Gå til innhold

[Løst] Fradrag for telefon og internett


Anbefalte innlegg

Enkeltmannsforetak. Bruker min mobil + internett både i jobbsammenheng og privat. Telefon- og internettfakturaene er stilet til meg privat, og ikke til selskapet. Har dette noe å si for å føre dette til fradrag?? Eller er det bare å føre alle fakturaene i selskapet, og til slutt trekke fra den private andelen på kr. 6000,-?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

I eit ENK har du nok ikkje nokon "privat del" på 6000 kr, det gjeld berre for den som er tilsett. Her gjeld i dag beinhardt regelen: Er faktuaen stila til deg, er han óg privatkostnad. Etterpå kan du laga motrekning mot næringa for privat nytsle til næringsbruk, så langt det gjeld samtaletid på telefonen. Då skal KVAR EINASTE samtale du krev fråtrekk for vera spesifisert: Kva tid, til kven, kor lenge, kvifor og sum. Du kan nytta kopi av spesifikasjonen frå teleleverandøren som underlag, men framleis må du føra på kvar samtale merknad om kvifor dette har med næringa å gjera, når han tydeleg er fakturert privat. Utan dette, 100 % i orden, ingen fråtrekksrett. Og sjølv med dette: Ingen MVA-fråtrekksrett. Skal du ha det, SKAL óg rekninga vera stila til verksemda. No discussion! Bokføringsføresegnene er klåre - og harde.

 

Lite logisk i 2011? Du skal ikkje alltid spørja etter logikk i skattereglane. og ein/ei som driv ENK er å rekna som kjeltring til han/ho sjølv har prova noko anna.

 

Moral? Skil privat- og næringsabonnement 100 %, og få både abonnement og rekningar separate. Og hugs: Sjølv med skilje, kan du få problem med å få godkjend frådragsrett fullt ut, om du har vidare lågare privatkostnad enn vanleg. Kan du ikkje då overtyda skattefunksjonæren om kvifor, "luktar" det misbruk, og du får gjennomskjering.

 

Sjølvsagt kan du bokføra heilt annleis enn dette om du vil svindla. I fyrste omgang vil svindelen vera heilt usynleg, av di det jo er eit rekneskapssamandrag (næringsoppgåve) du legg med sjølvmeldinga, ikkje dei fysiske rekningane. I likningsarbeidet er det likevel lett og ofte rutine å sjekka kva abonnement eit ENK eig. Det er óg seinare noko som hetter bokettersyn. Uansett har du då med overlegg brote fleire reglar, og dei strengaste har seks år som høgstestraff.

Lenke til kommentar

I eit ENK har du nok ikkje nokon "privat del" på 6000 kr, det gjeld berre for den som er tilsett.

Direkte feilinformasjon. Sjablongbeløpet på 6000 gjelder også innehaver av ENK.

 

 

De nye sjablonreglene omfatter også selvstendig næringsdrivende. Dette innebærer at det fra 01.01.2006 kun kan fradragsføres utgifter tilsvarende det som kan dekkes skattefritt av arbeidsgivere. Dette betyr at det først kan fradragsføres kr 1 000 fullt ut. Deretter er det ingen fradragsrett for utgifter mellom kr 1 000 og kr 5 000 ved ett abonnement, og mellom 1 000 og 7 000 ved to eller flere abonnementer. Ut over henholdsvis kr 5 000 og 7 000 kan utgiftene fradragsføres fullt ut. Unntak fra fordelsfastsettelsen etter sjablonreglene vil kunne foretas dersom det åpenbart ikke foreligger adgang til privat bruk utenfor arbeidsplassen. For mobiltelefoner er dette ikke aktuelt. Telefon eller bredbåndstilknytning på den næringsdrivendes kontor kan derimot tenkes å falle utenfor sjablonen dersom kontoret ikke ligger i tilknytning til egen bolig.

 

(kilde)

 

Se også Lignings-ABC, punkt 2.1.

Personlig næringsdrivende gis fradrag for kostnad til elektronisk kommunikasjon i virksomheten. Fradraget skal imidlertid reduseres med det beløp som faller på privatbruken etter sjablonreglene, se pkt. 1.9.1.

 

Når det gjelder mva-fradrag, så er det riktig at dette skal deles ihht fordelingen næring/privat bruk.

Lenke til kommentar

Enkeltmannsforetak. Bruker min mobil + internett både i jobbsammenheng og privat. Telefon- og internettfakturaene er stilet til meg privat, og ikke til selskapet. Har dette noe å si for å føre dette til fradrag?? Eller er det bare å føre alle fakturaene i selskapet, og til slutt trekke fra den private andelen på kr. 6000,-?

Det ville selvsagt vært bedre om regningene hadde vært stilet til firmaets navn, og ikke deg personlig, men om du følger reglene korrekt mht sjablongbeløpet, og faktisk har brukt mobilen og internett-abonnementet i næringa, sammen med det faktum at ENK og eierens økonomi ligningsmessig er så tett sammenvevd som den er, så tror jeg ikke ligningskontoret vil gjøre noe nummer av det.

 

Se også denne tråden, særlig første avsnitt i siste innlegg.

Lenke til kommentar

Direkte feilinformasjon. Sjablongbeløpet på 6000 gjelder også innehaver av ENK.

Nei, det er ikkje feilinformasjon, men kanskje ikkje 100 % presist skrive for alle tilfelle.

 

Det du viser til gjeld tilfelle kor verksemda eig telefon/breiband som og vert nytta av eigaren. I eit slikt tilfelle er det heilt rett at innehavaren no vert rekna (mest) på lik line med ein annan tilsett. Det var ikkje det som var problemstilliga her, så svaret mitt tok ikkje føre seg eit slikt tilfelle.

 

Når det gjelder mva-fradrag, så er det riktig at dette skal deles ihht fordelingen næring/privat bruk.

 

Ja, igjen: Om rekninga er stila til firmaet, men telefonen og vert nytta av eigaren, er dette heilt rett. Nett på same måte som andre rekningar med MVA kor det er dels frådragsrett, dels ikkje.

 

Er rekninga stila til privatperson, slik at det er privatpersonen som er "eigar", er det ikkje MVA-frådragsrett. Dokumentet oppfyller då ikkje bokføringsføresegna sin § 5-5, jfr 5-1-1, pkt 2 når det skal bokførast i næringsrekneskapet, altså er MVA-frådragsrett avskoren. Skatt Vest er heilt klåre: Tida for tilordning etter bokføringsføresegna er slutt, og dette skal no tolkast 100 % etter lovens bokstav.

Lenke til kommentar

Tusen takk, det var det jeg trodde :-)

Nå er selskapets navn det samme som mitt navn også, så uansett litt vanskelig og skille kanskje..

 

Men litt usikker på hvordan jeg skal greie å fordele moms-fradraget ihht. yrkesbruk og privat når det gjelder dette da..?

Går det ikke bare å tilbakeføre moms på tilbakeføringen av de 6000 kronene?

Lenke til kommentar

Det du viser til gjeld tilfelle kor verksemda eig telefon/breiband som og vert nytta av eigaren. I eit slikt tilfelle er det heilt rett at innehavaren no vert rekna (mest) på lik line med ein annan tilsett. Det var ikkje det som var problemstilliga her, så svaret mitt tok ikkje føre seg eit slikt tilfelle.

 

 

 

Men hva da når selskapet heter det samme som jeg heter? Er jo både selskapets- og mitt private navn som står på fakturaene da..

Lenke til kommentar

Men hva da når selskapet heter det samme som jeg heter? Er jo både selskapets- og mitt private navn som står på fakturaene da..

Det har du heilt rett i. Er det då ikkje noko som viser anna, td eit (privat) fødselsnr i staden for eit org nr som høyrer næringa til, vert sjølve utgangspunktet ditt feil: Telefonrekninga er ikkje stila til deg privat, men til næringa, og du nyttar næringa sine goder privat. Då er reknestykket lett nok, og heilt slik du seier. Bilaget for føringa lagar du sjølv, med forklåring, kontering, dato og signatur. Gjerne og med ein kopi av regelverket bak.

 

Men då var me altså på eit heilt anna utgangspunkt enn kva du spurde om: "Bruker min mobil + internett både i jobbsammenheng og privat. Telefon- og internettfakturaene er stilet til meg privat, og ikke til selskapet." Som ein spør får ein svar, og småting kan ha mykje å seia i rekneskapen. :).

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Ok :-)

I utg.punktet er den jo stilet til meg privat, da jeg har mottatt disse lenge før jeg opprettet selskapet. Men så kom jeg på at selskapet heter det samme som meg.. :-)

 

Så da kan jeg altså i utg.punktet bare fradragsføre alt, inkl. momsen, og tilbakeføre den private delen på kr. 6.000,-.

( Var vel tilbakeføringsbilaget du refererte til vil jeg tro?)

 

Det er bra jeg når har fått svar på dette, for har vært litt usikker ang. det her..!

Lenke til kommentar

Du er noko i grenseland her, og det kan vera ting som gjer at skatteetaten måtte vera usamnd ved ein kontroll. Har du sjekka og dobbeltsjekka at rekninga - av ein person med motvilje óg - kan tolkast som skriven til firmaet, så er det berre å arbeida ut frå det. Men sjekk alt nøye, alt frå eit personnummer til fakturering av ein type abonnement verksemder ikkje kan få tinge kan vera nok til bråk seinare.

 

Held fakturaene etter den sjekken lovkrava, som du finn på lovdata.no (søk på bokføringsforskrifen, gransk spesielt kap 5, og heilt spesielt 5-1-2 og 5-2) er det berre å bokføra, så lenge telefon/internett óg faktisk har vore nytta i næringssamanheng, og så lenge næringa etter rekneskapen eig ein ein PC kor breibandet kan nyttast.

 

Handsaminga er nettopp som du seier: Du bokfører alt på næringa, og fører attende den private delen 31.12. Hugs og på same bilaget å bokføra attende MVA på privatdelen, kredit inngåande MVA og debet kontoen for telefon mm (og utan kodar som gjev automatisk MVA-føring).

 

Strengt tatt skal du føra attende privat nytsle kvar månad, 1/12 av årssummen. I praksis er det mindre (ikkje) viktig, så lenge du ikkje har MVA-oppgjer kvar 2. månad. Har du det, er det viktig.

Endret av Atlanterhavet
Lenke til kommentar

Telefonen er brukt veldig mye, da jeg holder på med salg, og bl. a. ringer og booker møter. Internett er mest benyttet veibeskrivelser, da jeg reiser rundt i flere kommuner, og til å finne potensielle kunder i de forskjellige kommunene. Men også i forb. med altinn + en noe søking av regler osv (slik som nå). Men nå har ikke selskapet noen egen pc, da jeg bruker min private, så da blir det kanskje vanskelig å skulle argumentere dette med internett.. :-/

Lenke til kommentar

Jeg ringte skatteetaten i dag, og fikk da til svar fra hun jeg snakket med, at det hadde ikke noe å si om fakturaen var stilet til eieren personlig, så lenge telefon osv ble brukt i forb. med jobb. Samme regler for ansatte i AS gjaldt uansett.

Hun nevnte noe om at ansatte i AS kunne jo sende regning/refusjonskrav til AS`et dersom de hadde brukt sin private telefon i jobbsammenheng, og den regningen var jo også stilet til en privatperson. Så får jeg bare håpe hun visste hva hun snakket om.. :-)

Lenke til kommentar

Hugs at når du spør skatteetaten er det, endå meir enn når du spør rekneskapsfolk, at "som du spør får du svar". Du får svar på NETT det problemet du reiser, slik dei der og då forstår problemet. Ei aldri så lita endring på problemet, ei endring mange vil meina må vera heilt utan noko å seia, kan gje eit heilt anna svar.

 

Det er heilt rett at ein tilsett i AS kan krevja reusjon i eit AS, men her kan ein slett ikkje samanlikna reglar. Tilsette i eit AS kan t d skriva reiserekning etter statstenesta sitt reiseregulativ og, og men sjå kor langt du kjem med det i eit ENK. Sjølv om realiteten i begge deler er den same, personen eig firmaet sjølv og driv det sjølv. Her tel nemleg formalitet mykje, mykje meir enn realitet!

 

Skal du finna ut av ting hjå skatteetaten må vera viss på at du spør ein som KAN ENK, og er oppdatert på ENK, om saka gjeld ENK. Og du må spørja om skatt hjå ein som kan skatt og MVA hjå ein som kan MVA. Ellers får du høyra mykje "synsing" som ikkje held den dagen det er alvor. For hugs: Alt ein likningsfunksjonær seier er i prinsipp totalt uforpliktande den dagen ein annan funksjonær faktisk liknar eller kontrollerer. ALT! Då gjeld kun det som er signert på etaten sitt brevpapir.

 

Bokføringsføresegna er heilt klar. Er rekninga stila til "feil navn og adresse" kan ho ikkje lovleg bokførast som kostnad i eit rekneskap, då skal det utferdast kreditnota og korrekt faktura. Skatteetaten har vore pådrivar for føresegna. Ho skulle vore sett fullt i kraft for fleire år sidan, men etter såre bøner frå rekneskapsførarar og næringsorganisasjonar har det våre gjeve utsetning på utsetjing for å "tilpassa seg på fornuftig vis". No har etaten presisert klårt at tilpasningstida er over, no skal ho fylgjast. Rekneskapsførarar og revisorar har fått klåre påbod. Då må ein jo og rekna med at ho SKAL fylgjast, og at skatterevisorane fylger opp det? Om då ikkje økonomijournalistane skal få noko interessant å skriva om til hausten. Ser føre meg overskrifter som "skatteetaten fylgjer ikkje opp bokføringsreglar dei har tvinga gjennom" og det som verre er.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...