje for vane å reisa sak om slikt då, for det er butikkar nok, og dei fleste likar kundar...

 

Ellers er det slett ikkje slik at det "sjølvsagt er butikksjefen sin butikk". Mange (flertalet?) KIWI-butikkar har ikkje ein EIGAR, men ein STYRAR som butikksjef. Butikken er EIGD av KIWI sjølv, men butikksjefen driv han "som sin", og har provisjon av salet, ikkje vanleg time- eller månadsløn, og han er kanskje og litt medeigar. Då er dette slett ikkje ein sak for butikksjefen sjølv å avgjera, men det er jo langt lettare å lata som om det er det og vona kunden ikkje kjenner regelverket, enn å ta slikt opp med styret/sentralleiing, som jo og då kunne finna på å stilla spørsmålet om det var STYRAREN det var noko problem med, som kom i slike situasjonar.

 

Saka er og slik at dersom det ER butikkeigaren sin butikk, så har denne butikken gjort ein franchiseavtale med KIWI. Det er DIFOR han butikken er kjend som til dømes KIWI Saltrød og ikkje til dømes Saltrød Mat AS, som godt kan vera det namnet du finn han på i Føretaktregisteret. Ein slik franchiseavtale gjev butikken både rettar (nytta KIWI-namnet, få kjøpa KIWI-innreiing, få rekneskapen ført av KIWI, vera ein del av KIWI si marknadsføring, få varer levert til KIWI sine vilkår, osb osb) og pliktar (måtte nytta KIWI-innreiing, måtte få rekneskapen ført hjå KIWI, måtte selja til KIWI-prisar, måtte gje kundane slik garanti KIWI har fastsett (til dømes dato-garantien) osb osb). Som ein lett ser, kva gjeld datogarantien kan godt butikksjefen sjølv og KIWI sentralt ha motstridande interesser i saka: KIWI sentralt ynskjer kundar som "støvsuger" KIWI-butikkane for varer utgått på dato, av di det gjev KIWI-kjeda generelt eit betre rykte når slike varer ikkje finst, og av di det er positivt for maknadsføringa når ein kan omtala kundar som gjer ein god "støvsugarjobb" (og nett difor har og KIWI linka til ei slik sak på heimesida si). For ein butikksjef som gjer mindre godt arbeid på dette området, slik at kundar FINN varer utgått på dato hjå han, er derimot slikt negativt, ikkje positivt, av di det går utover lønsemda til butikken hans. Slike butikksjefar ynskjer heile løftet der pepparen gror, og dei hadde så gjerne fjerna det tvert sjølv, om dei hadde lov. Då er det sjølvsagt ynskjeleg for HAN å halda slike "datostøvsugarar" borte, utan at KIWI sentralt på nokon måte vil vera samd i at det er ynskjeleg! Eit par slike saker på bordet hjå KIWI sentralt kan tvert imot lett få leiinga der til å stilla seg spørsmålet: "ER no NN rette til å ha franchise-avtale for Kiwi på ein stad (td Saltrød), eller burde me prøva å få ein annan butikk til det og så seia opp heile avtalen med NN?"

 

Difor, TS: Ikkje nøl i det heile med å klaga denne butikken inn for KIWI (Norgesgruppen) sentralt! Ei skriftleg, sakleg og signert klage på ein franchisebutikk, utan ukvemsord og "skikkeleg" skrive, tek alltid alltid ein franchisegjevar alvorleg. Kiwi og. Så skriv i vei, og send gjerne ei klage frå deg (underskriven av foreldra dine OG når du er under 18!) for det DU mislikar, og ei klage frå far din for det HAN mislikar.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ja, med mindre du spør han om lov og han sier ja.

 

Trenger vel ikke spørre om lov engang, bare gjøre han oppmerksom på at kameraet filmer først.

Du kan så gjerne filma, men gjer du filmen offentleg tilgjengeleg, er det DU som må prova at denne filmen er offentleggjort av di han har ÅLMENTA si interesse, ikkje er å oppfatta som nokon form for "hevn" frå DEG (andsverkslova §45c, praktisk konsekvens), ellers kan du dømmast sjølv for brot på lova.

Lenke til kommentar

Har med interesse lese gjennom tråden, utan å studera alle innlegg nøye.

 

Etter mitt syn vert det feil å ukritisk konkludera med at "butikksjefen kan sjølvsagt utestengja, for det er jo hans butikk", og det vert og feil å samanlikna dette med at ein sjølv avgjer kven ein gjev tilgang til huset sitt. I motsetning til eit privathus er nemleg ein butikk ein stad open for ålmenta, og det å nekta nokon tilgjenge her utan ein sakleg grunn kan difor rammast av mellom anna marknadsføringslova sine fråsegner om villeiing. Det vil nok vera butikksjefen som har fyrste ordet i ei slik sak, men om han vil få siste ordet og, om kunden reiser sak, er eg slett ikkje så viss på. Men no har vel kundar ikkje for vane å reisa sak om slikt då, for det er butikkar nok, og dei fleste likar kundar...

 

Ellers er det slett ikkje slik at det "sjølvsagt er butikksjefen sin butikk". Mange (flertalet?) KIWI-butikkar har ikkje ein EIGAR, men ein STYRAR som butikksjef. Butikken er EIGD av KIWI sjølv, men butikksjefen driv han "som sin", og har provisjon av salet, ikkje vanleg time- eller månadsløn, og han er kanskje og litt medeigar. Då er dette slett ikkje ein sak for butikksjefen sjølv å avgjera, men det er jo langt lettare å lata som om det er det og vona kunden ikkje kjenner regelverket, enn å ta slikt opp med styret/sentralleiing, som jo og då kunne finna på å stilla spørsmålet om det var STYRAREN det var noko problem med, som kom i slike situasjonar.

 

Saka er og slik at dersom det ER butikkeigaren sin butikk, så har denne butikken gjort ein franchiseavtale med KIWI. Det er DIFOR han butikken er kjend som til dømes KIWI Saltrød og ikkje til dømes Saltrød Mat AS, som godt kan vera det namnet du finn han på i Føretaktregisteret. Ein slik franchiseavtale gjev butikken både rettar (nytta KIWI-namnet, få kjøpa KIWI-innreiing, få rekneskapen ført av KIWI, vera ein del av KIWI si marknadsføring, få varer levert til KIWI sine vilkår, osb osb) og pliktar (måtte nytta KIWI-innreiing, måtte få rekneskapen ført hjå KIWI, måtte selja til KIWI-prisar, måtte gje kundane slik garanti KIWI har fastsett (til dømes dato-garantien) osb osb). Som ein lett ser, kva gjeld datogarantien kan godt butikksjefen sjølv og KIWI sentralt ha motstridande interesser i saka: KIWI sentralt ynskjer kundar som "støvsuger" KIWI-butikkane for varer utgått på dato, av di det gjev KIWI-kjeda generelt eit betre rykte når slike varer ikkje finst, og av di det er positivt for maknadsføringa når ein kan omtala kundar som gjer ein god "støvsugarjobb" (og nett difor har og KIWI linka til ei slik sak på heimesida si). For ein butikksjef som gjer mindre godt arbeid på dette området, slik at kundar FINN varer utgått på dato hjå han, er derimot slikt negativt, ikkje positivt, av di det går utover lønsemda til butikken hans. Slike butikksjefar ynskjer heile løftet der pepparen gror, og dei hadde så gjerne fjerna det tvert sjølv, om dei hadde lov. Då er det sjølvsagt ynskjeleg for HAN å halda slike "datostøvsugarar" borte, utan at KIWI sentralt på nokon måte vil vera samd i at det er ynskjeleg! Eit par slike saker på bordet hjå KIWI sentralt kan tvert imot lett få leiinga der til å stilla seg spørsmålet: "ER no NN rette til å ha franchise-avtale for Kiwi på ein stad (td Saltrød), eller burde me prøva å få ein annan butikk til det og så seia opp heile avtalen med NN?"

 

Difor, TS: Ikkje nøl i det heile med å klaga denne butikken inn for KIWI (Norgesgruppen) sentralt! Ei skriftleg, sakleg og signert klage på ein franchisebutikk, utan ukvemsord og "skikkeleg" skrive, tek alltid alltid ein franchisegjevar alvorleg. Kiwi og. Så skriv i vei, og send gjerne ei klage frå deg (underskriven av foreldra dine OG når du er under 18!) for det DU mislikar, og ei klage frå far din for det HAN mislikar.

 

 

Tusen takk for en fin kommentar om saken. Dette var veldig bra skrevet og jeg vurderer nå å faktisk sende inn en klage... :)

Lenke til kommentar

Er ikke dette et tilfelle av diskriminering hvor butikkeieren lar det gå ut hele familien til en person (faren til TS)?

 

Rask quote:

§ 4. Forbud mot diskriminering

 

Direkte og indirekte diskriminering på grunn av etnisitet, nasjonal opprinnelse, avstamning, hudfarge, språk, religion eller livssyn er forbudt.

Endret av Svedge
Lenke til kommentar
  • 2 måneder senere...

Er ikke dette et tilfelle av diskriminering hvor butikkeieren lar det gå ut hele familien til en person (faren til TS)?

 

Rask quote:

§ 4. Forbud mot diskriminering

 

Direkte og indirekte diskriminering på grunn av etnisitet, nasjonal opprinnelse, avstamning, hudfarge, språk, religion eller livssyn er forbudt.

 

(Svarer lenge etterpå, hadde helt glemt saken)

 

Ja, det har jeg også faktisk tenkt på...

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...