Gå til innhold

[Løst] Periodisering av inntekt + mva


Anbefalte innlegg

Dersom jeg for eks. har en utgående faktura på kr. 1000,- i 2011, som skal være med i 2010 (må periodiseres).

Stemmer det at jeg kan føre dette slik:

 

2011: D kunde, K 3990 (periodisert innt) kr. 1000,-

2010: D 3990, K 3900 (inntekt) kr. 750,-

 

Stemmer det at momsen da skal tas med i 2011, og ikke i 2010..?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Eg veit ikkje om eg heilt presist ser problemstillinga her, så eg må presisera. Er det slik at inntekta fakturaen gjeld er tent opp i 2010, men at fakturaen fyrst vert skriven i 2011? Anten av di det kan/skal gjerast ut frå bokføringsføresegna eller av di fakuraen skulle vore skriven i 2010, men rett og slett vart utegløymd skriven?

 

I så fall vert bokføringa av fakturasummen utan MVA slik 31.12.2010:

D: Ein konto for ikkje fakturerte krav, t d 1580.

K: Konto for periodiserte inntekter, t d 3990.

 

1.1.2011 vert ho motsett, då fører du periodiseringa attende, og gjerne med kopi av same interimsbilaget som du laga, dagsette og signerte for føringa i 2010. Så heng du denne kopien bak og lagar eit nytt inerimsbilag i 2011, berre med "sjå vedlegg", dato, kontering og signatur.

 

Etterpå skriv du fakturaen og bokfører han på heilt vanleg måte.

 

Normalt skal du sjå bort frå all MVA på eit periodseringsbilag. Er dette rein forsøming av ein faktura som SKULLE vore skriven i 2010 etter bokføringsføresegna, må du likevel rekna MVA og bokføra eit eige periodiseringsbilag for MVA, om MVA her utgjer nokon sum å snakka om. Fakturasummen utan MVA bør nok liggja på minimum 5000 kr før du gjer noko her kva gjeld MVA. (Her er eg pragmatikar: Er dette ein bagatell som ikkje er gjengangar i rekneskapen og under eit par tusen MVA-kroner, får du påplussa 4 % rente, minst 50 kr, på ein slik forsøming ved eit bokettersyn. Om ikkje bokføring er yndlingshobbyen, er det betre med "straffa" på 50-100 kr enn styret med å føra MVA att og fram og pinleg rett i eit slikt høve. Snakkar me om 20000 kr i MVA vert ting annleis.)

 

Om du må føra ei MVA-korrigering. Korleis du ho skal førast for ikkje å få "surr" i grunnlagstala for MVA må du avklåra med progamleverandøren, her er litt ulike variantar ute og går. Poenget er i alle høve at dette skal du føra UTAN å nytta MVA-kodar, direkte mot konto for utgåande MVA. Du får nok rot i MVA-grunnlaga for den måneden, og må laga ei manuell avstemming, men du må unngå å få rot du dreg med deg heile tida vidare, og kanskje om eit år ein ny feil som legg seg oppå den fyrste. Då vert du lettare galen før eller seinare! :).

 

Gjev programmet høve til det, bør du føra alle slike periodiseringsbilag på ein eigen bilagskode, 100 % skild frå den/dei vanlege, og med bilaga i ein eigen perm/eit eige hefte. Det gjer oversikta mykje lettare når du skal føra attende året etter.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...