Gå til innhold

:D


Lindalol

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Vi burde faen meg ha et eget språK!

Er bokmål dansk? Nei, men jeg skjønner hva du mener. I 1917 skreiv nordmannen Amund Helland dette om den norske hovedstaden, Kristiania:

 

«..hurtig ekspedition ved havnen, og kravene til havnen er vokset med skibsfartens udvikling. Trods store byggearbeider har havnens udbygning neppe holdt skridt med udviklingen af handelsomsætningen».

 

Legg merke til «er vokset» og «holdt skridt». Denne mannen var norsk, og skreiv på norsk, men det var jo egentlig kav dansk, det han skreiv. Skriftspråket har endra seg mye etter 1917, men vi har aldri gjort noe radikalt skifte fra det danske til det norske. Det har skjedd smått om senn, og fortsatt henger mye av dansken igjen i norsk bokmål.

Lenke til kommentar

Det å kaste bort uhorvelige summer på opplæring i nynorsk i skolen, er en tragedie uten like.

 

Dagens nynorsk er rent hykleri, det samme er mange nynorskforkjempere. I vanlig nynorsk benytter man nesten like mange fremmedord som man gjør i bokmål, i alle fall ganske mange. Den eneste forskjellen ligger i noen få ord og et par vokaler, samt at j-en er kuttet ut i jeg. Ellers benytter man i dagens nynorsk mange fremmedord: parallell, substitusjon, revolusjon, osv. Selv om ikke alle ville brukt disse ordene, er statskanalen og alle offentlige institusjoners nettsider gjennomsyret av latinspråklig inspirert nynorsk.

 

Om man hadde gått tilbake til en virkelig arkaisk, norrøn versjon av nynorsk, kunne jeg hatt en smule sympati for dem som ønsker å holde det språket levende. Men! Slik situasjonen er i dag, finner jeg parallelliteter mellom denne dårskapen og det å kaste penger i do.

 

Hvis vi ønsket å snakke et språk nærmere vårt språks norrøne utspring, kunne vi adoptert en del svensk. Hvis det skulle bli et problem, kunne vi alle bare skiftet til islandsk. Nærmere våre røtter kommer du ikke.

Endret av MækkTævvish
  • Liker 3
Lenke til kommentar

Det er visst at det er mykje som ættar frå dansk i bokmålet. Ein lyt hugsa på at det at ein del av ordi i dag vert nytta i daglegtale ikkje gjer dei mindre danske. Ordi som byrjar med fyrelekken be- og an- er alle lånte inn frå dansk/lågtysk, til dømes begjær, beskrive, begå, antaste, anta osb. Det same gjeld ord som endar på -het, slike som kjærlighet, dumhet, frihet osb.

Ein kallar framleis målet som dei talar i USA for engelsk sjølv um det skil seg frå britisk, lyt ein hugsa. Det er ikkje umoglegt at ein del av ordi yver kjem direkte frå lågtysk og ikkje gjenom dansk, men SNL skriv at:

 

[...] Dette gjelder et meget stort antall av de mest alminnelige ord i norsk som herre, frue, skute, klok, bruke, begynne, betale, kjærlighet, frihet osv., alle lånt fra tysk gjennom dansk.

 

Vi burde faen meg ha et eget språK!

 

Og um me no skal hava eit eige språk, so meiner eg at ein bør gjera detta på eit røynlegt vis ("skikkeleg måte"). Eg sér ikkje vitsen i hava eit eige mål i Norig um me ikkje røktar det godt og freistar nytta minst moglegt med lånord.

 

 

 

[...]At Norsk stammer fra dansk er det siste trinnet på en lang rekke utviklingstrinn.

 

Norsk ættar ikkje frå dansk. Det er bokmålet som ættar frå dansk. Me hev aldri tala dansk i Norig, dagsens norske talemål ættar rett frå norrønt; men hev teke upp i seg mykje dansk og lågtysk på vegen, og ikkje minst ein del latinsk.

 

Dagens nynorsk er rent hykleri, det samme er mange nynorskforkjempere. I vanlig nynorsk benytter man nesten like mange fremmedord som man gjør i bokmål, i alle fall ganske mange.

 

[...]

 

Ellers benytter man i dagens nynorsk mange fremmedord: parallell, substitusjon, revolusjon, osv. Selv om ikke alle ville brukt disse ordene, er statskanalen og alle offentlige institusjoners nettsider gjennomsyret av latinspråklig inspirert nynorsk.

 

Eg er samd at nynorskrettskrivingi hev fare av vegen, men du kann ikkje blanda saman det skriftmålet som oftast vert nytta og det som ein hev lov til å skriva. Dagsens nynorsk er full av ord av norskt upphav som ein kann skriva i staden, som du segjer, sjølv um dei ikkje vert nytta so mykje. Det siste segjer mest noko um brukarane, sjølv um ein ikkje skal gløyma at Språkrådet øyder det nynorske skriftmålet.

 

Den eneste forskjellen ligger i noen få ord og et par vokaler, samt at j-en er kuttet ut i jeg.

 

J-en i jeg er ikkje kutta ut! J-en er ei utvikling som fann stad i austnordisk (inkludert delar av Aust-Norig, um eg ikkje hugsar feil); det upphavlege ordet for 'eg' i frumnordisk ("urnordisk") er eka. Utanum på dei nemnde delane av Aust-Norig brigde (endra) ordet seg til norrønt ek. Frå norrønt ek tek ordet so mange ulike vegar i dei norske målføri.

 

Om man hadde gått tilbake til en virkelig arkaisk, norrøn versjon av nynorsk, kunne jeg hatt en smule sympati for dem som ønsker å holde det språket levende.

 

Du veit ikkje kva du talar um. Det finst ingen «norrøn versjon» av nynorsk. Nynorsk er ikkje norrønt, det er eit skriftmål basert på dei målføri som liver i dag. Norrønt er berre ei rettesnor for nynorsken; gjenom norrønt sér ein strukturen i dei norske målføri i dag.

 

Hvis vi ønsket å snakke et språk nærmere vårt språks norrøne utspring, kunne vi adoptert en del svensk. Hvis det skulle bli et problem, kunne vi alle bare skiftet til islandsk. Nærmere våre røtter kommer du ikke.

 

Det er oftast meiningslaust å skulla importera ord frå andre språk berre av di ligg nærmare det norrøne målet. Eg er samd at me skal taka utgangspunkt i det norrøne som ei rettesnor, som nemnd yver. Um me skal hava eit eige skriftmål her i Norig, skal det sjølvsagt byggja på dei norske målføri.

 

Dessutan er det berre tull at svensk ligg nærare norrønt; svensk hev ikkje ein gong eit tydelegt skilje millom dei tri grammatiske kyni ("kjønna")!

 

Den fasinasjonen du hev for norrønt er ikkje heilt god å skyna seg på. Norrønt er ikkje det upphavlege upphavsmålet vårt. Norrønt hev sjølv brigd (endra) seg mykje frå ættemålet sitt; nemleg frumnordisk. Frumnordisk var eit mykje lengre mål. Til dømes kjem det norrøne Haraldr frå frumnordiske HarjawaldaR. Frumnordisk ættar sjølv frå protogermansk, som igjen ættar frå endå eldre mål. Norrønt er «berre» eit utviklingssteg på vegen.

Endret av Anarkhos
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Dessutan er det berre tull at svensk ligg nærare norrønt; svensk hev ikkje ein gong eit tydelegt skilje millom dei tri grammatiske kyni ("kjønna")!

Njååå, er det no eigentleg sant? Har ofte høyrt svenskar svara med "ho er..." etter eit spørsmål på kva klokka er. Dei har iallfall svært klare restar av eit talemål med tri kjønn; og har ellers minst nesten like mykje til felles med norrønt som nynorsk idag.

 

Forresten, bør ein ikkje skriva "svenska" og ikkje "svensk" på høgnorsk? Har aldri sett nokon gjera det, men det verkar passande for meg. :hmm:

Lenke til kommentar

Dessutan er det berre tull at svensk ligg nærare norrønt; svensk hev ikkje ein gong eit tydelegt skilje millom dei tri grammatiske kyni ("kjønna")!

Njååå, er det no eigentleg sant? Har ofte høyrt svenskar svara med "ho er..." etter eit spørsmål på kva klokka er. Dei har iallfall svært klare restar av eit talemål med tri kjønn; og har ellers minst nesten like mykje til felles med norrønt som nynorsk idag.

 

Eg sér mange stader at svensk vert umtala som eit mål med tvo grammatiske kyn: samkyn og hannkyn; hokynet og inkjekynet hev falle saman (sjå t.d. her).

 

Stundom ligg svensk næraste det norrøne, stundom det (ny)norske. Ein lyt samstundes hugsa på at det ein talar um som norrønt ikkje utan vidare er synonymt med gamalsvensk og gamaldansk; ofta tenkjer ein berre på gamalnorsk når ein segjer norrønt; so vidt som eg skyner det (sjå t.d. denne og denne definisjonen).

 

Forresten, bør ein ikkje skriva "svenska" og ikkje "svensk" på høgnorsk? Har aldri sett nokon gjera det, men det verkar passande for meg. :hmm:

 

Trur ikkje det nei. Det er noko som ligg nærmare det norrøne, trur eg; men det finst vel ikkje mykje spor att av det i dei norske målføri, då.

Endret av Anarkhos
Lenke til kommentar

Om dere vil ha et ekte "norsk" språk, stikk til Island. Det er det nærmeste du finner ekte, upåvirket norsk.

 

Tull. Me hev aldri tala slik i Norig. Islendsk er islendsk, same kor mykje det munde hava sams med gamalnorsk. Det norske talemålet finn me berre i Norig, og det er detta me lyt byggja på.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...