Gå til innhold

Hvordan er toll- og momsreglene i Tyskland?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Omgrepet "gåve" finst i dag ikkje kva gjeld tysk toll og UST (MVA). Er vara brukt og det ikkje er heilt openberrt, er det di sak som sendar å gjera opp vanleg UST, evt prova at du har gjort opp UST for vara til eit anna EU-(ikkje EØS!) siste 28 dagar + deklarera leveringa som "ikkje-kommersiell" med å leggja ved stadfesting for at du ikkje er registrert som næringsdrivande/leiar av næringsdrift i ditt hiemland.

 

Er vara ny og det ikkje ligg ved dokumentasjon for "formomsing" av henne i anna EU-land, skal det reknast UST - vilkårslaust. Er vara brukt, skal det og gjerast opp UST når ho kjem frå eit ikkje-EU-land, då etter noko mildare "brukt-UST-reglar".

 

Ordnar ikkje du desse pliktene, hamnar vara på lager (mottakar vert ikkje varsla - det er di sak). Der vert ho liggjande ei viss tid i påvente av at mottakar skal ordna dette + litt lagerleige (ein liten EUR pr dag for småting), evt at ein tysk speditør ordnar dette for kjøpar si rekning. Etterpå vert ho selt på auksjon for å dekkja lagerleige. Som sendar har du i prinsipp åbyrgd for å dekkja lagerleige som ikkje vert dekka ved salet, men i praksis vert ikkje åbyrgda handheva for småpakkar som "truleg" er frå ikkje-næringsdrivande - før neste gong du sender ei vare du ikkje har "formomsa" og det vert oppdaga at du har "gamle synder" du ikkje har ordna opp i. Då vert denne konfiskert med det same og selt på auksjon. Det same om det (mindre trulege) skulle henda at du sjøv passerer tyskegrensa, vert stoppa i tollen og tollen finn ut at du skuldar UST. Sidan toll og skatt er 95 % "to liv" er det så visst ikkje automatikk i at slikt vert oppdaga, men vert det oppdaga får du brått ein rekning til oppgjer før du får passet att.

 

Alt du kan ynskja deg å vita om toll, og truleg litt til, finn du her: http://www.zoll.de/e0_downloads/a1_vorschriften/index.html. Sjå menyen til høgre.

Lenke til kommentar

Jeg fikk ikke linken din til å virke, men jeg tok en tur innom zoll.de.

 

Jeg ønsker ikke at mottaker skal betale noe for å motta pakken. Stemmer det at det ikke må betales noe ekstra så lenge verdien er under 45€?

 

Hmm, hvor går grensen for åpenbart brukt? Dette er ting som jeg har brukt noen år, men alt er jo i god stand.

Lenke til kommentar

Jeg fikk ikke linken din til å virke, men jeg tok en tur innom zoll.de.

Au då, gamal link! Orsak! Godt du fann fram sjølv likevel :).

 

Jeg ønsker ikke at mottaker skal betale noe for å motta pakken. Stemmer det at det ikke må betales noe ekstra så lenge verdien er under 45€?

Det er TOLL, ikkje UST. Her er ikkje noko formell minstegrense. Om ein i praksis trekkjer ei har eg aldri testa, men ser det ikkje som urimeleg. Som med norske skattestyresmakter er det vel ei grense for kor låge summar tyske og krevjer opp når det gjeld MVA. Sendingar eg sjølv har hatt med å gjera har hatt mykje for høgt verde til å testa dette.

Det er MOTTAKAR som må ordna opp, så lenge du sjølv ikkje er registert som næringsdrivande. I så fall kan du melda deg som "tysk svar på NUF og gjera opp UZT sjølv. Vert vel lite praktisk når dette er privat?

 

Hmm, hvor går grensen for åpenbart brukt? Dette er ting som jeg har brukt noen år, men alt er jo i god stand.

Om faktura fyljger med, dette er mellom private (noko du sjølv må prova, ved å få ein attest (på engelsk) frå ei norsk styresmakt) er vara brukt om ho er meir 28 dagar og pakken opna. Openberrt brukt er ho om tollaren sjølv - om han har augo - kan sjå at ho er brukt. Reglane vert dei same, men då slepp ein å dokumentera AT vara er meir enn 28 dagar og at UST difor skal reknast etter bruktreglane.

 

Ligg det ikkje papirer med som dokumenterer kjøpesum og kjøpetidspunkt er det tollaren (eller heilt presist "formomsaren") sjølv som har siste ord kva gjeld "nytt eller brukt" samt kva verde innhaldet har. Og hugs: Tyskerane krev - som alltid ellers - grundig og "ordentleg" dokumentasjon av ting, men SER funksjonæren at dette er openberrt brukte varer, er dei ikkje urimelege. Du er nemleg ikkje på heilt same måten "kjeltring til du sjølv grundig har prova det motsette" hjå tyske styresmakter som hjå norske kva gjeld skatt og MVA. Her er ein nok meir oppteken av "rettast råd er etter regelverket" enn "så mykje som råd er".

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...