Gå til innhold

Oktoberfest 2010 - Torbjørn T. - smc-DA 35mm f/2.8 macro


Anbefalte innlegg

Brukar: Torbjørn T.

Nivå: Kandidat

Utstyr: SMC Pentax-DA 35 mm f/2.8 macro på K10D

 

Mørkret senker seg

 

Det er framleis dagsljos her i Longyearbyen – eg studerer dette semesteret ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) – men det vert stadig mørkare, og i slutten av oktober byrjer mørketida. Vert spanande å sjå kva eg får til, men i eit anfall av optimisme melder eg meg på som kandidat.

 

Kart

Alle bilete er geotaga, og meir nøyaktig kor dei er tatt kan ein sjå på dette Google-kartet:

http://maps.google.com/maps/ms?hl=no&geocode=&ie=UTF8&msa=0&msid=107384740552818934304.000491f47d32c21673ea9&ll=78.127714,15.161133&spn=0.92465,3.856201&z=8

 

Om nokon vil sjå på litt betre kart over området (Google har gode flybilete over Longyearbyen, men ikkje noko topografisk kart), er Norsk Polarinstitutt behjelpelege:

http://npweb.npolar.no/portal/tema/toposvalb.html

Endret av Torbjørn T.
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

1. oktober – Julenissegruva

 

Gruvedrift er ein viktig industri på Svalbard, so det passer å opne med eit bilete av ei gruve. Dette er Gruve 2b, og kalla «Julenissegruva», utan at eg veit akkurat kvifor. Det er ei nedlagt gruve som ligg litt oppi lia i Longyeardalen.

post-21406-1286185084,3766_thumb.jpg

Endret av Torbjørn T.
Lenke til kommentar

Spennende natur! Kanskje litt mørke bilder, men hva kan man vente på Svalbard i vinterhalvåret?

Liker gruven - med en så skremmende åsside skjønner man hvorfor det var sagn om folk som ble tatt av berget og annet skrømt.. Andre bildet var som å se Lofotveggen, bortsett fra at det ikke var tatt fra en ferge.. ;)

Lenke til kommentar

Har vært så vidt inne i starten av Bjørndalen. Flott natur som ellers på Svalbard. Her har du fått med fjellene i bakgrunnen med fersk, tynn snøkalott. Belyste tåkeskyer driver over dalen. Kunne kanskje fått opp lyset litt i dalbunnen, men da måtte du nok hatt gradert gråfilter. Samme gjelder for så vidt det første bildet. Flott landskap er det uansett.

 

Så langt liker jeg best det midterste bildet. Silhouetten av en fotograf som forsøker å fange fjellene i det fjerne med blodrød himmel over. Skarp og fin vannlinje gjennom hele panoramaet (regner med at det er ytterste delen av Isfjorden?). Dystert varsel om mørketid.

Lenke til kommentar

Takk so mykje for fine ord! Er einig i at nokre av bileta vart litt mørke, men slik vart det no.

 

(regner med at det er ytterste delen av Isfjorden?).
Ytste del av Isfjorden ja. Biletet er tatt omlag i retning rett vest, frå ytst i Bjørndalen.

 

 

Om nokon har lyst til å finne ut kor dette er på kartet, kan ein ta turen innom Norsk Polarinstitutt sine sider:

http://npweb.npolar.no/portal/tema/toposvalb.html

 

 

4. oktober – Operafjellet

Vart litt ei nødløysing i dag, i form av Operafjellet fanga rett før eg gjekk heim frå skulen. Dalen som går innover til høgre i biletet er Adventdalen1.

 

post-21406-1286223987,0315_thumb.jpg

 

 

 

1 Namnet har ingenting med høgtida å gjere, det er ei radbrekking av «Adventure», eit kvalfangstskip (trur eg det var) som låg i området ein eller annan gong.

Lenke til kommentar

6. oktober -- Mot Longyearbreen og Nordenskiöldfjellet

 

Vart ikkje noko bilete i går, men eit nesten brukbart i dag. Biletet er tatt frå Nybyen der alle studentane bur, omlag 3km sør for Longyearbyen sentrum. Nordenskiöldfjellet, som ligg inni skyene omlag midt i biletet, er det høgaste fjellet rundt Longyearbyen, med 1053 m.

 

post-21406-1286376739,2882_thumb.jpg

Lenke til kommentar

Operafjellet var litt av en nødløsning. Flotte høstfarger i forgrunnen, og melis på toppen. Komposisjonen var også toppers i mine øyne.

 

Det siste bildet tyder på ruskevær. Er de flekkene vi ser nedbør? Fine linjer nedover fjellet. Ellers indikerer EXIF på bildene konstant blender f/2.8, men kan det stemme?

 

Edit: Kartlinken var super. Nå synes jeg kart er interessant i seg selv, men her kan vi jo også følge med på hvor du er, og hvordan terrenget rundt ser ut.

Endret av k.n.b
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...