rvenes Skrevet 29. mars 2011 Del Skrevet 29. mars 2011 (endret) Eg har lenge på utkikk etter eit kamera med GPS på, eit som eg kunne ta med meg over alt. Val av kamera: Valet stod mellom Canon Powershot SX230 HS og Panasonic DMC-TZ20 Det var også eit par andre kamera med GPS eg vurderte, men dei vart raskt valt vekk då dei ikkje hadde meir enn 3-5x optisk zoom. (Digitalzoom er som kjendt berre tull og fjas) Eg valgte til slutt Panasonic modellen. Bildekvalitet: Eg testa kor mykje støy det var på dei forskjellige ISO verdiane. Bilda kan du sjå her. Fleire bilder her Om du skulle finne på og så på 1:1 oppløysing av bilda, vil du ikkje finne noko direkte vakkert. Det er ganske mykje støy i bilda når du granskar dei på pc skjermen, men skal du printe dei ut, vil eg tru dei blir flotte! Videokvalitet: Eg testa sjølvsagt videofunksjonaliteten på kamera. Denne syntes eg fungerte veldig bra!. Panasonic sin bildestabilisator hjalp mykje på i panoreringar. Her er eit eksempel: (hugs å ta på 1080p) http://www.youtube.com/watch?v=rNrY6H2WbKg Her zoomar eg inn til 16X og føler Fjordtroll inn fjorden. (Hunden hjalp til å dra i bandet av og til som de ser) Det var blitt litt mørkt ute. GPS: Grunnen til at eg kjøpte kamera var mykje på grunn av at det har GPS. Første gongen eg slo på kamera tok det eit par minuttar før han fant 4-5 satelittar og lock på dei. Etter det tok det typisk 5-10 sekund etter at kamera blei skrudd på. Kamera skrur seg av og til på for å finne ut kvar det er, for så og skru seg av igjen. Kor mykje batteri dette brukar er eg ikkje sikker på endå. GPS possisjonen blir lagra i EXIF dataene på kvart bilde. Dei blir plassert automagisk på bildetjeneste som Flickr, Panoramio og Google Eg har ikkje fått til GPS possisjon på vidoar endå, men om det er Youtube eller kamera sin feil veit eg ikkje endå. Bilde og video linkar: Bilder teke med kamera Sjå videorespons på youtube linken for fleire videoar eg har filma med kamera. Til slutt: Alt i alt er eg fornøgd med kamera. Eg fekk det eg var ute etter. Eg var ute etter eit kamera eg kan ha med meg når eg er ute på tur med hunden. Eit kamera som har lang zoom, ok bildekvalitet og ok videokvalitet. Det er ikkje alltid du har lyst til å dra med deg DSLR kamera på tur. Det er forskjell å ta med eit kamera i lomma, enn eit kamera i ein ryggsekk. Edit: Feil link! Endret 29. mars 2011 av rvenes Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå