Gå til innhold

Fyrstegongskjøp, rimeleg men påliteleg rifle?


Anbefalte innlegg

Eg held på å ta jegerprøva no, og når eg har tatt ho kan eg tenke meg å kjøpe ei rimeleg rifle som er brukeleg til jakt og blinkskyting. Eg er sjølv 16 år og tillatelse for kjøp er i boks, men eg er litt usikker på kva kaliber som er anbefalt for fyrstegongsjegarar. Er det nokre anbefalingar av kaliber eller rifle dykk har og kome med? Vil helst ha som tittelen seier, eit godt, billig men påliteleg våpen. Takk på førehand! :)

Endret av RDahl
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Du bør først klarlegge bruksområdet grundig så du ikke ender opp med et kaliber som ikke duger til det viltet du skal jakte. Hvilket merke du går for er det strengt tatt lommeboka som bestemmer da priser varierer fra rimelig til hundretusener av kroner for de beste merkene. Det finnes egentlig ikke dårlige våpen lenger. De billigste fra øst europa mangler mye på finnish og kan noen ganger krangle litt ved hylseutkast etc men det er ikke noe en fil, sandpapir og litt blåneringsveske kan fikse.

Lenke til kommentar

Viltet eg har satt for meg er hjort, med tanke på at det er så og sei fyrste gong ser eg for meg ei billig rifle, i kaliber .308, 6.5 eller 30-06.

Kva er billigast og evner seg best til akkurat hjort?

 

http://www.xxl.no/jakt-vaapen/vaapen/rifler/vanguard-synthetic-30-06-pakke-9006073

Har hatt auga retta mot rifla i linken, med tanke på at både brukeleg kikkertsikte og koffert er med i pakken til en rimeleg penge. No må dykk seie ifrå om eg er heilt på villspor, fungerer det som ein nybegynnerpakke? :hmm:

Endret av RDahl
Lenke til kommentar

30-06 er ett av mine definitive favoritt kalibre, god å skyte med og atskillig mer stoppkraft enn den stutte .308

Det eneste problemet i mine øyne med 30-06 er at man bør benytte kuler med tykk mantel da tynn mantlede kuler har lett for å gi store kjøttødeleggelser.

 

Et annet utmerket kaliber til storvilt er 9,3x62. Det har noe hardere rekyl enn 30-06 men ikke fryktinngytende mye.

Det er muligens ikke akkurat et nybegynner kaliber men i en tyngre rifle så er den meget god.

 

En ting som du definitivt også skal vurdere er hjemmelading av ammunisjon, da står du mye friere til å spesialsy ladninger og du sparer ett tonn med penger kontra og kjøpe fabrikkammo til 20kr skuddet.

Lenke til kommentar

Har nytta .308 mykje på jakt - og det fungerer absolutt slik det skal. Det samme kan man sei om .30-06. Trur det eigentleg går litt meir ut på å finne riktig type ammo, enn å velge mellom .308 og .30-06.

 

.30-06 er litt kraftigare enn .308. Sistnemnte er igjen kraftigare enn 6.5, noko som også er eit populært kaliber.

 

Det er veldig vanskelig å bestemme seg for noko. 6.5 er litt svakare, men eit skot i hjarteregionen på ein elg er like drepande som eit hjarteskot fra .308 eller .30-06. Man er derimot litt meir "trygg" (gjer meir skade) dersom man først treff litt utanfor.

Lenke til kommentar

Skal nok kjøpe fleire rifler i løpet av livet, men akkurat nå vil eg tru at .30-06 er svaret. Kjem sikkert til å eksprimentere litt med elgjakt óg når eg økonomisk i stand til det. Men den pakken frå XXL litt lenger oppe, trur du at eg bør gå for den?

Lenke til kommentar

Eg vil halde meg litt sikker akkurat når det gjeld dette med kaliber. Som sagt vil eit direkte hjarte ller lungeskot frå 6.5 vere like drepande som eit med .308 eller .30-06, men eg kan ikkje garantere eit slikt treff heile tida. Mine skyteferdigheiter er ganske gjennomsnittslege. Kva er eigentleg faren for skadeskyting med 6.5 samanlikna med .30-06? Er det "tryggare" med eit av dei større kalibera?

 

Takker forresten for svar. :)

Lenke til kommentar

Kan vel ta og leite litt rundt på nettet etter betre tilbod. Kan også ta meg en tur på den lokale skytebana og prøve forskjellige kaliber for å sjå kva som fell i smak, men akkurat no heller det mot .30-06 ^^

Lenke til kommentar

Er det nokre forskjellar med tanke på pris på ammunisjon? Du nevnte vel det med sjølvlading litt lenger oppe, det kjem eg ikkje til å byrje med heilt enda, vil ikkje risikere å sprenge noko på grunn av dårlig ladd ammunisjon akkurat. :p Men er .30-06 Springfield av den dyre typen?

Lenke til kommentar

30-06 er verdens mest utbredte jaktpatron og det er det selvfølgelig en god grunn til. Du gjør ikke noe bomkjøp ved å gå for det kaliberet.

Må sei meg einig. Det er eigentleg ingen stor forskjell i om man kjøper .30-06 eller .308. Begge er veldig mykje utbredt. Har skote ein del med .30-06, og rekylen er ikkje så mykje verre enn ein .308. Det er viktig å ikkje vere skotredd! :)

 

Nå er ikkje eg ein kløppar på optikk, men her er det viktig å legge ein del penger i. Eg har merka stor forskjell på ein Zeiss til 20-25k, og eit sikte til 5-7k. Då spesielt i skumringa. Men for alt eg veit så kan optikken som følger med i den pakka vere meir enn bra nok for ditt bruk. :)

Lenke til kommentar

Skotredd var eg ei lita periode etter eg som 12-åring skaut for fyrste gong med .30-06.. Var vand med 22LR og ingen rekyl :D Kan vel trygt sei at etter to skot kjende eg det godt i skuldra. Heldigvis har eg skjerpa meg ein del og litt hardare grep på børsa er vanleg når eg skyt no :)

 

Vil nok tru at siktet i pakken held i store mengder til meg ja. Eg veit ikkje om eg tør å risikere eit skot på meir enn ei gode 150m med det same akkurat^^

Lenke til kommentar

Om hjorten skal dø, skal han jo i det minste ikkje lide, stakkaren :(

Blir vel litt flaut om eg på den fyrste jakta mi skadeskyt eit dyr så fælt at ettersøk foregår i dagesvis.

Kjøyr på med 50 kalibers hagle med kikertsikte, robin. Då drep du i vert fall NOKO.

Lenke til kommentar

Merker det sjølv veldig godt i skuldra etter 30 skot med .30-06, så smertene kjem du nok ikkje vekk med. ;)

 

Har sjølv skote fire hjorter, og eg har jakta med eiga rifle i tre år nå. Det er berre å vere 100% sikker når du trekker på avtrekkeren. Høyres kanskje alt for enkelt ut. Men det er når du er pressa, og har gjerne dårleg skytestilling at det går gale.

 

Som du sikkert har høyrt på jegerprøvekurset - det er bedre å ikkje skyte, enn å angre på eit skot. :)

Lenke til kommentar

Høyrt det eit par gongar ja. :p Eg tenkjer på det heile tida, eg har spelt ei rekkje med jegerspel som Hunting Unlimited o.l. får berre håpe at fornufta tek over og eg ikkje skyt mot det første som bevegar seg slik det som oftast foregår seg i spela. Synest synd på hjorten den dag eg spring etter han med ein 9mm pistol og fyrer laus :roll:

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...