Gå til innhold

Diary Defender v1.7


Anbefalte innlegg

Diary Defender v1.7 har nettopp blitt lagt ut for nedlasting. Programmet er laga for deg som ønskjer å halde ei dagbok på din PC, og denne utgåva er bedre enn nokonsinne.

 

Programmet let deg skrive og lese innlegg assosiert med ein dato, og du kan legge bilete til kvar dags innlegg. I tillegg har du mogleiken til å eksportere til HTML og RTF dersom du vil det, eller kanskje du ønskjer å skrive ut ein del av innlegga dine? Alt dette er fullt mogleg.

 

Du kan ha fleire brukarar pr. maskin, og alle brukarane er passordbeskytta. Det vert nytta såkalla Serpent-kryptering på alle innlegga, slik at du kan vere sikker på at du ikkje vert overvaka.

 

Du kan hente ned programmet frå xaltra.net. Om du er rask, kan det vere du er den første i verda som får tak i den nye versjonen.

 

Disclaimer: Dette innlegget er lagt inn av meg som privatperson, ikkje som moderator/administrator på sidene i nettverket. Ingen av sidene i nettverket har noko med dette å gjere.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ingen feilmeldingar, eller noko? Programmet har vore gjennom ekstensiv betatesting, og det virkar rart på meg at det berre skal låse seg slik som det. Uansett, om du har fått ei feilmelding ville eg sett pris på om du kunne sendt meg ein kopi av den. Kva operativsystem og program du har køyrande samstundes kunne og ha vore interessant å få vete.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...