Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

gjenlevende i uskiftet bo ønsker å gi forskudd på arv


Anbefalte innlegg

Hei. Anta følgende situasjon:

Mor og Far var gift. Far dør og mor selger eiendom som far opprinnelig arvet fra sin egen far. Ingen særeie og ingen særkullsbarn. Mor og far har kun to avkom, nemlig meg og min søster. Mor sitter nå i uskiftet bo.

 

La oss si at mor ønsker at pengene for denne eiendommen skal gå til sine barn. Det er snakk om ca 4.6 millioner som skal fordeles.

 

Kan gjenlevende i uskiftet bo (min mor) gi forskudd på arv? Hvordan bør dette gjennomføres i praksis?

 

 

 

 

Postet av anonym: f42e36b55daecb4b2979861cac8b04eb

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Dette vert eigenleg ikkje, juridisk, etter kva eg kan skjøna ikkje forskot på arv men delvis å gje eit seroppgjer før buet endeleg vert skift, delvis å gje ei gåve frå buet.

 

Så lenge seroppgjeret det her er snakk om er (utan tvil) mindre enn 50 % av buet, altså "farsarv", er det berre å gje så mykje seroppgjer ein har lyst til. Vilkåret er at alle arvingar får likt og (i praksis) at ein skriv ein disposisjon/ein avtale om eit slikt seroppgjer. Eit slikt seroppgjer kan mor avgjera at ho vil gjera kva tid som helst, så lenge ho fylgjer desse reglane, som fylgjer av arvelova. Når buet vert endeleg oppgjort, skal ein ta omsyn til seroppgjeret, difor den skriftlege disposisjonen/avtala.

 

Vil mor gje bort meir enn 50 % (altså "farsarva") vert det juridisk ei gåve frå buet (som vert rekna som forskot på arv kva gjeld arveavgift). i slik gåve kan mor berre gje om ho anten skifter heile buet og så gjev gåva etterpå eller de skriv ei "samtykkefråsegn" om at de godtek at gåve slik og slik vert gjeven (til hin parten). Med fråsegna på plass, kan mor gje nett kva gåve ho vil frå buet etter arvelova sin § 19, fyrste stykket.

 

Altså, den delen som er "farsarv" berre vedtek mor sjølv at ho vil gjera eit seroppgjer av (så lenge ho ikkje gjev nokon av dykk over 50 %), lagar ein disposisjon/avtale om slikt seroppgjer og kan så krevja at de skriv "motteke" og signatur på han. Kva gjeld resten må de båe syskena gje mor løyve til å hitt syskenet sin part som gåve, etterpå er det berre for mora å gje gava.

 

Både serforskotet og gåva vil her vera så stor at ho er meldepliktig, slik at arveavgift vert rekna på henne. Her har de som mottakarar meldeplikt for alt de mottek, mor har og kva gjeld seroppgjeret ho gjev.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...