Gå til innhold

"Hvem" i stedet for "hvilken/hvilket", dialekt eller gramatikkfeil


KoKo_

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Dette kan vel ha noko med at ordet «hvilken» ikkje finst i nynorsk og fleire dialektar.

 

Elles fann eg dette:

‘Hvem’ og ‘hvilken’ er (meir eller mindre) det same ordet i språk som gresk, serbisk og bulgarsk. Det er òg det same ordet i vårt eige språk viss vi går 1000 år tilbake i tid: I norrønt var det slik at dersom ein ville etterspørja ein bestemt ting (dvs. eit eksemplar), ville ein nytta determinativet hverr. Setninga Hverr maðr á hestinn? tyder ‘Kva for ein mann eig hesten?’, altså ‘Hvilken mann...’. Setninga Hverr á hestinn? tyder derimot ‘Kven eig hesten?’, altså ‘Hvem eier hesten?’. Så hverr i norrønt er altså både determinativ og pronomen akkurat slik som i austnorske dialektar der ein kan seia både "Hvem hest eier mannen?" og "Hvem eier hesten?"! Eg kan (førebels) ikkje dokumentera at determinativt ‘hvem’ har funnest på Austlandet sidan vikingtida, men heilt nytt er det i alle fall ikkje. Amund B. Larsen nemner det i si avhandling om Kristiania bymål frå 1907, og ein finn det nemnt også i andre dialektskildringar frå same tid.

Men hvilken i moderne norsk har altså ein annan bruk enn hvílíkr hadde i norrønt: hvilken etterspør eksemplar medan hvílíkr etterspurde type og altså meir tilsvarar ‘kva slags’.

http://www.forskning.no/blog/vangsnes/204065

 

Eg ser i artikkelen at ein i fleire dialektar ikkje skil mellom orda, heller ikkje på Austlandet. Det kan vera at ordet hvilken døydde ut her i landet, men at vi fekk det att frå danskane. Her har vi dialektord som «åssen» og «korsn» i same tydinga som det norrøne hvílíkr (kva slags). Vi har altså, om dette er rett, henta inn hvilken frå dansk, som der har fått ei anna tyding. Det same har hendt i nokre av dialektane våre òg, der ordet på ein eller annan måte har vorti hokken.

Lenke til kommentar
  • 4 år senere...
  • 2 uker senere...
  • 3 uker senere...
  • 3 uker senere...

Nja, er nok dialekt i visse tilfeller. Vil dog påstå at mange nok har et rimelig slapt forhold til språket :)

 

Det skjærer i ørene når jeg hører "hvem bil". Har også sett denne vanen gjenta seg skriftlig, så forstår ikke helt hvordan disse personen kan ha bestått norskfaget. Hadde blitt strykkarakter fra meg i alle fall.

Lenke til kommentar
  • 2 år senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...