Gå til innhold

Animasjon eller Media, IKT og design - Høgskulen i volda


Hoywin

Anbefalte innlegg

Skal søke meg inn på høgskulen til hausten, og er usikker på kvar eg vil studere. Eg har snevra det inn i to linjer, begge ved høgskulen i Volda, altso Animasjonslinja eller Media, IKT og design.

 

Eg går no Media og kommunikasjon og gjer det det rimelig godt på skulen. Eg har gode evner i foto, filmproduksjon og animasjon, og får gode lovord frå både medelevar og lærarane. Eg liker også godt å jobbe med mediefaga så er rimelig sikker på at eg har lyst til å arbeide innanfor eitt desse felta seinare.

 

Så valet står igrunn mellom å spesialisere meg innanfor animasjonsfaget, altså å ta en bachelorgrad til å byrje med, sjekke ut arbeidsmarknaden og eventuelt vidare ta ein master i utlandet. Eller å ta ei generalisert utdanning i Media, IKT og desig (bachelor) der eg er usikker på kva eg skal gjere etter dette.

 

Likevel er eg litt bekymra for arbeidsmoglegheiter seinare, eg tenker at det kanskje ikkje er like lett å få jobb som animatør som med ei noko meir generalisert medieutdanning, men det er kanskje berre eg som tek feil?

 

Når eg føler etter kva eg har mest lyst til så er det nok animasjon so frister mest, men igjen eg vil ikkje stå uten arbeid om 3, 4, eller 5 år.

 

 

 

Eg er også bekymra for opptaket, Eg har gode karakterar så Media, IKT og design vil eg komme inn på dersom eg søker der. På animasjon er opptaket noko annleis der:(saksa frå høgskulen i volda)

 

"Generell studiekompetanse og i tillegg arbeidsprøver (portefolie) der søkjarane må dokumentere evne i mellom anna frihandsteikning. Høgskulen vil orientere søkjarane om krava til arbeidsprøver i eige brev. Arbeidsprøvene blir vurderte av ein eigen fagkomité, som kan innkalle aktuelle søkjarar til opptaksintervju og -oppgåver i Volda. Godkjende søkjarar konkurrerer på grunnlag av konkurransepoeng "

 

 

Så, det eg trenger er ting som taler for og/eller imot dei ulike linjene, gode argument som kan rettleie meg, og hjelpe meg å velje.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...