thadon Skrevet 23. mars 2011 Del Skrevet 23. mars 2011 (endret) Om eg ikkje tek feil nyttar Anarkhos høgnorsk. Endret 23. mars 2011 av thadon Lenke til kommentar
Velmont Skrevet 23. mars 2011 Del Skrevet 23. mars 2011 (endret) Må si det er noe 70-talls over hele nynorsken. Ser for meg at de fleste som skriver nynorsk har mye skjeggvekst. Hm, eg tykkjer det er sers mykje 2032-aktig med nynorsken. Ei framtid der ein endelegt hev funne fram til det rette riksmålet. Jeg bare lurer, man kan vel ikke skrive "hev" istedenfor "har"? Finner ikke noe om det i ordlista på http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html Høgnorsken er ei herleg privat norm. Det finst ingen krav um at me må fylgja staten sitt språk. Sidan dei prøvde å øydeleggja nynorsken med samnorsken, der dei gjorde han ekstremt laus, so samla nokon av oss seg um ein stramare norm. Det er faktisk den nynorske normi som hev flest brukarar. Altso alt flest folk segjer «eg skriv denne normi». Eg kjenner eigentleg ikkje til nokre andre strame nynorsknormer. Eg byter lett til ei anna norm dersom det kjem ei som er stram og konsekvent og vil verta utbreidd, men framlegget til denne nye nemndi er verkeleg heilt bak mål. Det opnar for mykje større rot i den vanlege nynorsken. Dei tek inn mange av sideformene til hovudformer, og gjer dimed den «brukte» nynorsken mykje vidare. Etter det so fjerner dei nokon små, sære, aldri-brukte ord. Kva vert resultatet? Rot. Eg ynskjer å skriva etter ei stram norm, helst regelrett og konsekvent. Difor likar eg høgnorsken, men eg er ikkje noko stort språkmenneske. Eg hadde gjerne sett at me hadde fengje ei norm som var stram og fylgjerett. Det er nok diverre lite truleg at høgnorsken fær større fotfeste enn han allereide hev (men likevel, det er høgst sannsynleg den private formi med flest brukarar(!)). Eg liker godt høgnorsken med tanken um at stramt, regelrett og fylgjestrengt er bra. Eg meiner det gjer han til eit enklare språk å læra og skriva. Men altso, hadde me fengje ei nedskjært, stram norm som eg pratar um (og som me vart lova!) so hadde eg glatt byta på dagen. For felleskapen Endret 23. mars 2011 av Velmont Lenke til kommentar
Quote Skrevet 23. mars 2011 Del Skrevet 23. mars 2011 Oi, der kom bokmålen fram. Skriver nok litt for mykje bokmål her på diskusjon.no, beklager. Men takk for oppklaringa Velmont. Lenke til kommentar
Velmont Skrevet 23. mars 2011 Del Skrevet 23. mars 2011 Oi, der kom bokmålen fram. Skriver nok litt for mykje bokmål her på diskusjon.no, beklager. Men takk for oppklaringa Velmont. Eg hadde netsida mi på nynorsk fyrr eg turte å ganga yver sjølv. Det er morosam lesnad i dag! Eg startar gjerne på noko som ser ut som tullenynorsk (men eg prøver!) og so kjem litt dialekt her og der, med ein god del bokmål ispedd. Vert eg litt for engasjert i teksten, so vert det plutseleg eit par avsnitt med bokmål. Det var jo framleis bruksspråket mitt på den tidi (2003-2005), og eg var ikkje van med å tenkja med nynorsk stemme (slik eg gjer no). Lenke til kommentar
Anarkhos Skrevet 24. mars 2011 Del Skrevet 24. mars 2011 (endret) Det er nok diverre lite truleg at høgnorsken fær større fotfeste enn han allereide hev (men likevel, det er høgst sannsynleg den private formi med flest brukarar(!)). Det er nok riksmålet, d.e. dansknært bokmål (kort sagt), som hev flest brukarar når det kjem til private normer (nokor samnorsknorm finst vel ikkje). Elles mykje vitugt i det du skriv, um eg ikkje er samd i alt. Om eg ikkje tek feil nyttar Anarkhos høgnorsk. Eg hev i minsto eksperimentert med å skriva høgnorsk på forumet her i det siste. Høgnorsk er eigentlegt ikkje berre ei skriftnorm, men au ein målfilosofi. Det vil i alle fall eg hevda. Endret 24. mars 2011 av Anarkhos Lenke til kommentar
SHHHKSHHHK Skrevet 3. april 2011 Del Skrevet 3. april 2011 Nynorskbruken min har dabba utruleg mykje av i det siste, men eg skal skjerpe meg. Lenke til kommentar
Alliha Skrevet 3. april 2011 Forfatter Del Skrevet 3. april 2011 Eg la merke til det, men hadde håp om at du skulle skjerpe deg, og sjå her! Lenke til kommentar
Wackee Skrevet 27. september 2011 Del Skrevet 27. september 2011 Eiga nynorsktråd? So herleg! Hugsar ein gong eg skreiv ein artikkel for mac1.no, då vert halve kommentartråden nytta til å diskutera om ein skulle ha lov å skriva nynorsk på nyhendesider på veven. Det var artig, då eg fekk mange meldignar i inboxen som støtta meg. Lenke til kommentar
Anarkhos Skrevet 3. oktober 2011 Del Skrevet 3. oktober 2011 (endret) Hev tråden hamna her no, plutselegt? Det var dårlegt gjort! (gjeng ut frå at trådbyrjaren ikkje hev bede um det ) Endret 3. oktober 2011 av Anarkhos Lenke til kommentar
jarr Skrevet 7. januar 2012 Del Skrevet 7. januar 2012 (endret) Flott å sjå det er ein del som held på nynorsken sin. sjølv skriv eg konsekvent nynorsk, og nyttar høve til å bruke gode gamle nynorske ord og uttrykk so ofte eg kan når eg skriv e-post til mottakarar som nyttar bokmål. Mest på trass Endret 7. januar 2012 av jarr 2 Lenke til kommentar
superninja Skrevet 29. januar 2012 Del Skrevet 29. januar 2012 Folk her er sjukt flinke i nynorsk.. haha Kor mange er faktisk frå ein nynorsktalande stad? Flott å sjå det er ein del som held på nynorsken sin. sjølv skriv eg konsekvent nynorsk, og nyttar høve til å bruke gode gamle nynorske ord og uttrykk so ofte eg kan når eg skriv e-post til mottakarar som nyttar bokmål. Mest på trass Ved formelle e-poster skal du nytte den målforma som sendaren nyttar. Lenke til kommentar
phydeaux Skrevet 29. januar 2012 Del Skrevet 29. januar 2012 (endret) Det forundrer meg at så få kjenner historien bak nynorsk, og hvordan man ikke behersker sentrale begreper. Personlig fikk jeg en større forståelse for nynorsk da jeg for noen år siden prøvde meg på forkurs på en av landets høgskoler. Det forundret meg da, og gjør det fortsatt, at historien og fundamentet til nynorsk ikke var en del av pensum på ungdomsskolen. Dette hadde nok vært et pedagogisk smart trekk ift å selge inn viktigheten av faget (sett fra en ren strategisk vinkel). Jeg håper læreplanene er endret til det bedre. Uansett, når mange f.eks. uttaler seg om å ”snakke” nynorsk, vrir jeg meg litt i stolen. Nynorsk er et skriftspråk. Man snakker dialekt, som er hele basisen for det nynorske skriftspråket. Ved en kuriositet ser det allikevel ut til at mange faktisk har begynt å konvertere det nynorske skriftspråket til talespråk, som en slags konservativ (dog følelsesladet) opponering mot bokmål. Det er som om man låner autoriteten fra skriftspråket for å styrke klangen i egen dialekt. Man må jo tross alt ikke glemme kampgløden fra gammelt av; arven fra det stive danske riksmålet må bekjempes! Jeg har ikke sansen for nynorsk hovedsaklig pga følgende: [list1] [*] Ingen dialekter nord for Helgeland ble inkludert i dialektstudien til Ivar Aasen, og følgelig er ikke nynorsk et fullstendig tverrsnitt av alle landets dialekter. [*] Intensjonen bak dialektstudien er preget av sentimentale følelser og militant opponering. Selv om jeg sympatiserer med ham på dette punktet, er det allikevel et usunt utgangspunkt. [*] Momentene fra pkt 2 ser ut til å ha gått i arv til Noregs Mållag, hvis hovedargumentasjon bærer preg av å appellere til følelser, snarere enn intellekt. Kanskje ikke den største brannfakkelen dette, men jeg følte behov for å uttale meg. Ærbødigst ph. Endret 29. januar 2012 av phydeaux Lenke til kommentar
Quote Skrevet 29. januar 2012 Del Skrevet 29. januar 2012 Kor mange er faktisk frå ein nynorsktalande stad? Eg snakker ikkje nynorsk, men dialekt. Eg er derimot frå ein kommune som har valgt nynorsk som sitt offisielle skriftsspråk. Lenke til kommentar
Anarkhos Skrevet 25. februar 2012 Del Skrevet 25. februar 2012 (endret) [list1] [*] Ingen dialekter nord for Helgeland ble inkludert i dialektstudien til Ivar Aasen, og følgelig er ikke nynorsk et fullstendig tverrsnitt av alle landets dialekter. Det er berre halve sanninga (sjå dette kartet), og den minst viktige halvdelen. Om Aasen hadde hatt reisepengar til å fara nordom Helgeland (eller korleis soga no er), ville det neppe hatt noko å seia for nynorsken (landsmålet). Les du landsmålet, vil ein snøgt skjøna kvifor: Aasen var ute etter dei formene og den grammatikken som hadde endra seg minst sidan gamalnorsken. I Nord-Noreg finn ein stort sett ikkje uendra former som ikkje finst andre stader au; eg kjem i farten ikkje på døme på det motsette (men kan godt vera at dei finst). I beste fall kunne Nord-Noreg ha bidrege til å vekta nynorsken, men d'er kje visst at det ville hatt mykje å seia for utfallet (sjølv trur eg svaret er nei). Lat meg koma med nokre døme: gamalnorsk - landsmål - nynorsk - nordnorsk bátarnir - båtarne - båtane - båtan keldur - kjeldor - kjelder - kjeldår/kjelde/kjelda (alternativt: byt ut kjel- med kil- for nordnorsk) bókin - boki - boka - boke/bok/boka ganga - ganga - gå - gang/gangæ/gå legg merke til at mange nordnorske former liknar sers mykje på landsmålsformene; men dei vanlegaste formene er nok oftast dei som eg har lista opp lengst til venstre (og dei mest uendra formene har eg alle frå Helgeland). [list1][*] Intensjonen bak dialektstudien er preget av sentimentale følelser og militant opponering. Selv om jeg sympatiserer med ham på dette punktet, er det allikevel et usunt utgangspunkt. Usamd når det gjeld opponering; målet med landsmålet var eit norsk skriftmål som tok utgangspunkt i det norske. Ikkje for å opponera, men for å vera betre heimfest. Sentimentalt er det heller ikkje; det ligg støtt logikk bak avgjerslene til Aasen. Det er systematikk i alt. Eit døme er at han er konsekvent med eytomologiske stavemåtar - slik som t.d. at Aasen skriv brand sidan han au skriv sand. På gamalnorsk heitte desse orda brandr og sandr. På same viset heiter det andsvar og ikkje 'ansvar'; av di and-/an- her tyder mot- og ikkje har samanheng med det lågtyske 'an-', som i 'anlegg'. [list1][*] Momentene fra pkt 2 ser ut til å ha gått i arv til Noregs Mållag, hvis hovedargumentasjon bærer preg av å appellere til følelser, snarere enn intellekt. Noregs Mållag er eg sjølv ingen stor tilhengjar av. Endret 25. februar 2012 av Anarkhos 1 Lenke til kommentar
Sitronsaft Skrevet 11. november 2015 Del Skrevet 11. november 2015 Eg skal skrive dette innlegget på nynorsk, så godt som eg klarar. Eg er frå Bergen og skriv vanligvis ikkje nynorsk. Me har ikkje ein gang hokjønn her i Bergen. Eg har eksamen i nynorsk (frå vgs), om nokre ukar, og har ikkje forebude (? forberedt) meg. Fant denne tråda litt tilfeldig, tenkte eg skulle si hei. Har stor respekt for nynorsk, skulle ønske eg mestra det. Bare synd at eg ikkje mestrar det 1 Lenke til kommentar
Vox_populi Skrevet 12. november 2015 Del Skrevet 12. november 2015 Eg skal skrive dette innlegget på nynorsk, så godt som eg klarar. Eg er frå Bergen og skriv vanligvis ikkje nynorsk. Me har ikkje ein gang hokjønn her i Bergen. Eg har eksamen i nynorsk (frå vgs), om nokre ukar, og har ikkje forebude (? forberedt) meg. Fant denne tråda litt tilfeldig, tenkte eg skulle si hei. Har stor respekt for nynorsk, skulle ønske eg mestra det. Bare synd at eg ikkje mestrar det Dette var slett ikkje verst! Du bommar på kjønnet eit par stader og kjenner ikkje ordet førebudd. Det mest avvikande er ordet ukar - skal vere veker. Men har du tilgang til eit retteprogram som kan ta det grøvste, er du fullt kvalifisert til å produsere vanleg byråkrat-nynorsk. Lykke til med eksamen! Lenke til kommentar
Alliha Skrevet 12. november 2015 Forfatter Del Skrevet 12. november 2015 (endret) Eitt av tipsa som eg stort sett pleie å sei, er: ro deg ned. Alle ord må ikkje vera så voldsomt intrikate, eller "over-nynorska" om du vil. Kikk gjerne gjennom tråden her, eller andre nynorske tekstar og få eit greitt overblikk over ting, i staden for å fokusere så mykje på å finne alle rette orda. Eg trur du kan klara deg kjempefint, og lykke til! also: takk for gjenoppretting av tråden etter 3 års pause. Endret 12. november 2015 av Alliha Lenke til kommentar
Sitronsaft Skrevet 12. november 2015 Del Skrevet 12. november 2015 Haha, eg så ikkje at han var tre år gammel. Takk for støtta Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå