Flymaster456 Skrevet 18. mai 2011 Del Skrevet 18. mai 2011 Eg har nyleg oppgradert Dell Optiplex 980 med ny RAM. Den RAM-en skal vere heilt kompatibel ettersom det er av same slag som dei som stod i før. Det som før stod i var DDR3-1333 som gjekk på 1.5V. Det var fire brikker på 2GB av denne sorten. Eg bytta desse ut med 4x4GB Corsair Dominator-brikker med 1333 som skal kjøre på 1.6V. Brikkene er utover dette så og sei identiske spesifikasjonsmessig. Når eg set i alle dei nye brikkene får eg ein CPU-feil. Eg mistenkjer foreløpig at det kan kome av at brikkene trekk for mykje straum, eller at dei ikkje får den straumen dei treng. CPU-en er ein i7, noko som RAM-en spesifikt var meint å støtta. Det eg har gjort for at systemet skal kunne køyre imidlertid er at eg bruker kun 2 av brikkene som eit par, dette fungerer heilt flott. Når eg har i alle 4 får eg ein CPU-feil, noko eit feildiagnosesystem på fronten av kabinettet gir beskjed om. Maskina startar ikkje opp då, men gir diagnosen på CPU-feil. Utover dette fungerer maskina flott, men ettersom det er ein Dell har egen ingen moglegheit for å stille inn noko som helst i BIOS. BIOS gir meg ikkje moglegheit til å sjå vDIMM heller. Eg har prøvd alle moglege kombinasjonar av dei nye brikkene for å sjekke om det er feil på dei, men dei er alle i god behold. Problemet oppstår kun når eg skal ha i alle 4. Ettersom maskina køyrer Citrix XenServer er det litt verre med å bruke GUI-baserte overklokkingsprogrammer og liknande for å sjå straumen til RAM-en. Eg prøvde også å sjå litt rundt ved hjelp av ein live CD med Ubuntu men fann ikkje noko spesielt då heller. Så no spyr eg, er det noko måte å sjå vDIMM eventuelt forandra på det? Dette skal visstnok gjere seg sjølv, men eg mistenkjer at det ikkje heilt er tilfellet her. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå