TRS Skrevet 9. juli 2011 Del Skrevet 9. juli 2011 (endret) Hei. Har 2 tomter som går i arv mellom 2 søsken, 1 tomt hver. (jeg er tredjepart og bare undersøker litt for en av dem) Det er broren av de 2 (1 man og 1 dame) som skal sende inn skjøtet til tinglysing. Begge tomtene står i broren sitt navn, men den ene skal over på søsteren da den er testamentert til henne. Søsteren er ikke interessert i tomten og vurderer å selge, og da har broren lagt inn følgende og ikke mer, i seksjon 6 Særskilte Avtaler: "_navn_ forbeholder seg forkjøpsrett av eiendommen ved videresalg." Er det da slik at om søsteren velger å selge sin tomt og får et bud på, la oss si 500000, så må broren matche dette budet for å få tomten?, og om han da ikke matcher så faller forkjøpsretten bort. Edit: Rettet litt på hva som var skrevet i Seksjon 6. Endret 9. juli 2011 av Antagonized Lenke til kommentar
Atlanterhavet Skrevet 9. juli 2011 Del Skrevet 9. juli 2011 Eit slikt vilkår du siterer, TS, utan noko meir, er veldig uklårt, og vert i praksis lett advokat- og domstolmat. Sjølv vil eg seia at før tomta då i det heile teke kan lysast ut for sal, må det skaffast ein takst på ein måte båe er samnde om, og til den taksten har broren forkjøpsrett - utan å lysa ut tomta for bod i det heile. Fyrst når han takkar nei til forkjøpsretten etter den taksten har systera fridom til å i det heile by ut eigedommen på open marknad. Du vil garantert finna nokon som ser annleis på saka - og så var striden om dette i gang. Vilkåret bør presiserast langt tydelegare, til dømes: "NN tingar seg rett til kjøp av eigedom med gnr XX, bnr YY til ein pris fastsett slik og slik innan tre veker frå tilbod om dette før eigedommen kan leggjast ut for sal til andre" eller "NN tingar seg rett til ved evt framtidig sal av eigedom med gnr XX, bnr YY" å tre inn i høgaste bod ved skriftleg melding innan tre veker frå han skriftleg vert gjort kjent med dette." Lenke til kommentar
krikkert Skrevet 9. juli 2011 Del Skrevet 9. juli 2011 Det er veldig uklart, men vil bli regulert av lov om løysingsrettar dersom ikke annet er avtalt. Hvis ikke annet er avtalt gjelder løysingslova § 11, om at salg av eiendom utløser forkjøpsrett når salget er avtalt. Forkjøpsretten kan gjøres gjeldende innen seks måneder fra dette tidspunkt (eller seks måneder fra den berettigede burde fått kunnskap om salget), jfr. § 12 første ledd. Forkjøpsprisen fastsettes etter "vanleg pris" med mindre det er grunnlag for noe annet, jfr. § 19 første og annet ledd. Det Atlanterhavet beskriver er prosessen som foregår ved "forhåndstilbud" etter § 10. Hvis forhåndstilbudet aksepteres skal eiendommen selges på de vilkår. Hvis forhåndstilbudet avslås kan man fritt selge eiendommen på samme eller dårligere vilkår innen to år. Ved slikt salg kan man ikke erklære forkjøpsrett. Lenke til kommentar
Atlanterhavet Skrevet 9. juli 2011 Del Skrevet 9. juli 2011 Eg er ikkje usamd med det du skriv, krikkert, men det som vert litt - eller helst mykje - av poenget her etter mitt syn: Lova kan avvikast ved avtale, etter det vanlege prinsipp for fråvikjeleg lov: Avtale før lov. Her vert det i praksis SÆRS fort advokatmat og domsstolmat om part A meinar "dette må sjølvsagt tolkast slik" og part B meiner "nei, eg meinte slett ikkje dette slik, men soleis - og det må då alle vituge skjøna, sjølv du". Når ein så uklårt formulert vilkår skal tolkast den dagen det gjeld og ein TRENG avtala i det heile vert i praksis løysingsrettslova si "normalordning" heller lite å byggja på. Ikkje før ein dommar til slutt skjer gjennom og konkluderer nokolunde: "Dette er SÅ grenselaus uklår avtale og synspunkta dykkar på koss ho skulle tolkast SÅ sprikande og lite lite å byggja på, sidan de heller ikkje ikkje har ført andre prov enn det syltynne "eg meiner at". Altså må eg berre skjera gjennom og seia at det knapt har vorte AVTALA anna her enn AT det skal vera ein løysingrett - og han skal då vera etter lova sitt mønster, sidan det no eingong ikkje finst anna og betre å byggja på." Etterpå kan ein ta striden om kva som er "vanleg pris" på ein eigedom som ikkje har vore omsett, med anke og overanke av skjønn for prissetjinga og kor vidt dette er "vanleg pris" eller dei som gjorde skjønnet gjekk utover kva dei hadde mynde til. Så toppar me saka med at partane i alle høve er samde om at dei var samde om at retten til utløysing ikkje skulle vera slik lova legg opp til, ein rett som skulle krevjast ETTER at eit sal hadde funne stad - og kanskje med ein kjøpar som har ei høne å plukka med seljar og. Og gryta med advokatmat vert berre større og større, og motviljen bror og syster mellom berre djupare og djupare. Nei, FÅ KLÅR AVTALE i slike saker! Mykje betre med ein gjennomgang saman av avtalen hjå ein advokat no, med tanke på å få han klår og grei enn krigen som i praksis oppstår den dagen systera vil selja! Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå