enixitan Skrevet 10. januar 2011 Del Skrevet 10. januar 2011 Eg prøvar å få litt kontroll på timeplanen min ved å bruke Google Kalender. Eg abonnerar på iCalendar-feeds frå universitetet, og får grei oversikt i Google Kalender i nettlesaren. Eg vil òg synkronisere kalenderen til mobilen min (Samsung Wave, støttar Exchange), men då får eg bare med hovudkalenderen, og ikkje dei eg abonnerar på i tillegg. Det er ikkje mogleg å legge alle hendingar i andre kalendrar inn i hovudkalenderen automatisk (med kun Google Kalender), det er det òg andre som har problem med. Eg har Thunderbird med Lightning på PC-en, og kan flytte alle hendingar frå ein kalender (universitetskalender) til ein annan (Google Kalender), men det er framleis manuelt. Eg ynskjer at dette skjer automatisk, slik at om ei forelesning endrar tidspunkt må eg ikkje gjere det på nytt og rydde opp hendingar med feil som ikkje er aktuelle. Er det andre kalendertenester som kan gjere dette, og støttar Exchange-synkronisering? Eller har nokon andre kreative måtar å løyse dette på? Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå