Gå til innhold

GOG vurderar andre plattformer


Anbefalte innlegg

Eg reknar med dei fleste her kjenner til GOG.com, som truleg er den beste spelbutikken i verda. For dei som ikkje kjenner til han: GOG (Good Old Games) selg i hovudsak eldre spel, fiksa for å vere kompatible med nyare versjonar av Windows. Prisane er svært rimelege, og butikkløysninga og distribusjonssystemet er glimrande: ingen DRM, og du kan laste ned so mange gongar du vil. I tillegg får du ofte med ekstramateriale til spela du kjøper.

 

For ei tid sidan spurte GOG.com brukarane sine om korleis dei ville butikken skulle utvikle seg i framtida. Ein av tinga som vart foreslått fleire gongar, mellom anna av meg sjølv, var spel for andre plattformer, som t.d. Amiga. Dette forslaget vakte tydlegvis interesse, for i går dukka følgjande tekst opp på GOG.com:

 

Many of you repeated similar expectations concerning the future of your favourite digital distribution service :), and point in particular aroused our interest. Many of you asked for old games from platforms other than PC. So our question is "If GOG.com were to add games from a platform other than PC in the future, which would you choose?" You can choose from: Amiga, Commodore 64, Sega Genesis (Megadrive), Sega Dreamcast, Super Nintendo, Nintendo 64, Neogeo and Arcade. Post your top 3 picks in the thread and of course you can comment on your choices.

 

Eg vil oppfordre dei som er interesserte i dette om å gå til GOG.com og skrive kva plattform dei helst vil ha i butikken.

 

Mitt førstevalg er i alle fall heilt klart: Amiga. Amiga-plattforma var den beste spel-plattforma i ein lang periode, og har eit rikt bibliotek av svært gode og originale spel. Spela er gamle nok til å ha stor nostalgisk verdi, men likevel ofte avanserte nok til å ha strålande spelbarheit sjølv i dag. Å få Amiga-spel på GOG.com vil vere veldig gode nyhende både for oss gamlingane som har gode minner frå Amigaen si storheitstid, og for dei yngre, som gjekk glipp av desse spela første gongen. :)

 

Eg synest dette er ei sak som fortener plass på framsida til gamer.no. :)

 

Kay

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Lurer på hvordan de vil løse det rent teknisk. Man kan sikkert pakke hvert spill med en emulator, men det er jo visse begrensninger knyttet til Amiga Kickstart ROM'er. Alternativt må de porte alt. Kanskje ikke heller så lett med alle Amigaens spesialprosessorer. Jeg skal ihvertfall stikke inn og melde min interesse :)

 

 

Eg synest dette er ei sak som fortener plass på framsida til gamer.no. :)

 

Støttes :thumbup:

Lenke til kommentar

Eg tippar løysninga vil vere basert på ein "usynleg" emulator og eit PC-basert installasjonsprogram, litt på samme måte som dei allereie gjer det med DOSBox. Eg trur dette skulle vere gjennomførbart, i alle fall for ein god del spel. :)

 

Kay

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
  • 3 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...