Christiαno Skrevet 25. august 2010 Del Skrevet 25. august 2010 (endret) 26 skoledagar, ja, eg vil bli retta på. Læraren fortalte oss det Skole er eigentleg nynorsk( i følge mine lærarar) for å skylle eller vaske. Det skrivast i så fall skòle. Det er då lov å skrive både skole og skule på nynorsk. http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=Skole&nynorsk=S%F8k+i+Nynorskordboka&ordbok=nynorsk&alfabet=n&renset=j Endret 25. august 2010 av Chris9 Lenke til kommentar
enixitan Skrevet 25. august 2010 Del Skrevet 25. august 2010 Eg lika kaffi, og tykkje odd nordstoga syngje fint. Er eg kvalifisert til å delta i denne tråden tru? Eg drikk ikkje kaffi, og eg bryr meg lite om Odd Nordstoga, men eg er her likevel. Akkurat som Kaffistova i Donald Duck-historia Eggemysteriet. Lenke til kommentar
Mr. A Skrevet 25. august 2010 Forfatter Del Skrevet 25. august 2010 E det bare eg som syntest at det e veldig vanskeleg å skrive nynorsk ? Lenke til kommentar
enixitan Skrevet 25. august 2010 Del Skrevet 25. august 2010 For meg er det heilt naturleg, eg brukar nynorsk med mindre formålet tilseier at bokmål er betre. Lenke til kommentar
Christiαno Skrevet 25. august 2010 Del Skrevet 25. august 2010 E det bare eg som syntest at det e veldig vanskeleg å skrive nynorsk ? Tydelegvis blandar du òg dialekt med nynorsk. Slikt er ikkje lov. Det er for meg som å skrive toten-dialekt og hevde at man skriv bokmål. Men det har vel noko med at det er fleire grammatiske reglar å ta hensyn til enn på bokmål. Til dømes så er fleirtallsbøyinga ulik mellom kjønna. Eg hugsar at eg sleit veldig mykje med det, men det kom seg etter kvart. Lenke til kommentar
Mr. A Skrevet 25. august 2010 Forfatter Del Skrevet 25. august 2010 E det bare eg som syntest at det e veldig vanskeleg å skrive nynorsk ? Tydelegvis blandar du òg dialekt med nynorsk. Slikt er ikkje lov. Det er for meg som å skrive toten-dialekt og hevde at man skriv bokmål. Men det har vel noko med at det er fleire grammatiske reglar å ta hensyn til enn på bokmål. Til dømes så er fleirtallsbøyinga ulik mellom kjønna. Eg hugsar at eg sleit veldig mykje med det, men det kom seg etter kvart. Vant til å skriva bokmål og på min egen dialekt. Hvis du har, kom gjerne med tips. Lenke til kommentar
Christiαno Skrevet 25. august 2010 Del Skrevet 25. august 2010 (endret) Dei vanlegaste fellene er at man skriv "e", "te" og får verb i infinitiv til å slutte på A til dømes, slik som det er i ein del dialektar. Då skriv man i staden "er", "til" og får verb i infinitiv til å ende med E, slik som på bokmål. Ord som byrjar på Hv- er det òg lurt å ikkje nytte, då dei fleste orda som skrivast "hv" på bokmål har "kv" på nynorsk (eller har eit heilt anna ord for det i staden, naturlegvis). Eg kan komme med fleire tips seinare, men no skal eg sove, må opp tidleg i morgon. God natt, karar. edit: Eg fann ein del feil sjølv Endret 25. august 2010 av Chris9 Lenke til kommentar
Mr. A Skrevet 25. august 2010 Forfatter Del Skrevet 25. august 2010 Tusen takk for tips. God natt Lenke til kommentar
enixitan Skrevet 26. august 2010 Del Skrevet 26. august 2010 Dei vanlegaste fellene er at man skriv "e", "te" og får verb i infinitiv til å slutte på A til dømes, slik som det er i ein del dialektar. Då skriv man i staden "er", "til" og får verb i infinitiv til å ende med E, slik som på bokmål. Du kan skrive nynorsk med kløyvd infinitiv (-a-ending), t.d. å kasta, å spela. Sjekk ordboka. Du må rett nok passe på at du er konsekvent, og ikkje blandar kløyvd og vanleg infinitiv. Elles: - Ord som byrjar med an- skal ein freiste å unngå (angrep = åtak) - Ord som sluttar med -else skal ein freiste å unngå (helse er eit unntak, dette handlar om lengre ord som forelskelse) - Ver konsekvent i forma di. Skriv du verkelegheit i staden for røyndom, skriv du òg hemmelegheit i staden for løyndom Lenke til kommentar
Llandari Skrevet 5. september 2010 Del Skrevet 5. september 2010 Lærde at å nytte ord med "-heit"-ending ikkje var god nynorsk, då eg hadde mi tid i barne-/ungdomsskulen. Lenke til kommentar
Shikaru Skrevet 5. september 2010 Del Skrevet 5. september 2010 Eg har nett no bytta fjesboki til nynorsk. Lenke til kommentar
Hieronymus Skrevet 5. september 2010 Del Skrevet 5. september 2010 Eg har så ofseleg lyst på kaffi. Eg trur eg bryggjar meg ein kopp Nespresso. --- BalleB Lenke til kommentar
Christiαno Skrevet 5. september 2010 Del Skrevet 5. september 2010 Eg har nett no bytta fjesboki til nynorsk. Yay, då er det ikkje berre meg som nyttar fjesboki på nynorsk. Det einaste negative med det på nynorsk er at det er nokon frasar som ikkje er omsett til nynorsk enno. Til dømes kan du sjå dette på profilsiden til personar: "X is in an open relationship with Y". Men det er eigentleg ikkje noko problem for min del. Det kjem vel fleire omsetjingar etter kvart tenkjer eg. Lenke til kommentar
Kokobananas Skrevet 6. september 2010 Del Skrevet 6. september 2010 Eg har nett no bytta fjesboki til nynorsk. Yay, då er det ikkje berre meg som nyttar fjesboki på nynorsk. Det einaste negative med det på nynorsk er at det er nokon frasar som ikkje er omsett til nynorsk enno. Til dømes kan du sjå dette på profilsiden til personar: "X is in an open relationship with Y". Men det er eigentleg ikkje noko problem for min del. Det kjem vel fleire omsetjingar etter kvart tenkjer eg. Eg synest faktisk at desse manglande omsetjingane har blitt fleire enn dei var før, og eg har lurt på om det kan vere bugs. Utruleg irriterande, i alle fall... Lenke til kommentar
Pokey Skrevet 7. september 2010 Del Skrevet 7. september 2010 Sjå! Eg skrivar på samme skriftspråk som Svelemoe! Hellige dykkar så tøff eg er. (fail?) Lenke til kommentar
svelemoe Skrevet 7. september 2010 Del Skrevet 7. september 2010 (endret) Ja, litt fail. Skrivar er noko du koblar til PCen. Den sprutar blekk på ark for å lage bilete eller tekst Men ellers bra Edit: Og "heilage" dykkar er vel mest korrekt. Og du var betre før. Endret 7. september 2010 av svelemoe Lenke til kommentar
Pokey Skrevet 7. september 2010 Del Skrevet 7. september 2010 Kom akkurat på at det heite "skriv", gjekk inn i tråden for å endre men her var du. Eg var beitre til dette før. Lenke til kommentar
Laktampe Skrevet 8. september 2010 Del Skrevet 8. september 2010 "Sjå far, ballen har havna bak rektanglane, så eg kan bare sitte her og kose meg" 1 Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå