Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Dårleg rekkjevidde på trådlaus mus/tastatur


Anbefalte innlegg

I fjor kjøpte eg eit sett med trådlaus mus/tastatur frå Logitech (hugsar ikkje modell. 199,- på Elprice). Det fungerte fint, sett vekk ifrå at rekkjevidda ikkje var 10m som anonsert, men nærare 1,5-2m. Eg har HTPC, og sitter i sofa ca 3m frå PC, og måtte difor strekkje mottakaren over på stovebordet og passe på at kaffikanna ikkje stod i vegen for at det skulle fungere tilfredsstillande.

 

Etter ei stund gikk eg lei og kasta skiten, og kjøpte i staden eit dyrare sett med Microsoft Wireless Keyboard 1000/Optical Mouse 2000. Annonsert rekkjevidde var 10m. Vart skuffa då eg oppdaga at settet hadde akkurat samme rekkjevidde som det forrige.

 

Har prøvd å kople frå andre trådlause einingar for å sjekke om det skapte forstyrring på signalet, men det var ingen forskjell. Har eg vore uheldig og kjøpt to ubrukelege sett, eller er det teknologien som rett og slett ikkje er betre?

 

Ynskjer no å kjøpe eit sett som virkar. Ser det er mus/tastatur med bluetooth tilgjengeleg. Fungerer det betre? Nokre tips til noko som faktisk virkar?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Problemet med trådløsheten er at ja, de funker på 10-15 meter har selv testet det...

MEN her og nå med samme sett i huset mitt men annen maskin så har jeg samme problemet.

Det hele ligger i forstyrrelser, min plukker opp svært mye fra maskinen, om motakeren ligger oppe på maskinen så blir den heftig forstyrret og plent nekter å plukke opp signaler selv om jeg setter tastaturet / musa tett inntil, legger jeg den på gulvet ved siden av maskinen så blir det straks bedre.

 

Så ja, alle elektriske aparater ser ut til å ha en innvikling på trådløse enheter, har selv gått over til kabel da det er en sannhet i at "Kabel slår trådløst... Uansett" og årsaken er at for å forstyrre ett signal i en kabel må du ha en helvetes til forstyrrelse :p

Lenke til kommentar

Takk for svar. Endte opp med bluetooth. Kjøpte Microsoft Bluetooth Mobile Keyboard 6000 og Microsoft Bluetooth Notebook Mouse 5000 frå Dustin Home, og er nøgd. Tastatur er fantastisk i respons, rekkjevidde og utforming. Musa er litt vel liten for mine store hender, men heilt grei som sofamus, sjølv om den laggar litt av og til.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...