Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

Ingen bilde/signal til skjermen


Anbefalte innlegg

Kom heim frå fire vekers ferie i dag, og skrudde på PCen som har vore skrudd av like lenge. PCen starta opp, men eg får ikkje noko bilete/signal på skjermen, verken BIOS/POST eller OS. Alt anna ser ut til å fungere, eg kan nemleg kjøre RDP mot den når den er ferdig boota. I Device Manager glimrar derimot skjermkortet med sitt fråver. Kortet er forøvrig eit Asus Radeon HD 6850 DirectCU.

 

Eg har prøvd å ta ut kortet (støvsugde det kjapt i same slengen, men det var lite støv på det) og sette det i igjen så eg var sikker på at det satt skikkeleg. Eg dobbeltsjekka også at begge straumkablane satt skikkeleg i. Resultatet var det same. Maskina startar, men utan noko signal til skjermen.

 

Eg har prøvd begge DVI-portane, same problemet. I den forbindelse dukka det også opp noko anna merkeleg: når eg kopla frå DVI-kabelen medan maskina køyrde gjekk plutseleg vifta på skjermkortet på 100%. Sjølv om eg sette kabelen i igjen gjekk vifta for fullt og eg måtte reboote for at den skulle gå tilbake til normal hastighet.

 

Har nokon gode tips til kva som kan vere problemet?

 

Eg mistenker sjølvsagt skjermkortet og har planar om å få teste det i ein anna maskin, men har ikkje muligheten for det enda. Eg har også eit gamalt skjermkort eg brukte tidlegare (8800GTS) eg kan teste med, men det kan ta litt tid å leite fram etter å nyleg ha flytta...

 

Maskina fungerte heilt fint før ferien og sidan maskina ikkje var kopla til straumnettet medan eg var vekke er det særdeles lite sannsynleg at lynnedslag er skuld i dette :-)

 

Edit: Posta dette her sidan eg enda ikkje veit om det er skjermkortet eller hovedkortet (eller noko heilt anna) som er problemet. Ein moderator må gjerne flytte tråden om den passar betre i ein anna kategori.

Endret av Einride
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Som nevnt, ledningen var nappa ut og PCen dermed ikkje tilkopla straumnettet i denne perioden, så lynnedslag er ekstremt lite sannsynlig :-)

 

Leita fram det gamle 8800Gts-kortet og det fungerer fint, så ser ut til at det er skjermkortet, ja. Var no som f... at eit 5 mnd gammalt kort skal gi seg allerede, men får kontakte webshopen eg kjøpte det hos og håpe på ei snarlig løysing.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...