Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Læreren og eleven sin rettigheter (uvarslet prøve)


SmoothCriminal

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Trur nok det er denne paragrafen som er mest aktuell:

§ 4-3. Grunnlaget for vurdering i fag

 

Grunnlaget for vurdering i fag er dei samla kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i læreplanverket, jf. § 1-2 eller § 1-3.

 

I vurderinga i fag skal ikkje føresetnadene til den enkelte, fråvær eller andre forhold knytte til ordenen og åtferda til deltakaren trekkjast inn.

 

Læraren skal så langt råd er, skaffe tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til deltakaren, slik at retten deltakaren har etter § 4-1, blir oppfylt. Det gjeld òg dersom stort fråvær eller andre særlege grunnar gjer vurdering vanskeleg. Deltakaren skal delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag for å vurdere deltakaren sin kompetanse i faget. Stort fråvær kan føre til at grunnlaget for halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar.

 

Realkompetansen skal vurderast mot kompetansemåla i læreplanane i fag slik dei er fastsette i læreplanverket. Vurderinga skal vise om realkompetansen er likeverdig med kompetansen som er oppnådd gjennom grunnopplæringa.

 

Læraren skal etter denne paragrafen så langt som mulig skaffe seg eit tilstrekkelig grunnlag for å vurdere kompetansen din, etter det eg forstår så vil prøver være ein svært viktig metode for å vurdere kompetansen din.

Dersom du med gyldig fråvær ikkje fekk tatt prøva så skal du dersom det er mulig få ta den igjen slik at læraren kan sette ein karakter (alternativet vil være at du ikkje får karakter, les: strykkarakter).

 

Når det gjeld forvarsel til prøver så finner eg ingen paragrafer som omtaler vanlige prøver. Men dersom eg skal gjette så er det forventa at du til ei kvar tid er oppdatert på pensum og dermed kan avlegge prøve der du blir testa i til no gjennomført pensum utan mykje tid til forberedning.

Husk at dei fleste lærarar ikkje annser "skippertak-metoden" som ein god studiemetode.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...