Gå til innhold

Båtførerprøven!


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Hallo, jeg planlegger å ta båtfører prøven i nærmeste framtid.

Hvilke spørsmål kan jeg forvente meg? Er det noe spesielt jeg MÅ kunne? Hvor mange spørsmål er det i eksamen?

Kjenner ikkje båtførarprøva no - det er mange, mange år sidan eg tok henne. Tak svaret ut frå det. Det du treng vita er likevel det same: Du skal kunna "sjøen sine trafikkreglar" (tidlegare kalla "styringsplakaten", veit ikkje om ordet vert nytta meir. Kunna reglane teoretisk, så du presist - gjerne ordrett, men ikkje avgjerande - kan gjengje dei, og (viktigare) kunne dei praktisk, så du kan nytta dei på ulike case og fortelja kva båt som har vikeplikt og kva som har rett til å sigla fyrst. Du skal kunna nytta eit draft og eit (skips)kompass. Du skal kunna sjøen sine trafikkskilt - sjømerka - og fortelja presis kva dei tyder, men (viktigare) kunne setja ein kurs ut frå dei. Du skal kunna lanterneføring, vita kva båt som fører kva type lanterner og ut frå biletet av "nokre lysande prikkar" fortelja kva båt du her ser, kva retning denne siglar og kva du må taka omsyn til ved eiga sigling. Du skal kunna signal- og signalflaggregler på sjøen, og kunna lese ei rad signalflagg. Du skal kunna ein (heil) del om tryggleiksutrustning på båtane - kva ulike båtar skal ha og koss utstyret skal nyttast, likeeins skal du ha ein del "brannkunne" knytt til båt. Du skal kunna ein del om vedlikehald og ha ein del "båtmiljøkunne" (støy, til dømes). Du skal kunna ein (god) del om rett fortøying. Du skal kunna ein (god) del om assistanse, slep, naudsituasjonar og liknande. Du skal kunna lesa eit fyrlykt. Du skal kunna stikka ein kurs og taka omsyn til avdrift. Du skal praktisk kunna nytta draft og kompass. Du skal kunna rekna ut din eigen fart og kurs. Du skal kjenna sjøen sine reglar om mobiltelefon, walkie-talkie og VHF (noko avgrensa). Då skulle eg ha fått med meg det meste, trur eg, men noko er sikkert gløymt.

 

Kort sagt: Du skal kunna kva kystfolk, vant til nytta båt frå dei er så store dei kan halda eit par årar på fornuftig vis, kan når dei er i 12-13-14årsalderen, om dei er minst normalt vakne. For slike er det heller ikkje vidare vanskeleg å ta båtførarprøva (unntake kanskje nokre reknestykke knytt til fart og avdrift om ein ikkje er så skarp i matematikk) og ein les ikkje stort. For folk med meir teoretisk tilnærming til båt frå før skal prøva visstnok ikkje vera så heilt lett har eg høyrt, og ho krev ein del lesing.

Lenke til kommentar
  • 1 år senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...