Vistula Uhlan Skrevet 4. juli 2010 Del Skrevet 4. juli 2010 (endret) Eg har kjøpt ein Samsung Wave, men har problemar med å leggje inn musikk. Først kan eg skrive kva brukarhandboka seier: 1. I menymodus velgjer du Innstillinger --> Tilkoplingar --> USB --> Mediespelar --> Angje 2. Gå tilbake til kvilemodus. 3. Med ein valfri PC-kabel, koplar du fleirfunksjonskontakten på telefonen til ein PC med Windows Media Player. 4. Opne Windows Media Player for å synkronisere musikkfilar. 5. Rediger eller tast inn telefonens namn i popup-vindauget (om nødvendig) 6. Vel musikkfilane du ynskjer, og dra dei til synkroniseringslista. 7. Start Synkroniseringa. Eg setter den på Mediespelar. Eg koplar mobilen inn med PC-kabelen eg fekk med mobilen. Eg startar Windows Media Player. Eg ventar mens einheitsdriverprogramvare innstalerast. Eg får ikkje opp noko popup, men startar synkronisering likevel. Ingenting skjer. Eg sjekkar om eg kan bytte kva som skal synkroniserast, men får ikkje opp mobilen min. Derimot så startar innstaleringa av einheitsdriverprogramvare om igjen, og om igjen, med berre nokre sekund pause etter at den er ferdig, før den byrjar att. Eg håper verkeleg at nokon kan hjelpe meg med dette. - Flosshatt Klarte det til slutt sjølv, etter hjelp av andre. Steng, versåsnill. Endret 4. juli 2010 av Flosshatt Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå