Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Har tollvesenet rett til å bære alt ut av bilen uten å rydde igjen?

Gavekort

Anbefalte innlegg

Hei!

Nå har det seg slik at meg og noen venner skal svippe innom Sverige når vi skal flytte bort, så vi har altså stappet fulle biler av bagasje, klær, datamaskiner og whatnot.

Sist gang vi ble stoppet i tollen så flyttet tollvesenet all bagasjen ut av bilen, og ba oss om å rydde etter de hadde gjennomsøkt alt. Så om vi blir stoppet nå, kan vi kreve at de rydder all bagasjen tilbake selv?

Hvordan fungerer det forresten å flytte så "store" verdimengder over grensen og tilbake?

Endret av Gavekort
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Så om vi blir stoppet nå, kan vi kreve at de rydder all bagasjen tilbake selv?

Nei. Tollfunksjonærar kan krevja at ein legg fram for dei kva dei bed om å få sjå. Når ein har gjort det, ryddar ein sjølv. Kan ein ikkje "leggja fram" det tollfunksjonæren/-ane bed om å få sjå utan å tøma bilen, vel så må ein og fylla bilen...

Hvordan fungerer det forresten å flytte så "store" verdimengder over grensen og tilbake?

Med atterhald om at eg skjønar deg rett, at du skal frå ein bustad i Noreg via Sverige til ein annan bustad i Noreg: Strengt tatt skal ein då ha papirer på at "varene" ein har er "i transitt" når ein køyrer i utlandet. I praksis trur eg ikkje tollarane mellom Noreg og Sverige har korkje største eller nest største fokus på den formaliteten, så lenge dei ser det er flyttegods og er samde i at det er nett det.

Takk for et flott svar! :)

Hvordan kan jeg få tak i slike papirer? Kan det skaffes i tollen når jeg kjører inn i Sverige?

Lenke til kommentar

Hvordan kan jeg få tak i slike papirer? Kan det skaffes i tollen når jeg kjører inn i Sverige?

Dert må gjøres samtidig som "godset" tas ut av landet. Slik jeg leser ditt innlegg er det fro sent og du kan risikere toll når "godset" ditt tas inn i Norge igjen.

Jeg må altså skaffe disse papirene når jeg kjører gjennom tollen fra Norge til Sverige? Skal jeg stoppe på tollstasjonen og spørre etter slike papir?

Jeg har ikke reist enda, så jeg er enda i Norge med mine ting. :)

I prinsippet skal du laga slike lister sjølv. Det er kort og godt ei opplisting av kva varer du har i bilen (1 kasse á 25 norske bøker, 1 kasse a X bukser/Y overdelar, 1 kamera XXXXX, serienr XXXXXX osb). Så skal det namn/adresse både på staden der du hentar og staden der du leverer, og alt dette skal visast tollvesenet på veg ut av Noreg. Då får du stempel på papira. Så viser du dei same papira der du kjem over grensa til Noreg att.

Men, som nemnt: Dette er ikkje høgaste prioritet hjå tollaren mellom Noreg og Sverige, så lenge det i deira augo "ser ut" som normalt flyttegods. Har ein meir enn vanleg, serleg av nyare ting som er rimelegare i Sverige, er det likevel lurt. Det same om du treff ein tollar som er opptatt av å fylgja reglane til siste komma...

Lenke til kommentar

Jeg vil ikke risikere å ende opp i noen etterforskninger i mistanke på smugling her. Det er lite nye ting som skal flyttest, men det er en server, noen laptoper, noen stasjonære datamaskiner, klær, bøker, diverse elektronikk og alt annet en vil ta fra en hybel man har bodd på i et år.

Sett at vi blir stoppet og tolleren krever å se papirer på transittgodset, noe vi ikke har. Hva skjer da?

Holder det å skrive opp de mest verdifulle tingene?

Lenke til kommentar

Det siste fyrst: Du bør skriva opp alt, men du kan gjerne "sampakka" ting som "alle" har når dei flytter. Slik eg nemnde: Ei øskje med XX bøker, ei øskje med sommarklær herre, ei øskje med vinterklær dame, ei øskje med "servise/glas/bestikk til åtte + div kjøkkenredskap" osb. Meir verdifulle ting og ting som har serienummer bør ein derimot skriva opp bit for bit, og med serienummer (serleg viktig for ting som har litt salsverde). Likeins ting som kan mistenkjast for å vera nye, altså i praksis under eit år eller framleis i sal (og med utsjånad som om dei kan vera kjøpte no).

Mistenkjer tollaren deg for å ha tjuvegods, vil han tilkalla politi, med eller utan papirer. Ellers treng du ikkje papir på det du har med UT av landet, utover di eigna liste. Når ho er stempla er ho papir nok til å ta tinga INN i Sverige (men berre for transitt!) og så inn att til Noreg att.

Du skal vera førebudd på at tollaren vil sjekka lista mot dei fysiske tinga. Kanskje eit par stikkprøvar, kanskje meir - det avgjer tollaren sjølv (men som hoveregel er det slik at jo betre liste, jo mindre fysisk kontroll). Du skal og ha eit verde på tinga på lista. Det vert VELDIG skjønnsmessig når det er brukte ting, men eit utgangspunkt er: Kva måtte du gjeve for dette på bruktmarknaden. Om du har 10-20 % "bomskot" er ikkje så nøye, sidan dei ikkje skal seljast, men lista må ikkje vera HEILT "tenk på eit tal"-leiken.

Ellers bør du ha eit papir på at det faktisk er LOGISK å ta tinga over grensa til Noreg att der du kjem. Til dømes kopi av kjøpekontrakt på husvære, evt ein leigekontrakt.

Lenke til kommentar

Har bare brukt det når bandet har spilt i Sverige, og hengeren har vært full :)

Ja, og i slike høve kan ATA vera ei god løysing. Er ein eit hobbyband (ikkje registrert som næringsdrivande, altså) kan det likevel vera fornuftig å diskutera med tollen om dette er naudsynt, serleg om det gjeld Sverige, ein kveld og retur same vegen. Er det derimot snakk om ein lengre turné, vert nok saka litt annleis og problemet å vera utan ATA ein del større. Men KAN ein greia seg utan ATA-en, sparar jo slikt 1000-lappar :).

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...