Gå til innhold

Kan jeg få en sjekk istedenfor penger fra banken?


jeeee

Anbefalte innlegg

Jeg trenger å ta ut en stor sum penger fra banken. Men kan jeg heller få det som en sjekk da? Kan jeg få en sjekk på f eks 100 000 kroner? Hvordan funker dette med sjekk? Hvordan innløser jeg sjekken? Må jeg i banken for å gjøre det senere da? Eller går det an å sette inn sjekken på kontoen min, så jeg får de pengene på kontoen min igjen?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det du då gjer er å tinga ei bankremisse (og kalla banksjekk, av di ho liknar veldig på ein sjekk, men bankremisse er rett namn, av di det ikkje er sjekklova, men andre lovar som gjeld for henne). Dei fleste bankar har i dag gebyr for dette, 50-100 kr, og du må oftast tinga ei slik remisse to dagar før ho skal hentast, ved å møta opp sjølv og signera tinginga.

 

No vil eg jo seia at det verkar heller merkeleg då å ta ut pengane frå ein konto for så - heilt medvite - å avslutta med å setja dei inn att på same kontoen seinare, men du om det. Vil berre minna om at dersom prøver å løyna nokre pengar for styresmaktene på den måten, så får altså dei kopi ikkje berre av saldo, og men og kva som har skjedd av innskot/uttak. Vert du då teken i å ha lagt pengene på kistebotnen i form av ein sjekk veit dei om det med det same. og det er å rekna "bedragersk virksomhet" etter straffelova om du har gjort det for å oppnå ei vinning for deg sjølv eller andre. Men for å gå attende til det praktiske: Er remissa skriven til deg, leverer du henne att til banken som pengar, etter å ha skrive på baksida (i den enden kor summen står med bokstavar og "på tvers"): Til bank/inn konto xxxxxxxxxxx/dato/signatur. Einaste praktiske skikje er at det tek ein bankdag lengre tid før ho står til rådvelde på kontoen din etter innskotet enn om om du hadde kome med setlar og mynt.

 

Eit praktisk råd om dette gjeld til det kor remissa vert mest nytta, kjøp av bil/båt. Då er det lurt å få henne skriven til deg, men ikkje få henne "kryssa" (altså at banken slår eit stempel med to parallelle strek over framsida, det har med sikring mot misbruk å gjera om ho skal sendast). Ei ukryssa remisse kan du nemleg "transportera" til ein annan og det gjer du ved skriva på baksida (i den enden kor summen står med bokstavar og "på tvers"): Transporteres/[namn/adresse på den som skal overta henne]/dato/underskift. Ved ei slik påskrift har ho fått ny eigar, til dømes staden kor du til slutt KJØPTE bilen/båten du såg etter fleire stader.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...