Gå til innhold

Nytt objektiv - telezoom


Anbefalte innlegg

Hei, har lenge tenkt på å kjøpe nytt objektiv til mitt 50D. Har allereie Canon EF-S 18-135mm f/4-5.6, som eg har mykje glede av. Men når det kjem til fjellturar og situasjonar med behov for litt meir zoom, så blir 135mm litt for lite.

 

Har derfor sett etter fleire objektiv, helst i Canon-leiren:

 

Canon EF-S 55-250mm f/4-5.6 IS

http://www.the-digital-picture.com/Reviews/Canon-EF-S-55-250mm-f-4-5.6-IS-Lens-Review.aspx

 

Canon EF 70-300mm f/4-5.6 IS USM

http://www.the-digital-picture.com/Reviews/Canon-EF-70-300mm-f-4-5.6-IS-USM-Lens-Review.aspx

 

Canon EF 70-200mm f/4.0 L USM

http://www.the-digital-picture.com/Reviews/Canon-EF-70-200mm-f-4.0-L-USM-Lens-Review.aspx

 

Har eigentleg lagt i frå meg tanken om 55-250mm etter å ha lest diverse reviews, men tar det med likevel.

Prismessig ligg ikkje 70-200mm L USM langt frå 70-300mm, og det er vel betre på det meste. Men zoomen er kortare enn 70-300mm, og den har ikkje IS.

 

Eg likar godt å dra med meg kameraet på fjelltur, ta bilde av landskap, menneske og dyr og ofte bilete i røyrsle. Prisen eg vil bruke på eit nytt objektiv er opp mot 5000,- kr (fattig student blir fattigare), men til den prisen vil eg ha eit nytt eller svært pent brukt objektiv. Eg har ikkje sett etter alternativ i Sigma eller Tamron evt. andre merker, så tek gjerne i mot råd og hint frå desse.

 

Kjem eg til å savne IS med L-objektivet? Kjem eg til å mangle zoom med L-objektivet, "skulle gjerne hatt 100mm til?"

 

Håpar på god respons!

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...