Gå til innhold

Eschalon: Book II kjem snart


Anbefalte innlegg

Tenkte berre å informere om at oppfølgjaren til Eschalon: Book I, med den forutsigbare tittelen Eschalon: Book II, endeleg har fått utgivelsesdato. På nettsidene til utviklaren har det stått "Coming soon" veldig lenge, men no er det altso bestemt at Windows-versjonen skal sleppast 12. mai. Mac-versjonen kjem to veker seinare, 26. mai.

 

For dei som ikkje kjenner til serien, noko eg reknar med er dei fleste: Dette er gammaldagse isometriske rollespel med 2D-grafikk, frå ein uavhengig utviklar. Tenker dette skjermskotet frå Book II skulle gi ein grei indikasjon på kva ein kan vente seg. :)

 

post-169-1100646828_thumb.jpg

 

Kay

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
  • 2 uker senere...

Kjøpte det i går, og har så vidt prøvd det. Einaren var eg svært positivt overraska over, til tross for noko kort gameplay. Mykje av den samme oppskrifta her, og til og med historien bær store likhetstrekk (så vidt eg kan sjå så langt). Spelet er vorte betre å sjå til, du må ta hensyn til mat og drikke og dialogane ser ut til å ha blitt litt meir elaborerte og dynamiske. På minussida er kontrollmekanismane som er nøyaktig lik dei i forgjengaren og som irriterte meg der og. Hovudpersonen er alltid sentrert på skjermen. Ved å trykke venstre museknapp går du framover og ved å røre på musa byttar du retning. Det fungerer, men eg kunne ønskt at dei kunne lagt noko av type andre isometriske spel - der du berre trykkar på destinasjonen du ønsker å gå til. Der er irriterande å dulte borti alle kantar og krokar du kjem til, og å navigere inne i små rom kan vere eit mareritt.

Men alt i alt så er det eit spel eg vil anbefale sjølv om hadde håpt på litt meir forandring og tweaking frå forgjengaren.

 

(Igjen: Eg har ikkje kome langt i spelet og har sikkert ikkje utforska alle gameplay-element enno. )

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...