Gå til innhold

2050 (annen egenkapital) går i minus på næringsoppgaven?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

2050 KAN vera så mykje, men nyttar du NS-kontoplan er han eigaren sin kapital. Altså differansen mellom det næringsdrifta eig (kasse, bankkonto/-konti, varer, kundekrav, maskinar etc) og det ho skuldar eksternt (MVA, AGA, leverandørar, banklån etc). Resten av summen "skuldar" ho normalt eigaren sin. Når du no får negativ 2050, er det eit varsel om at verksemnda ved årsskiftet skulda (andre) meir enn ho hadde av eigedeler, slik at ho ikkje "skuldar" deg noko, men tvert om har til gode frå deg.

 

I ei større verksemnd er negativ 2050 eit teikn på at det anten er ein feil i rekneskapen eller at verksemda er konkurs, og ALLE alarmklokker hadde ringt, helst før årsslutt. I eit lite ENK kan det vera heilt logiske grunnar for at ting er slik,, men du bør likevel finna ut av saka. Du har nemleg teke ut til privatbruk 85000 kr meir frå verksemda enn ho tente, noko ho økonomisk ikkje tålte. Så lenge det var målmedvite og av di det var praktisk (til dømes av di verksemda hadde 100000 kr ho ikkje trong nett no, pengar du har "lånt" og sett inn på privatkontoen din til rekningane kjem, og difor "teknisk" teke ut av verksemnda) er det heilt uproblematisk (unnateke om ein kunde får tak i rekneskapen og tek til å lura på solid leverandør du eigentleg er...), så då lurer rekneskapen deg. Var det ei overrasking bør nok heilt klårt vurdera tiltak.

 

Edit: Retta ein trykkfeil.

Endret av Atlanterhavet
Lenke til kommentar

Takk. Så m.a.o. så er det for meg som ENK uproblematisk at 2050 er i minus i sammeheng med å levere selvangivelsen / næringsoppgaven?

Om du tenkjer "teknisk" og for skattelikninga er det uproblematisk. Som nemnt syner det at verksemnda pr 31.12.10 skulda (andre) meir enn ho hadde i eige. Kan du leva med dette sjølv reint praktisk, er resten problemfritt.

 

Om du greier å få dette gjennom på altinn veit eg ikkje, som busett ute har eg ikkje nytta altinn. Å levera eit papirskjema som dette er i alle høve uproblematisk.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...