Gå til innhold

Spelanbefaling: Eschalon: Book I


Anbefalte innlegg

For tida er min pc til reperasjon og eg har difor gått tilbake til min sju år gamle pc. Følgande er det ein del av spela eg normalt bruker tid på som er litt for heftige for min pc. Det førte til at eg lot med forføre av indie-markedet. Ein del var akkkurat som forventa - meir som hack & slash spel, men fant også ei perle i Eschalon: Book I. Gamer.no har faktisk nemnt spelet i ein tidlegare artikkel her Spelet klarer å knytte saman ein god historie (eg har riktignok ikkje runda spelet heilt enno, men det er lovande så langt ), tilfredstilande grafikk og ok kontrollar. Det er faktisk ei stund sidan eg har spelt eit rpg der det var historien i seg sjølv som gjorde at eg fortsatte å spele. Spelet føregår faktisk i turnar så det blir lite stress og frenetisk trykking på knappar - også noko som sikkert er smak og behag. Det kunstige intelligensen fungerer faktisk overraskande bra til å vere eit så "simpelt" spel som dette er. Fienden stikk av når det er nær døden og du slepp å møte goblins som slåss mot deg aleine heilt til døde. Positivt er det også at, så langt eg har sett, så er spelet fullstendig opent. Det er ingen kunstige barrierer som hindrar deg i å gå inn i visse områder, det einaste som hindrar deg er at fienden kan vere litt sterk i enkelte områder. Det er faktisk eit problem. I starten når du er svak og kun i ført det enklaste av utstyr venter døden fort om du rotar deg inn i eit område du ikkje skulle ha vore i (enno). Konklusjonen er i allefall at om du skulle ønske å kaste bort litt tid på eit gamaldags rollespel og ikkje hatar isometriske spel så er dette noko du bør prøve ut. Kostar ikkje skjorta heller. Spel to i denne serien som er venta å bli ein triologi skal vere tilgjengeleg tidleg neste år. Link til utviklarane finn

du her

 

Pros:

-God historie

-Enkelt og godt skillsystem (eg liker spel der det ikkje er klasserestriksjonar på kva skills du kan lære)

-Dialogsystemet er bra, sjølv om det ikkje innbyr dei store sprella.

- Settingen fungerer godt for min del. Du kan lese deg opp om landet og historien rundt.

 

Cons:

-Uvante kontrollar i starten. Du beveger deg ved å halde inne venstre museknapp og peke i den retning du må gå. Litt kinkig når du er inne i tronge skogsholt. Skal du opne ei dør må du gå heilt opp til den for å så trykke for å opne den.

- Lite brukarvenleg oppdragslog. Skal ein npc gje deg noko må du ofte plukke det opp sjølv frå kista til nemnte npc.. Den virkar kanskje ikkje så alvorleg men det fekk meg til å gå glipp av eit brev eg skulle hatt, med den følge at eg rota rundt i eit par timar utan mål og meining.

- Inventory kan bli rotete og overfyllt. Spesielt ettersom ringar (som du ofte har mange av) og ulike alkemiske ingrediensar tar like stor plass som ein rustning.

-Absurd forbruk av dirkar - til tross for at eg er topptrent i akkurat den skillsen

 

NB! Om cons`a eg har lista opp skulle få deg til å miste lysten på å prøve spelet, så høyrer det med til historien at mange av dei skal ha blitt ordna på til spel nummer to i denne triologien.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...