KayAU Skrevet 10. desember 2010 Del Skrevet 10. desember 2010 (endret) Eg er einig med Ares, færre tal er betre. Ein omtale er i hovudsak ei skjønnsmessig vurdering, og karakteren er normalt basert på eit heilheitsinntrykk. Ein må anerkjenne naturen til det ein driv med. Skjønnsmessig vurdering er ikkje det samme som måling av fysiske data. Å innføre eit innfløkt system med poenggiving og vekting av faktorar vil ikkje gi deg betre presisjon. Snarare tvert om. Sjansane er store for at du vil gå deg vill i alle tala. Eg trur ikkje at eit menneske kan vurdere noko som helst på ein skala frå 1 - 100, med nokon grad av presisjon eller repeterbarheit. Gi meg eit spel ein dag, og kanskje vil eg gi det 83 poeng. Gi meg akkurat det samme spelet neste veke, og kanskje eg vil gi det 89 eller 76 poeng. Eigentleg trur eg ein skala frå 1-10 òg er for mykje. 1-5, eller kanskje 1-3, er nok det beste. Det er lett å ta stilling til om ein likar, mislikar, eller er nøytral i høve til noko. Truleg kan ein òg skille mellom om ein synest det er ganske bra eller veldig bra, ganske dårleg eller veldig dårleg. Punktlister for og imot kan vere nyttige. Det samme er ein oppsummerande konklusjon. Kay Endret 10. desember 2010 av KayAU Lenke til kommentar
Craxmerax Skrevet 19. desember 2010 Del Skrevet 19. desember 2010 Om du vil ha grunnlag til en karakter så les anmeldelsen. Så enkelt er det! Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå