Gå til innhold

Nynorsk-tråden! Laust og fast på/om nynorsk.


Alliha

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Hei!

 

Eg halde på å skrive ein stil på nynorsk, og eg trur det går ganske greit eigenleg. Men kan nokon av dykk sjå over teksta mi, sånn at eg veit at det sjer greitt ut? Send meg PM om ønskeleg, så skal eg sende deg stilen! :)

 

Mange set si lit til tru, det gjer ikkje eg. Eg foreslår, heilt ærleg og alvorleg meint, at du går gjennom den med ordboka ord for ord. Bare sjå på innlegget ditt:

 

- Halde er infinitivsform, setningen er presens

- Du brukar de/dykk feil. De = subjekt, dykk = direkte objekt.

- Tekst er ikkje eit hokjønnsord Det er visst valfritt hankjønn/hokjønn

- Sjer er ikkje eit ord

 

Takk for tipset, skal nå gå igjennom hvert eneste av de 1363 ordene i stilen! :whistle:

Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...

Nynorsk er beste norsk, bokmål er lågmål!

 

Snart mistar vi kanskje skilnaden på de/dykk, forresten. Språkrådet går inn for å gjera det valfritt, slik at dei som vil kan skriva "dykk slo dykk" utan at det er feil, istaden for tidlegare "de slo dykk".

 

Denne endringa har, såvidt eg har sett, møtt på motstand. Det kan eg verkeleg ikkje forstå. Eg veit eigentleg om svært få "moderate" nynorskbrukarar (i mangel på eit betre ord) som i det heile veit om at det skal vera "de slo dykk", og det er ikkje som om nynorsk har ein eldgammal praksis for å skilja mellom subjekt og objekt. Formene "deim" og "honom" er jo meir eller mindre døydde ut og ubrukte i moderne nynorsk, medan skilnaden på ho/henne er valfri og brukt i varierande grad.

 

Har nokon argument for å ikkje tillata "dykk" som subjekt?

Lenke til kommentar

...Må ærleg innrømma at eg sleit med å forstå det innlegget. :!:

Men ja, eg kan godt legge til linkane i førsteposten. :)

 

Det kann vera - eit skriftmål treng eksponering for at ein skal skyna det. Sidemålet vårt hev difor store føremoner (fordelar). ;)

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Ja, det er høgnorskt. Upphavlegt skreiv ein kann på nynorsk, men grunna samnorsktanken brigde (endra) ein det til kan for at nynorsken og bokmålet skulde skilja seg frå kvarandre minst moglegt. Kunna - kann - kunde (ein skal vist tala ut denne d-en) - kunna, difor tvo n-ar. På ein måte er mao. det mest logiske å skriva anten kuna - kan - kunde - kuna eller slik som ein gjer det i høgnorsken.

 

Det er vel òg parallellt med til dømes falla - fell - fall - (hev) falle.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Eg skal skrive nynorsk stil på mandag, lurar på korleis det går. Har hatt to prøvar i heile år og har fått 4 på ein og 5 på ein, det lønnar seg å ha hatt nynorsk som hovudmål i eit par år. Skjønnar ikkje korleis det er mogleg å få 1 i karakter på slike prøvar og alle desse som er for å avskaffe nynorsk, til fordel for bokmål.

Lenke til kommentar

Eg ser det er kome ein del svar på den opne høyringa til språkrådet, og som eg venta, er det ikkje så reint få som går sterkt imot "dykk" som tillaten subjektsform. "Dykk som subjektsform høyrer ingen stad heime" er visst konsensusen. Ein annan ordla seg litt meir poetisk: "Eg får hug til å seia at det er tragisk om dykk blir tillaten som subjektsform."

 

Men éin særleg påstand forvirrar meg:

 

Dette bryt med språkkjensla mi og mot all skriftleg tradisjon. Nemnda skal foreslå ei fastare norm. Å innføre ein ny valfri raritet er i strid med dette prinsippet. Ein kan av og til sjå "dykk" brukt som subjektsform, men då er det brukt av bokmålsfolk som er ustø i nynorsk og grip til ord som ser mest mogleg nynorske ut.

Eg voks jo opp i Oslo og var sjølv blant dette "ustø bokmålsfolket" heilt opp til tridje året på vidaregåande (og meiner for øvrig at det ustøe bokmålsfolket fullt ut skal takast omsyn til), og eg fann faktisk ikkje ut om at det heiter "de" før eit par månader inn i nynorsklivet mitt, lenge etter at a-verba, e-verba og samsvarbøyinga var godt innarbeidde. Dette frå ein person som gjorde eit heilhjarta forsøk på å leggja om! Det har seg jo nemleg slik at nesten ingen har denne skilnaden i talemålet sitt (dette er jo alle samde i), og ein skriv sjeldant til ei gruppe menneske i skulestilane sine - faktisk tok ikkje lærarinna mi seg bryet med å læra burt denne forma i dei få sidemålstimane vi hadde, ettersom ho rekna med at ingen av oppgåvene ville innebere potensiell bruk av de/dykk. Det er altså tilnærma umogleg for dei fleste i bokmålsområda å veta om skilnaden, med mindre dei verkeleg les flittig i grammatikkdelen til ordboka. Og isåfall ville jo i-målet vori like velkjent for dei òg.

 

Uansett: Eg har ikkje tru på påstanden om at "dykk" som subjekt er godt innarbeidd hjå nynorskbrukarane heller, og det er her eg vil veta om eg tek feil. Kjærasten min (som jo talar ei bokmålsnær dialekt, men likevel er oppvaksen i fleire forskjellige nynorskområde), fortalde meg nemleg at ho og alle ho kjende på skule med, i alle sine år aldri skreiv "de" i subjekt, eller i det heile visste om at det heiter det. Og ho var ikkje akkurat skuleveik heller, for å seia det slik. Er det verkeleg, som sitatet påstår, sjeldan for nynorskbrukarane å gjera feil på dette?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...