Gå til innhold
Trenger du skole- eller leksehjelp? Still spørsmål her ×

katter og unger


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Morgonstund har gull i munn

”Olav, nå må du stå opp. Du skal på skulen``. Eg er vant med å bli vekt av mamma kvar dag. Utan henne hadde eg aldri klart å stått opp. Røykestemman hennars gjer den ekstra skjærande. Eg har aldri tenkt på meg sjølv som nokon morgonfugl. Eg har ikkje motivasjon til det. I tankane mine før eg står opp tenker eg: ”Ok, nå må eg stå opp. 1…2…3….3….3```og sånn fortsetter det heilt til eg har sovna igjen. Eg skulle gjerne vært ein av dei taparane som står opp kl 7 om morran i helga, men eg er rett og slett for opptatt med å sove.

 

Eg er ganske sikker på at dei fleste på alderen min sover minst like lenge som meg. Det einaste som bekymrar meg er at mamma seier at eg sover uvanleg mykje. Viss ingen vekker meg ein helg så kan det hende eg våknar på kvelden neste dag. Det hendte ein dag(evt gong) da vi skulle til bestefar. Eg sov alene oppe på loftet, og siden vi var ein såpass stor familie var det ikkje så lett å hugse meg. Eg blei som den guten på ”Aleine heima” . Berre at eg sov det meste av dagen. Eg har dessutan høyrt ``Morgonstund har gull i munn``. Eg har aldri skjønt det, men ein ting eg er ganske sikker på er at det ikkje akkurat er gull i munn på morran. Viss eg ikkje tar feil er det ikkje det i din munn hellar. Eg tippar det er mest restar frå gårsdagens middag eller ein smule smak av tannpasta. Det er det i allefall i min munn.

 

Når vi snakkar om morgonfuglar. Ein person som i kvartfall er ein morgonfugl er bestefaren min. I sommarferien dro vi til han. Eg var forberedt på eit heilt vanleg besøk i nokon få dagar. Slappe av, slappe av og meir slappe av. Men det var ikkje akkurat det bestefar hadde planlagt. Fyrste dagen våkna eg midt på natta rundt 7 tida, da hørte eg nedenifra bestefar som ropte og bråka med kasseroller: ``Nå må dere stå opp. Vi har masse jobb å gjera. `` Det var det verste eg nokon gang hadde høyrt. Først tok eg det selvfølgelig ikkje på alvor, men eg skifta fort meining da bestefar sto med ein stor bøtte med vann forran senga mi. Det var ikkje mine beste dagar. Eg har aldri tenkt så mykje på ``problemet`` som mange seier at eg har. Eg har berre alltid likt å sova mykje. Faktisk så har senga mi vært min beste venn i mange år. Eg kan skjønne at folk meinar at det er sløs med tida. Tenkt da eg er i 80-årene. Da har vell eg brukt 2/3 av livet på soving. Og da har de andre på min alder levd mange dagar meir en meg. For min del er det heilt greit. Korfor kan eg ikkje gjera(bestem deg for om du vil bruke a- eller e-ending) det eg har lyst til?

 

Min meining er at det er betre å stå opp litt utovar dagen en å tvinge seg opp på morran. Da slippar man å vakne med det sure bestefar humøret. Eg har jo sett det sjølv. Da eg sto å venta på bussen forleden dag eg naboguten gjekk til skulen. Eit forferdelig men likevel gjenkjennelig syn. Han på meg med det fortapte morgonutrykket sitt. Du kan tenke deg (om) eg skvatt. Eg hadde aldri sett noko liknande før. Morgontrynet hans hang minst ein meter ned frå ansiktet. Eg som trudde mitt morgonfjes var ille. Eg er glad eg slippar det.

Noko anna eg syntes er fint med å sove lenge er at da kan eg sjå tv programmet ``Valens frukost tv``. Det er eit program som passer fint for alle dei `` B menneska `` som sliter med å stå opp.

 

Eg har ikkje høyrt om noko negativt med å ha eit sunt sovehjerte. Eg kan meir tenka meg at det forlengar livet. ``Ein god blund er sunt i grunn`` sa alltid grandonkelen min. Mor mi meinte han var gal. Ikkje veit eg. Eg blir vel ikkje smartare ved å spørre deg heller. Eg veit ikkje kva eg skal tru. Ikkje bryr eg meg heller. Alt eg veit er at dette gjorde meg søvnig. Inntil eg finnar ein løysning på ”problemet” , forblir senga min beste venn.

 

Har utheva det du må ta en titt på. Er jeg har bare sett på det grammatiske, og det kan godt hende jeg ikke har sjekka grundig nok. Du har i alle fall en del å starte med.

 

Jeg har for øvrig nynorsk som hovedmål.

Lenke til kommentar

 

Morgonstund har gull i munn

«Olav, no må du stå opp. Du skal på skulen». Eg er van med å bli vekt av mor mi kvar dag. Utan henne hadde eg aldri klart å stått opp. Røyk gjer røysta hennar ekstra skjerande. Eg har aldri tenkt på meg sjølv som nokon morgonfugl. Eg har ikkje motivasjon til denslags. I tankane mine før eg står opp, tenkjer eg: «Ok, no må eg stå opp. 1…2…3….3….3», og sånn held det fram heilt til eg sovnar att . Eg skulle gjerne vore ein av dei taparane som står opp kl 7 om morgonen i helga, men eg er rett og slett for oppteken med å sove.

 

Eg er ganske sikker på at dei fleste på alderen min søv minst like lenge som eg. Det einaste som engstar meg er at mor seier at eg søv uvanleg mykje. Viss ingen vekkjer meg ei helg, kan eg vakne på kvelden neste dag. Det hendte ein gong vi skulle til bestefar. Eg sov aleine oppe på loftet, og siden vi var ein såpass stor familie var det ikkje så lett å hugse meg. Eg blei som han guten på Aleine heime, berre at eg sov det meste av dagen. Eg har dessutan høyrt at «Morgonstund har gull i munn». Eg har aldri skjønt det, men ein ting eg er ganske sikker på, er at det ikkje akkurat er gull i munn på morgonen. Viss eg ikkje tek feil er det ikkje det i din munn, heller. Eg tippar det er mest restar frå gårsdagens middag eller ein smule smak av tannpasta. Det er det i allefall i munnen min.

 

Og medan vi talar om morgonfuglar - ein person som i definitivt er ein morgonfugl er bestefar min. I sommarferien fór vi til han. Eg var førebudd på ei heilt vanleg vitjing i nokre få dagar. Slappe av, slappe av og slappe av meir. Men det var ikkje akkurat det bestefar hadde planlagt. Fyrste dagen vakna eg midt på natta rundt 7-tida, og då høyrte eg nedanfrå bestefar som ropa og bråka med kasseroller: «No må de stå opp. Vi har masse jobb å gjere.» Det var det verste eg nokon gong hadde høyrt. Fyrst tok eg det sjølvsagt ikkje på alvor, men eg skifta snøgt meining då bestefar stod med ei stor bøtte med vatn framfor senga mi. Det var ikkje ein av mine beste dagar. Eg har aldri tenkt så mykje på «problemet» som mange seier at eg har. Eg har berre alltid likt å sove mykje. Faktisk så har senga mi vore min beste ven i mange år. Eg kan skjønne at folk meiner at det er sløsing av tida. Tenk då eg er i 80-åra. Då vil eg vel ha brukt 2/3 av livet på svevn. Og då har de andre på min alder levd mange dagar meir enn eg. For min del er det heilt greitt. Kvifor kan eg ikkje gjere det eg har lyst til?

 

Mi meining er at det er betre å stå opp litt utpå dagen enn å tvinge seg opp på morgonen. Då slepp man å vakne med det sure bestefarhumøret. Eg har jo sett det sjølv. Då eg stod og venta på bussen forleden dag såg eg at naboguten gjekk til skulen. Eit forferdeleg, men likevel familiært syn. Han såg på meg med det fortapa morgonuttrykket sitt. Du kan tenkje deg at eg skvatt. Eg hadde aldri sett noko liknande før. Det hengde minst ein meter ned frå andletet hans. Og eg som trudde mitt uttrykk var ille. Eg er glad eg slepp det.

 

Noko anna eg synest er fint med å sove lenge er at då kan eg sjå tv-programmet «Valens frukost-tv». Det er eit program som passar fint for alle dei B-menneska som slit med å stå opp.

 

Eg har ikkje høyrt om noko negativt med å ha eit sunt sovehjarta. Eg kan meir tenkje meg at det lengjer livet. «Ein god blund er sunt i grunn». sa alltid grandonkelen min. Mor mi meinte han var vitlaus. Ikkje veit eg. Eg blir vel ikkje smartare ved å spørje deg heller. Eg veit ikkje kva eg skal tru. Ikkje bryr eg meg heller. Alt eg veit er at dette gjorde meg svevnig. Inntil eg finn ei løysning på «problemet», held senga mi fram med å vere min beste ven.

 

 

Prøv å sjå grundig gjennom det eg endra, slik at du lærer av det. :thumbup:

Endret av mosleth
Lenke til kommentar

Jeg bruker heller automatisk oversettelse, du sparer tid på det.

Hahahanei, menneskelege omsetjingar har langt meir truverde enn eit dataprogram. Det finst ingen grunn til ikkje å få ein person til å sjå over om det du har gjort er riktig.

Endret av mosleth
Lenke til kommentar
Gjest Slettet+56132

Jeg bruker heller automatisk oversettelse, du sparer tid på det.

Hahahanei, menneskelege omsetjingar har langt meir truverde enn eit dataprogram. Det finst ingen grunn til ikkje å få ein person til å sjå over om det du har gjort er riktig.

 

Jeg gjør det ihvertfall og det gir meg karakter 4 på tentamener. Selvfølgelig må jeg passe på komma og riktig grammatikk av og til men det er enkelt å ordne.

Lenke til kommentar
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...