Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

[Løst] Minstefradrag både på lønn og næringsinntekt for 2010?

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Får man minstefradrag kun på lønn? Hva med evt. overskudd i næring? Eller gjelder kun de fradragene man førere i regnskapet?

Minstefrådrag får ein berre på lønsinntekt. Så stort som det har vorte no, er det (nok) eit prov på at ein/ei som driv sjølvstendig næring i Noreg stiller langt dårlegare kva gjeld skatt enn ein/ei som hevar løn.

Lenke til kommentar

Triste greier..... Så dette er da helt sikkert?

Lenke til kommentar

Triste greier..... Så dette er da helt sikkert?

Lignings-ABC (skattetaten si "katekisme") seier på stikkord "Minstefradrag" i pkt 3.2: "Kombinasjon av virksomhetsinntekt og lønnsinntekt

Minstefradrag kan som hovedregel ikke beregnes av virksomhetsinntekt, se likevel pkt. 3.3.2. Næringsdrivende som også har lønnsinntekt eller godtgjørelse utenfor tjenesteforhold, har krav på minstefradrag i disse inntektene."

Pkt 3.3.2. gjeld dei som driv som dagmamma (barnepass i eigen heim i skatteetaten sin språkbruk).

Er minstefradrag det samme som klassefradrag?

Lenke til kommentar

Er minstefradrag det samme som klassefradrag?

Nei. Klassefrådraget (som ellers heiter personfrådrag no, men det er det same) kjem utanom minstefrådråget. Det står ikkje på sjølvmeldinga, det vert rekna heilt automatisk. Dette er eit frådrag på "alminnelig inntekt" (skattbar inntekt, om du vil) på 42210 i klasse 1 og det doble i klasse 2. Opprinneleg føremål med dette frådraget var å syta for at folk som hadde så låg inntekt at dei berre så vidt kunne greia seg ikkje skulle få inntektsskatt.

Lenke til kommentar

Takk for svar :-) Så et "dumt?" spørsmål kanskje. Hvordan vet man hvilken klasse man er i? :innocent:

Er ein gift og har ein ektemake med låg/ikkje inntekt er ein i klasse to. Det same om ein er ugift og har foreldreoppgåva åleine (formelt og) for born i "bornetrygdalder". Ellers er ein (med nokre heilt få unnatak som ikkje er verdt å nytta tid på) i klasse 1.

I prinsipp kan du seia at klasse to er for dei som har plikt til (åleine) å brødfø andre personar enn seg sjølv - personar utan evne til å brødfø seg sjølv.

Lenke til kommentar

Eg har ikkje tala i hovudet her, men meinar det er når "alminnelig inntekt" -(minstefrådrag + personfrådrag kl 1) er under 0 at eit bør i klasse to.

Ellers er eg ikkje 100 % sikker på om det å forsyta ein sambuar gjev rett til klasse to (han/ho kan nemleg brødfø seg sjølv...). Det var lenge ein kamp her, og klasse to var for GIFTE (dei med vigselsattest altså) med ektefelle utan/med låg inntekt + dei som hadde ALL forsytingsplikt for minst eitt born. Eg trur reglane no er endra slik at dei og opnar for registerte sambuarar, men er altså ikkje 100 % sikker her.

Er ein i klasse to vert all innkome i familien rekna som EI inntekt og skattlagt hjå den som har høgast innkome. Etterpå vert summen av denne skatterekninga delt etter innkoma til kvar. Utrekninga går heilautomatisk, og ein får alltid det som lønar seg, så lenge ein ikkje har kravd "alltid klasse to" eller "aldri klasse to" ved eit kryss på sjølvmeldinga.

Lenke til kommentar

Det er fullt mogeleg å finna 100 % sikre svar her. Skatteetaten har eit "nøkkeltal" kvart år for kva tid ein ektefelle alltid har høg nok inntekt til å få klasse ein på eiga hand. Sjølv er eg ikkje oppdatert på det talet, men alle oppegåande i skatteetaten er, så berre å spørja der. Dei veit og om reglene for "ektefelle" no er utvida til "ektefelle + registert sambuar" eller ikkje. Eg er 98 % sikker på det er utvida no, men det har vore MYKJE krangling her. Sidan sambuar er ukjent problemstilling i huset er det ikkje veldig relevant problemstilling for meg å halda meg oppdatert på dei siste reglane her :). At det ikkje vert skatt til Noreg frå oss i år gjer det endå mindre interessant...

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...