Gå til innhold

Fuglane av Tarjei Vesaas


Anbefalte innlegg

Eg er på utkikk etter meiningar om klassikaren til Vesaas! Personleg tykkjer eg at boka er særs god. Eg har både lest ho, og sett dramatiseringa på teater. Sjølv om teateret var heilt greit, vart eg litt skuffa. Eg synast ikkje at tankane til Mattis kom heilt tydeleg fram. Både i boka, og på teater, sleit eg med å forstå slutten. Nokre synspunkt?

Endret av Jonas2E
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hei Jonas. Det gleder mitt hjarte å høyre at fleire sett pris på Vesaas litteratur. Eg har sjølv vore på teater å sett dramatiseringa av Fuglane, og eg må seie at eg likte dette vel so godt som boka. Eg skjønner at du ikkje heilt forstår slutten. Trur du ikkje at dette var eit av føremåla til Vesaas - at han ynskte at me skulle undra på kva som eigentleg hende med Mattis? Eg tolkar det slik at Mattis overlot sin skjebne til naturkreftane og døyde.

Lenke til kommentar

Takk for svar, Madeleine! Eg tykkjer det er spennande å utveksle tankar og meiningar med andre litteraturinteresserte. Eg er einig i at det nok var med hensikt å la slutten vere open. Ditt synspunkt om at Mattis lar naturen rå over egen skjebne er eg også einig i, men eg er ikkje så sikker på om han faktisk døydde. I laupet av heile boka har Vesaas framstelt havet som ein slags "ven" av Mattis. Vatnet har til dømes vore ein plass kor han har funni meining i kvardagen, og også gitt han arbeid. Eg trur derfor ikkje det er tilfeldig at det er nettopp vatnet som avgjer skjebna til Mattis.

Lenke til kommentar

Dine påstandar vekkjer intresse, Jonas2E. Eg vert meir nyfiken på kva som faktisk hende med Mattis etter du fortalde om dine tankar om rolla vatnet kan spela. Eg er dimed nyfiken på kva du trur om verets tyding? I heile forteljinga frykta Mattis uvêr. Medan havet var venen hans, meiner eg me kan kalla lynet ein fiende. Trur du ikkje at uvêret mot slutten kan vere eit symbol på at han måtte gje tapt?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...