Gå til innhold

Feriepenger

Anbefalte innlegg

Heisann!

Jeg har akkurat kommet tilbake fra en lengre ferie og har i den forbindelse spørsmål om feriepengene som ble utbetalt idag. Naturligvis synes jeg at jeg har fått for lite, men ser ikke helt hvor feilen ligger, om det er noen feil...

Jeg har 5 ukers ferie, så er det sagt.

Jeg jobber 100% ifjor og er fast ansatt.

Ferien tok jeg ut i februar m/lønn

Deretter ble mars, april, mai og tom. 17 juni permisjon uten lønn, men dette skal jo ikke påvirke denne utbetalingen av feriepenger.

Lønnslippen min ser omtrent slik ut:

Måndeslønn: 9800,- (20.06.11 - 30.06.11)

Ferietrekk: 25 dager -27000,-

Feriepenger: 41000,-

Utbet: 24000,-

Jess, det var det. Takker for eventuelle svar.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Her er det nok ingen feil. Du skriv at du avvikla ferie i februar, og hadde vanleg løn då. Det skulle du ikkje hatt, for i ferien skal du ikkje ha løn (det er difor du får feriepengar for å kompensera for lønstapet. Så det som skjer no: Du får månadsløn for siste del juni, du vert trekt i løn for feriedagane (slik du altså skulle vore i februar, sikkert og for ei veke eller to som enno ikkje er avvikla). du får feriepengar i staden for lønstrekket og sluttsummen vert heilt rett. No har du fått ALLE feriepengane du har spart opp, du er trekt for vanleg månadslønn i fem veker kor du har ferie og du har fått løn for den tida du reelt har vore i arbeid (og skal no ha full løn for dei dagane/vekene som står att med ferie, om du ikkje har teke alle fem vekene alt no).

Du skriver som om du har greie på det, så jeg tror deg;)

Men jeg jobber jo i juni, uten lønn. Skal man ikke ha 11 mnd (minus 1 uke) lønn og 1 mnd feriepenger? Jeg har jo "betalt" ferie om jeg jobbet som normalt året før? Om jeg tar ferien min i februar eller november går vel for det samme?

Endret av furra
Lenke til kommentar

Men jeg jobber jo i juni, uten lønn.

Om eg har forstått saka rett: Du hadde permisjon (utan løn) til 19. juni, og har arbeidd etter det, ikkje sant? Det har du fått løn for, ho stod jo spesifisert på eine lina. Alle månader vidare skal du ha vanleg løn for no. Med den transaksjonen som no er gjort har du har du (i lønningssystemet) alt avvikla all ferie, vorte trukken for alle fråversdagar pga ferien og fått alle feriepengar. Har du nokre feriedagar att å avvikla, skal det berre vera ei praktisk sak. I lønssystemet har du ikkje meir ferie og skal ha vanleg løn (som om du ikkje har ferie) no resten av året. For alt frå 1.7 til 31.12. altså.

Løn har eg litt rutine med ja. Har køyrt minst hundre lønsavrekningar i løpet av livet, for alt frå to til nær hundre personar. Etter norsk regelverk og etter eit par utanlandske.

Så, jeg hadde lønnet ferie i februar. Denne lønnen blir trukket i juni fra feriepengene? Når skal jeg da ha 5 uker lønnet ferie?

Lønn i februar blir trukket i juni, ok...

La oss si jeg tok ferie i sept istedet, denne blir jo betalt, altså derfor man ikke får lønn i juni, men feriepenger istedet. Blir forvirra av hele greia...

Lenke til kommentar

Så, jeg hadde lønnet ferie i februar. Denne lønnen blir trukket i juni fra feriepengene? Når skal jeg da ha 5 uker lønnet ferie?

Du skal ikkje ha lønna ferie. Du skal ha løn for 47 veker og feriepenger for 5.

Vanligvis "reknar ein" når ein køyrer løn at ein sksl ha ferie i juli. Difor køyrer (same kva den einskilde GJER med omsyn til ferieavviklinga) ein månadslønn for månadene januar-juni og august-desember. Saman med junilønna køyrer ein feriepengar (som dekkjer fem veker lønn) og nokre dagsløner i trekk (sidan no juli månad ikkje ER fem veker lang, og du har fått "for mykje" løn i juni av den grunn). Så køyrer ein ingenting i juli.

I ditt tilfelle har du fått vanleg løn for januar-februar, vore i permisjon 1.3. - 19.6, fått vanleg løn 20.6.-30.6. og fått feriepengar for juli. I tillegg er du trekt for løn du ikkje skulle hatt i februar (av di då var på ferie) - og litt til. No skal du ha løn for seks månader til i løpet av året. Køyrer ein lønn siste juli hjå dykk, skal du ha full løn då, ellers skal du ha løn for både juli og august siste august. Så vidare full løn for kvar måned framover, sjølv om du har feriedagar til gode. Dei har du nemleg alt vorte trekt for, utover dagane du hadde ferie i februar.

Grunnen til at ein gjer det så "innfløkt" er at ein skal trekkja skatt i løn, men ikkje i feriepengar, noko han/ho som har lønsarbeidet må ta omsyn til. Ikkje alle lønssystem taklar like mykje her...

Som du skriver skal man ha lønn for 47 uker og feriepenger for 5.

Jeg har blitt trukket for 5 uker ferie av feriepengene mine, det blir jo feil? Godt mulig jeg har ordlagt meg feil her, men skriver mens jeg stresser inni hodet mitt:)

Lønnsslipp fra ifjor ser slik ut (tilfeldige tall)

Lønn: 30 000

Ferietrekk 25 dg - 35 000

Feriejustering 25 dg- 35 000

Feriepenger 36 000

Summen blir jo da 46 000,- og ferien ble tatt ut i juli.

Denne gangen ser den helt annerledes ut, det ser jo ut som de har trukket tilbake lønnen jeg fikk i februar

Årets med tilfeldige tall:

Lønn 30 000

Ferietrekk 25 dg - 35 000

Feriepenger 36 000

Summen blir 31 000,-

Lenke til kommentar

Sjå heller på juni og juli under eitt:

Om du ikkje hadde vore i permisjon hadde lønnslippen (samla) då sett slik ut:

Løn 1.6. - 31.7: 2 mndr/30000: 60000+

Ferietrekk 25 dagar: 35000-

Feriepengar 36000+

Totalt 61000

(då har eg sett bort frå skattetrekket)

Av dette ville du fått 31000 i juni og 30000 i juli

No får du:

Løn 20.6. - 30.6: 10000+

Løn 1.7.-31.7.: 30000+

Ferietrekk 25 dagar: 35000-

Feriepengar: 36000+

Totalt: 41000

Altså 20000 mindre - av di du ikkje skal ha løn for 1.6.-20.6. (då hadde du uløna permisjon).

Av dette ville du fått 11000 i juni og 30000 i juli.

Reint teknisk: For å få feriepengar i juni må du "ofra" løna den månaden. Du har ikkje nok løn å "ofra", pga permisjonen, difor må det trekkjast i sjølve feriepengane hjå deg. Det trekket får du att som løn i juli (dvs for din del har du alt fått det att, ved at du ikkje vart trekt for ferie i februar).

Du må altså "blø for" feriedagene i juni, sjølv om du ikkje har så mange dagar å trekkja i juli. Du har nemleg hatt permisjon i 2/3 av juni - men du må likevel trekkjast for løn, sidan du skal ha fem veker ferie. Det trekket MÅ gjerast samstundes med at du får feriepenger, ellers vert du ikkje trekt rett i skatt. Vanlegvis vil du ha løn å trekkja dette i, men når du ikkje har det, må trekkjet gjerast i sjølve feriepengane.

Så berre vent og sjå til året er slutt at dette vert rett. Då vil du ha fått løn for 31 veker, feriepengar for 5 veker og hatt uløna permisjon i 16 veker (1.3 - 20.6.). 52 veker i alt. Av dette har du førebels fått løn for 5 veker (du fekk løn for 8,67 i januar + febuar og vart trekt i løn for 3,67 veker i juni), feriepengar for 5 veker og hatt uløna permisjon i 16 veker. 26. veker i alt. No skal du ha løn for 26 veker til, 1.7. - 31.12. Altså 6 vanlege månadsløner, kvar for 4,33 veker.

Lenke til kommentar

Lurer på det samme! Jeg var vikar i fjor fra 1.Juni til ut september og etter det var jeg på tilkalling! Fikk da fast i Mai! Så i dag fikk jeg lønnslippen og da hadde jeg blitt trekt 50% av månedslønna mi + jeg hadde fått feriepengene, men er det ikke slikt at hvis man er vikar det året så skal man få BÅDE lønn OG feriepenger? Forvirrenes =/

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...