Gå til innhold

Påleggstrekk og bidragstrekk


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Påleggstrekk kan ein verta pålagd ved to høve: 1) Ein skuldar gamal skatt (normal restskatt, men kan og vera anna) som ikkje er gjort opp. 2) Ein skuldar ein sum ein person har fått dom for er rett krav, men korkje fått godviljug elelr greidd å fått inndrive ved utpanting - av di skuldnaren ikkje eig noko som kan pantast ut og seljast på tvangsauksjon - og difor har fått rettsleg kjenning for rett til å krevja inn som trekk i løn med ein viss sum pr månad til skuld og renter er oppgjort. Påleggstrekk vert normalt administrert av SI (Statens Innkrevingssentral), men treng formelt ikkje vera administrert av dei (derimot er det veldig praktisk for den som har noko til gode). Det finst regelverk for kort påleggstrekket/-trekka i alt kan vera pr månad, av di ein som skuldar pengar både her og der skal etter norsk lov ha nok att av løna si til heilt naudsynte ting for å overleva. (Difor kan ein heller ikkje i Noreg - som i visse andre land - panta hjå ein mann og selja på tvangsauksjon "seng og skjorte", ein har lovgrenser for kva som kan pantast og kva som ikkje kan det.)

 

Bidragstrekk er trekk ein vert ilagt av di ein er forelder til eit born ein har oppfostringsplikt for etter barnelova, men ikkje bur saman med barnet/hin forelderen og difor bidreg økonomisk i kvardagen. Slikt trekk er det ikkje automatikk i, ein kan ordna dette privat, så lenge båe foreldra er samnde om det.

Endret av Atlanterhavet
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...