Gå til innhold

Lyd-pc, byggja eit grunnlag på lågt budsjett


Anbefalte innlegg

Eg var ivrig lesar av hardware.no og bygde fleire PC-ar tidleg på 2000-talet, men har falle heilt av lasset sidan då. No er eg på leit etter ei maskin som hovudsakeleg skal brukast til det virtuelle pipeorgelet Hauptwerk. Det er eit veldig prosessor- og minneintensivt program, men med relativt stabile systemkrav. I tillegg vil eg driva med enkel lyd- og videoredigering (YouTube < 15 min).

 

Hadde i utgangspunktet tenkt å kjøpa ei ferdig maskin brukt, men med såpass spesielle krav kan det vera like greitt å byggja sjølv med nye delar, og kanskje få noko som kan utvidast etter kvart som pengane kjem inn.

 

Er det føremålstenleg å byggja eit "grunnlag" -- dvs ei maskin utan skjerm, mus/tastatur eller lyd-/grafikkort -- til under 4000 kr? Til å byrja med trur eg eg kan greia meg med tokjerne-prosessor ~ 3ghz, 4gb ram og 1tb harddisk, så lenge det kan oppgraderast seinare. Hauptwerk lastar mange gigabyte med virtuelle orgelpiper i RAM for avspeling i sanntid, så minnet bør vera av rimeleg god kvalitet. Eller må eg lenger opp i pris for å få noko som kan vara ei stund (då meiner eg at kvaliteten er såpass at det ikkje sluttar å verka om eit år)?

 

Har sett på tilrådingane på hardware.no og kome fram til fylgjande, AMD-basert:

 

Asus M4A785T-M

AMD Athlon II X4 635 (må eg ha vifte i tillegg?)

Corsair XMS3 DDR3-1600 CL9 4 GB 2x2 GB

Samsung Spinpoint F3 1 TB

Corsair VX 450W

ACE of Sweden Ecco220

 

Til saman 3112 kroner frå dei billegaste stadene i dag. Om eg skulle leggja nokre hundrelappar ekstra i nokre av delane, kva bør helst oppgraderast med tanke på å få noko meir langvarig? Er det noko å henta på å gå for Intel i staden? Er det noko som manglar i dette oppsettet bortsett frå optisk drev?

 

På førehand takk!

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ville kanskje satset på intel, selv om det er litt dyrere. Har et lignende oppsett selv som jeg kjører Cubase og en haug med VST-instrumenter etc på. Funker som bare juling!

 

Kabinett (Cooler Master Micro Tower)

Harddisk (Spinpoint F3)

Strømforsyning (Corsair 550w, så har du nok å gå på)

4GB RAM (Corsair xms3 CL8, 1600mhz. Kjapp og bra, har samme selv)

Hovedkort (GIGABYTE GA-H55M-UD2H H55 S-1156 M-ATX)

CPU (Intel i5-760, quad 2,80ghz inkl vifte)

 

Totalt: 4144,- (Alt fra dustinhome.no)

 

 

Ellers skjønner jeg at du vil ha mikrooppsett hvis dette skal fraktes rundt etc, men jeg ville nok selv godt for vanlig ATX og større kabinett. Da har man mer rom for senere utvidelser, samt bedre lufting og kjøling senere. Det kan også hende man får trøbbel med skjermkort som er for lange, men det må man bare sjekke på forhånd.

Endret av phlake
Lenke til kommentar

Takk for innspel!

 

Eg tvilar sterkt på at eg kjem til å utvida med noko meir enn RAM, ein kraftigare CPU og eventuelt lydkort (kanskje eksternt). Nøyer meg nok med integrert grafikk på hovudkortet. Om eg ikkje skulle endra meining i framtida, har eg då eigentleg noko å vinna på kraftigare straumforsyning og vanleg ATX? Eg set i alle fall moderat støynivå og lettvint frakt høgare enn å kunna stappa kabinettet fullt av diskar.

 

Er det eventuelt eit alternativ -- dvs, gjer det noko frå eller til mtp. lufting -- å leggja litt ekstra i eit mikro-kabinett av god kvalitet?

 

Hauptwerk har ord på seg for å gjera god nytte av dagens Intel-arkitekturar, så eg hellar nok dit.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...