Gå til innhold
Trenger du skole- eller leksehjelp? Still spørsmål her ×

Fra bokmål til nynorsk - Hjelpe meg?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Legg den opp her saman og merk det du sliter med.

Jeg sliter egentelig med hele teksten. Det eneste jeg klarer er å skrive eg, ein , eit, ikkje osv.. Sliter med å bøye og å vite om det er hun, han eller intetkjønn.. Men jeg kan legge ut teksten allikevel

Lenke til kommentar

Utrolig knotete tekst. Kan du ikke velge en annen?

 

Det er generelt en dårlig ide først å skrive en tekst for så å skulle oversette den. Bruk heller det du kan og skriv på nynorsk fra første ord. Da unngår du vendinger som kan være utfordrende å oversette.

Endret av Isbilen
Lenke til kommentar

Er ikkje meininga at lekser skal vere lett, daa laerer du ingenting ;)

 

Kan gaa gjennom teksten og hjelpe deg litt paa veg.

Nei er vel ikke det :( , men noen ganger lærer jeg bedre av å få fasiten enn det jeg gjør selv.

 

Men uansett tusen takk! :)

Endret av Pannekake1
Lenke til kommentar

Utrolig knotete tekst. Kan du ikke velge en annen?

 

Det er generelt en dårlig ide først å skrive en tekst for så å skulle oversette den. Bruk heller det du kan og skriv på nynorsk fra første ord. Da unngår du vendinger som kan være utfordrende å oversette.

Hehe, jeg må si meg enig i den, dessverre kunne jeg ikke velge en annen.

 

Og ja, det er en dårlig ide. Men jeg hadde et ørlite håp om at noen her inne kunne hjulpet meg. :!:

Lenke til kommentar

Det er noe alle må igjennom.

Ikkje dei har fritak.

 

Uansett, her er forsøket mitt:

 

 

Frå naturen av er alle menneske like, og difor òg alle kalla til å bli eit sant menneske. Og kvar ein som er blitt godt oppdregen til dess, kan ikkje unngå å fylle dei livsstillingane som høyrer til. For meg kan det koma ut på eitt om eleven min skal bli offiser, prest eller advokat. Før foreldra har bestemt kva han skal bli, har naturen kalla han til menneskelivet. Leve livet, det er det yrket som eg for min del vil lære han.

Det vi fyrst og fremst skal forske ut, er dei kåra mennesket lever under. Å leve er ikkje det same som å ta det roleg, det er å handle, bruke lemmene, sansane, evnene, ja alle dei delane av oss sjølve som gjev oss kjensla av å vere til. Dei menneska som har levd mest, er ikkje dei som har flest år bak seg, men dei som har kjent livet sterkast.

All visdommen vår er ikkje anna enn servile føredommar. Alle vanane våre er ikkje anna enn underkasting, hemningar, tvang. Samfunnsmennesket blir født, lever og døyr i trældom: ved fødselen blir det vikla inn i bleier, ved dauden blir det spikra inn i ei kiste, og den tida det går omkring som eit menneske, er det basta og bunde av institusjonane.

Legg merke til naturen, og følg den vegen han syner deg. Han trener opp avkommet uavlateleg. Han herdar lyndet med alle slags prøvingar. Han lærer dei tidleg kva sorg og smerte er. Øv difor menneska opp til å tole dei hogga og slaga som dei ein gong skal få. Med varsemd og sindigheit kan ein få vaksne og born til å ikkje bli redde for noko som helst.

.. All vondskap kjem av at ein er veik. Barnet er slemt berre når det kjenner seg veikt. Gjer det sterkt, då blir det godt. Han som var i stand til alt, ville aldri gjere vondt. Blant alle eigenskapane til den allmektige guddommen, er godskapen den som ein minst kan tenkje seg forutan. Eg ville slett ikkje gå omkring og passe på at Emile aldri slo seg. Tvert om ville eg vori svært lei viss han aldri slo seg og voks til utan å kjenne smerta. Å lide er det første han må lære seg, og det er òg det han treng mest å kjenne til.

.. I staden for å la han krype omkring i den utbrukte stovelufta, ville eg kvar dag teke han med ut i det frie, late han springe og tumle omring midt på jordet, ramle over ende hundre gonger om dagen, dess oftare, dess betre: då ville han så mykje raskare lære å reise seg opp att. Når det blir sagt at mennesket er veikt, kva meiner ein då? Ordet veikskap peiker på eitkvart forhold, eit forhold ved den skapinga som det blir brukt om.

 

Den skapinga som har krefter som overstiger trongen sin, er sterk, [selv om dens krefter, er svak, selv om den er en elefant eller en løve, ja, om den er så erobrer, helt eller gud.] (kva i alle dagar er denne setninga for noko????)

 

Å menneske! Samle deg om ditt indre liv, då vil du ikkje lenger vere så ynkeleg! Hald deg på den staden som naturen har bestemt for deg, og ingenting i verda vil kunne få sett deg utanfor. Sett deg ikkje opp mot naudsynlegdommen si harde lov.

Det verkeleg frie mennesket vil bare det som han kan, og gjer det han har lyst til. Det er grunnsetninga mi. Det gjeld berre å få brukt henne på barndommen, så vil alle oppdraginga sine regler fylgje etter. Det finst to slag avhengnader: ovafor tinga, som høyrer naturen til, og ovafor menneska, som høyrer samfunnet til. Avhengnaden har ikkje noko med moral å gjere, han skadar ikkje fridommen og fører ikkje med seg synd og last, medan avhengnaden av menneska strir mot naturen sin orden, og difor dreg han etter seg alle slags laster, og gjennom han er det at herre og træl fordervar kvarandre gjensidig.

 

 

Vel, dette var mildt sagt ein svært snodig skriven tekst; språket er unaudsynleg komplisert og kunstig. Eg trur nok dei fleste ville hatt store problem med å forstå kva du prøvde å få fram.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...