Gå til innhold

HØG statisk dur frå høgtalarane

Anbefalte innlegg

LYDKORTPROBLEM!

Ut av det blå kom det ein konstant HØG statisk dur frå høgtalarane. Det oppstår idet Windows startar, og ein høyrer kun denne duren, ikkje lyd frå applikasjonar.

Brukar Windows 7 64-bit, og har eit SB Audigy lydkort kopla til stereoanlegg. Det er normal lyd på alle andre kanalar på forsterkaren enn den som er kopla til PC.

Har prøvd dette, utan hell:

- Sjekka at alle kablar står i.

- Vridd litt på "jackane" for å sjekke om det var dårlig kontakt, men ingen forskjell.

- Reinstallert drivarar til lydkort.

- Deaktivert lydkort. Framleis dur.

- Sjekka at alle kablar til hovudkortertet står skikkeleg i, tatt lydkortet ut og inn av PCI-slot, og støvsugd kabinettet.

- Slått neven i veggen.

Forslag til andre ting eg kan prøve? Må eg investere i nytt lydkort? Eller kan det vera eit jordingsproblem av eit slag?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det oppstår idet Windows startar, og ein høyrer kun denne duren, ikkje lyd frå applikasjonar.

Vil det seie at du ikkje får lyd frå PC-en lengre?

Dersom du har installert alt av drivarar og programvare på nytt kan det sjå mørkt ut. I teorien kan det være hovudkortet og, men eg ville prøvd eit anna lydkort først. Eventuelt prøvd å putte lydkortet i ein anna PC.

Får ingen lyd frå PCen nei, kun dur/støy.

Er det noko verktøy som kan sjekke om det er lydkort eller hovudkort som fuskar? Eg har ikkje nokon reserve-pc å leike med, så det må bli innkjøp av ein av delane for å teste.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...